Debatt ● Joar Sande

Klok digitalisering

Har vi tenkt i gjennom kva som er klok bruk av digitale verktøy, og har digitaliseringa no gått for langt? Spørsmålet stiller Joar Sande ved Høgskulen på Vestlandet.

Joar Sande, førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet, Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag.
Joar Sande, førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet, Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det er for tida heftige diskusjonar rundt bruk av kunstig intelligens og ChatGPT. Nokon meiner det er eit verktøy for å jukse, medan andre meiner det er eit verktøy som er like naturleg å bruke som ein lommekalkulator. Har vi tenkt i gjennom kva som er klok bruk av digitale verktøy, og har digitaliseringa no gått for langt?

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Dagens tenåringar er dei første heildigitale menneska. Dei er vaksne opp med smarttelefon og tilgang til informasjon om alt mogleg på nettet. Det er berre å google dersom du lurer på noko, og pugging er ute. Nettbrettet har komme inn i skulen, men mange pedagogar meiner at elevane må lære å skrive godt for hand, for då tileignar dei seg motoriske ferdigheiter, samstundes som dei lærer å kommunisere. Det er fint om handskrifta er forståeleg, og at ein kan skrive med ei viss hastigheit. Pugging er trening i hugse, noko som òg er nyttig.

I skulen må vi legge mykje større vekt på såkalla mjuke verdiar, «soft skills». Det gjeld alle utdanningar. Kreativitet, kunne samarbeide, kunne kommunisere, ha stå-på vilje og ikkje gi opp er nokre av dei viktige tinga. Hjå oss understrekar Kunnskapsdepartementet at elevane og studentane må lære meir om innovasjon, nyskaping og entreprenørskap. Det må til slik at vi greier å erstatte alle arbeidsplassane som vert digitaliserte og automatiserte bort. Greier du det utan å vere kreativ og ha stå-på vilje?

Google Translate og ChatGPT kan hjelpe til med å oversette dei fleste språk. Oversettingane blir betre og betre, så snart blir det perfekte setningar. Ordtak som «å ikkje selje skinnet for bjørnen er skoten», blir «not to sell the skin until the bear is shot». Enkelt og greitt, men på engelsk er dette ordtaket «don't count your chickens before they're hatched». Ordtak og dialektar er ikkje alltid like lett å få til.

Overgangen til digital radio (DAB) skulle gi oss betre dekning og auka lyttartal. Lyttartala har gått ned, og Noreg er det einaste landet som har skrudd av FM-nettet. Mange godt brukande radioar hamna på søppelfyllinga, noko som ikkje harmonerer så godt med det grøne skiftet og tanken om at ting kan reparerast og brukast om att. I krisetider, då nett og straumforsyning kan bli slått ut, hadde det kanskje vore greitt med batteriradioar og eit FM-nett.

Bilane i dag er proppfulle av elektronikk. Ved temperaturendringar får du melding frå dekksensoren om at no er det noko gale. Dekktrykket har endra seg med temperaturen. Bilføraren har ei stor dataskjerm føre seg med all mogleg informasjon, inkludert varsel for dekktrykk. Dersom du bruker mobiltelefonen under køyring vankar det kr 9700 i bot, men korleis påverkar dataskjermen trafikktryggleiken? Ein spegel kostar mange titusen å skifte, frontrute og støytfangarar like mykje. Ein bil er så full av elektronikk, at dersom noko ryk, så må du skifte heile einingar. Korleis harmonerer det med tanken om sirkulær økonomi, det at ting skal gå an å reparere? I dag bør alle ha såkalla smarthus, der elektronikken styrer og overvakar det meste. Vi har alle sett reklamen for REMA1000 om han som har stemmestyrt dørlås, og får problem då han er forkjølt. Alle duppedittane vi har krev energi til både produksjon og bruk, og inneheld metall og sjeldne mineral. I mange høve kan teknologien forenklast og gjerast meir brukarvenleg, og legge meir ansvar på brukaren. Har vi no gått frå dumme hus og smarte brukarar, til smarte hus og dumme brukarar?

All digitaliseringa krev lagringskapasitet, og då i såkalla skyer. Skya er eit datasenter som treng mykje elektrisk straum. No er energi blitt mangelvare, så vi må òg tenke oss om når det gjeld datalagring og effektiv utnytting av energi.

Dersom du skal fungere godt i ei digital verd, så må du ha kunnskap og kompetanse i botn. Dersom du skal bruke ChatGPT og kunstig intelligens effektivt, må du ha både kritisk sans og kompetanse innan det aktuelle fagområdet. Dersom vi trur at teknologi og kunstig intelligens skal løyse alt for oss, er vi på ville vegar. Tida er overmoden for å ta ein gjennomgang av kva som bør digitaliserast, og ikkje tenke at vi skal digitalisere alt som digitaliserast kan.

Powered by Labrador CMS