Debatt
Kirkebirkeland stiller gode spørsmål, men løysingane blir for enkle
Med eit meir komplekst samfunn må vi ha utdanningsinstitusjonar som kan møte denne kompleksiteten, ikkje forenkle med snevre løysingar som hindrar at utdanning er eit reelt val for alle, skriv Alme og van Wijchen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Civita-rådgivar Mats Kirkebirkeland stiller i Khrono 5. mars viktige spørsmål om utdanningspolitikken i Norge. Han peikar særleg på at vi må utdanne meir i tråd med behova i samfunnet. Det er for mange som tar høgare utdanning innan samfunnsfag og humaniora, hevdar han, og for få som utdannar seg til det samfunnet faktisk treng: lærarar og sjukepleiarar. Kirkebirkeland ynskjer eit meir effektivt utdanningssystem og foreslår å innføre ei vesentleg høgare semesteravgift som ei mogleg løysing. Vi er samde med Kirkebirkeland i at det trengst ein debatt om korleis utdanningsinstitusjonane skal møte dagens og morgondagens samfunnsbehov. Løysinga til Kirkebirkeland er likevel for snever.
I 2015 reduserte Nederland den generelle studiestøtta til høgare utdanning og introduserte behovsprøvde støtteordningar. Rapportar i ettertid viser at dette har hatt fleire negative konsekvensar, mellom anna resulterte det i redusert søkartal frå familiar med låg inntekt, og særleg til yrkesfagleg utdanning. No er det sterke politiske krefter i landet som jobbar for å gå tilbake til systemet med generell støtte til alle studentar.
Vi fryktar at ei einsidig vekt på normert tid ikkje gagnar samfunnet, men heller ekskluderer grupper frå å ta den utdanninga dei ynskjer. I rapporten til Kompetansebehovsutvalget (KBU) seier dei: «Utviklingen ser ut til å gå mot et bredere sett av kompetanser, evnen til å erverve ny kompetanse blir viktigere (..) Arbeidstakere må kunne håndtere et mer teknologisensitivt arbeids- og samfunnsliv, med store krav til omstilling og livslang læring».
I 2015 reduserte Nederland den generelle studiestøtta til høgare utdanning og introduserte behovsprøvde støtteordningar. Rapportar i ettertid viser at dette har hatt fleire negative konsekvensar
Nordheim og van Wijchen
Med eit meir komplekst samfunn må vi ha utdanningsinstitusjonar som kan møte denne kompleksiteten og sikre at utdanning er eit reelt val for alle. Dette krev breidd og oppdatering i fag som blir undervist, i organisering av utdanninga og i dei tilboda som blir gitt. Eit viktig grep er å opne meir opp for å ta enkeltfag slik at ein kan bygge kompetanse etter behov.
KBU-utvalet peikar altså på tydelege endringar i kompetansebehov og behov for livslang læring. Kirkebirkeland fryktar «mastersjuke» i Noreg, at for mange er for høgt utdanna. Utdanning har ein verdi i seg sjølv, sjølv om ikkje all kompetanse lar seg måle med dei indikatorane vi brukar. Med auka kompetansebehov ser vi at fleire utdanningar blir lengre og meir innhaldsrike. Teknologiske og medisinske framsteg og demografiske endringar fører til at vi har behov for endra kompetanse innan dei aller fleste fag.
Det er likevel ikkje sikkert løysinga kun er å gjere utdanningane lengre. Eit betre vidare- og etterutdanningssystem som tillegg, er eit godt alternativ. Samtidig er det viktig å merke seg at mange allereie tar mastergrad etter fleire år i arbeidslivet, og då gjerne på tema og problemstillingar som er direkte knytt til sin arbeidssituasjon. Som Nina Waaler frå OsloMet kommenterer i sin kronikk den 11. mars, er etterspurnaden etter mastergrad høgare i dag enn tidlegare.
Regjeringa jobbar med å heve statusen på høgare yrkesfagleg utdanning, men vi har ikkje sett effektane av dette enno. Dersom vi ynskjer at fleire skal bli sjukepleiarar og halde fram i denne jobben, må det gjerast noko med løn og arbeidsforhold. Ei viktig årsak til at Noreg manglar sjukepleiarar er at mange forlet jobben etter få år.
Vi må sikre at vi har kompetanse og kapasitet til å møte kompleksiteten i dagens samfunn og ikkje minst til å bruke dei menneskelege ressursane vi har tilgjengeleg på ein fornuftig måte.
Eit tett samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar, arbeidsliv og politiske organ er nødvendig for å sikre relevans og justere tilfang av nye kandidatar. Mange utdanningar har eit godt og nært samarbeid med arbeidslivet, men når det framleis er sektorar som manglar arbeidskraft, bør det bli endå betre.
Fleire utdanningar er ikkje like direkte yrkesretta slik som profesjonsutdanningane, men samfunnet har stort behov for kompetansen også frå desse utdanningane. Vi kan heilt sikkert tenke nytt rundt dei utdanningane vi tilbyr – og som KBU-rapporten slår fast, er livslang læring essensielt. Dette kan vere med på å auke tilpassinga til arbeidslivet ved at meir av utdanninga skjer i arbeidssituasjonen. Skal vi få dette til, må vi ha ei omlegging av systemet for vidareutdanning, eit opnare utdanningstilbod og ein diskusjon rundt kven som skal finansiere dette.
Studielånsordninga, som Noreg har hatt i fleire tiår, utgjer eit godt utgangspunkt for å demme opp for sosioøkonomiske skilnader. Vi må vakte oss vel for å ikkje bryte ned dette. Vi må fortsette arbeidet med å lage system som sikrar inkludering også av dei som har behov for lengre studietid, for ekstra tilrettelegging og dei som ynskjer og har behov for kompetanseauke utan å ta ei mangeårig gradsutdanning.
Som samfunn har vi behov for den kompetansen og dei ressursane desse personane sit med, og vi har behov for at alle får brukt eigne ressursar på best mogeleg måte. Det betyr ikkje at alle må ta utdanning, men det betyr at alle skal ha ei reell moglegheit til å velje å ta utdanning.
Vi må tenke breidde og fleksibilitet, framfor innsnevring, slik at vi er skodd for å møte kommande samfunnsutfordringar. Noreg har eit godt utgangpunkt for utvikle eit utdanningssystem tilpassa dagens og morgondagens samfunn. La oss ikkje bryte dette ned med snevre og kortsiktige løysingar der kroner og studiepoeng er viktigaste mål.
Nyeste artikler
En akademisk julefortelling
Hun fikk samme jobb tre ganger. Nå er hun klar for nye oppgaver
Fortelling er beredskap
Norge publiserer tredje mest i forhold til folketallet
Stort tematisk mangfold i romjulsfilmene
Mest lest
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
KI-generert lærebok skaper bølger. — Helt absurd