høgskulen i volda
Skal leita etter direktøren sin etterfølgjar
To saker heng tett saman på styremøtet ved Høgskulen i Volda: Skal høgskulen ha vald eller tilsett rektor? Og kva vert arbeidsoppgåvene til den nye direktøren?
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Johann Roppen kan ikkje veljast fleire gongar. Men høgskulestyret i Volda skal vedta om høgskulen framleis skal velja kven som skal vera rektor, eller om rektor skal verta tilsett, på styremøtet sitt 16. juni.
Som Khrono har skrive har styret fått ei delt innstilling frå høgskuledirektøren. Eit fleirtal av dei tilsette vil halda fram med vald leiing.
Det same tilrår sitjande rektor Roppen. I eit debattinnlegg i Khrono skriv han at han meiner at høgskulen bør halda fram med ordninga med vald rektor.
«Det er ikkje fordi det er ei perfekt ordning – det er ingen ordningar som er perfekte, heller ikkje alternativet med tilsett rektor. Men viktigare er det at vi eigentleg ikkje veit kva alternativet med tilsett rektor får for konsekvensar før lenge etter at vedtaket er gjort», skriv Roppen.
Møtet torsdag startar klokka 10.
Sak kan verta trekt
Uansett om høgskulen skal halda fram med vald leiing eller ikkje, treng dei ny direktør. Som Khrono har skrive, har høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen sagt opp stillinga si, før åremålet går ut. Ann Kristin Emblem er konstituert frå august.
Styret skal difor leita etter ny direktør, og skal i møtet torsdag drøfta utlysingstekst.
Men kva oppgåver direktøren får, er avhengig av at det framleis skal vera vald rektor. I ei ordning med tilsett rektor og ekstern styreleiar vil direktøren si rolle verta annleis.
— Dersom vedtaket vert tilsett rektor, vert saka trekt, heiter det i saksframstillinga.
Tilsetjing i november?
Dersom det no skal tilsetjast direktør, er tilrådinga styret får at ein nyttar ekstern rekrutteringshjelp. Vidare er tilrådinga at ein ikkje ramsar opp ei lang liste med oppgåver, men trekkjer fram ansvaret direktøren har for det strategiske arbeidet ved høgskulen.
Den som vert tilsett må ha brei leiarerfaring, heiter det.
Dersom stillinga vert lyst ut ganske snart, er målet å tilsetja ny høgskuledirektør i november.
Heile sakslista finn du her.

Nylige artikler
Nesten halvparten av de private fagskolene gikk i minus
Partene må bli hørt om ny finansiering av universitetsbygg
Rapport: Dårligere økonomi gir mindre forskning ved universiteter og høgskoler
Forskere krevde betalt for fagfellevurdering. Tapte i retten
Ny redaktør på plass i Khrono: — Helt fantastisk!
Mest leste artikler
Stenger ute alle søkere fra Iran, Russland, Kina og Nord-Korea
Det renner inn med KI-genererte søknader. — Som en flodbølge av KI-skvip
Student ble utestengt i to år etter tre tvilsmeldinger
Berg-Hansen og jeg
Sensitive teknologier: Slik er Norges forskningssamarbeid med «risikoland». Samarbeider mest med Kina om KI