Debatt ● Lars Magne Lundheim

Inspirert av KI?

Tenk det: No kan eit menneske «inspirera» ein maskin.

Portrett av professor Lars Lundheim
Eg ser ikkje bort ifrå at til og med ein maskingenerert tekst kan vera til inspirasjon, skriv forfattarem. — Men me er komne eit hakk lenger. No er det maskina som skal inspirerast av oss.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Mange vil hugsa ei hending som skapte overskrifter for sju år sidan. Det var då kronprins Mohammed bin Salman av Saudi-Arabia fekk merksemd ved å gje roboten «Sophia» statsborgarskap. Dei fleste trekte på skuldrene av gimmicken, men det alvorlege var at den flåsete handlinga viser kor svakt rettssamfunnet står på den arabiske halvøya. 

I mellomtida har me fått «kunstige intelligensar», som i større og større grad imiterer menneskeleg åtferd. Heldigvis er det framleis få som vil likestilla desse programma og maskinene med vesena dei er programmert til å etterlikna, i alle fall ikkje i vår del av verda. 

Eller? I Khrono las eg eit innlegg denne veka. Øvst på sida står det å lesa: «Denne teksten er et debatt­innlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.» Og kven er forfattaren? Eg les: «Skrevet av ChatGPT 4.0» 

Og sjølve innlegget er forma som eit svar på ei ytring av Tone Liodden ved OsloMet der ho peikar på problematiske sider ved forskarars bruk av maskingenerert tekst. 

Me er no i ein situasjon der eit seriøst organ i Noreg framstiller det som at ein «kunstig intelligens» har «[sin] egen mening». Og uttrykket for dette dataprogrammet si påståtte meining vert presentert på like line med ytringar som er uttrykk for menneskelege tankar, menneskelege meiningar. Kven ville trudd det for sju år sidan? 

For ikkje å verta sett i bås med den arabiske kronprinsen, vil kanskje redaksjonen dekka seg bak at innlegget er «Inspirert, kontrollert og godkjent av Atle G. Guttormsen, NMBU,» som det står ved avbildinga av inspiratoren, litt til høgre for krediteringa av «forfattaren». 

Tenk det: No kan eit menneske «inspirera» ein maskin. 

Ordet inspirere uttrykkjer noko djupt menneskeleg. Det peikar på det som skjer når nokon, gjennom ord eller handling, deler tankar, verdiar og engasjement og soleis tenner ein gneist i andre. Og, lyt det seiast, eg kan i tillegg verta inspirert av eit tilfeldig munnhell, eit kremt frå ei kråke eller av regndropar som leikar i ein søylepytt. Ja, eg ser ikkje bort ifrå at til og med ein maskingenerert tekst kan vera til inspirasjon i visse tilfelle. 

Men me er komne eit hakk lenger. No er det maskina som skal inspirerast av oss. 

Er det òg Guttormsen som har inspirert ChatGPTs enkle hersketeknikkar, tru?

Lars Magne Lundheim

Er det òg Guttormsen som har inspirert ChatGPTs enkle hersketeknikkar, tru? Den eine finn me i formuleringa «Vi må omfavne KI som et verktøy for å forbedre forskningen, ikke frykte det». Slik insinuerer teksten at me som uttrykkjer skepsis, gjer det ut frå frykt heller enn rasjonalitet. Den andre hersketeknikken er den slitne og tomme talemåten «å gå baklengs inn i fremtiden.» Det er eit grep som alltid vert brukt når nokon vågar kritisera nye vedundermiddel, anten det gjeld DDT eller lobotomi. 

No kan ein replisera at det var Liodden sjølv som fyrst brukte uttrykket i det opphavelege innlegget. Til det er å seia at ho brukte det sjølvironisk. Og sjølvironi er noko ChatGPT aldri kan prestera — i maskina er der nemleg ikkje nokon «sjølv». Heller ingen tanke, inga meining, ingen verdiar eller engasjement. Der er ingen gneist å tenna, og slett ingen å «inspirera».

Merknad: Fredag ble det gjort en endring i innlegget til Atle Guttormsen, og boksen hvor det kommer frem at innlegget «står for forfatterenes egen mening» ble fjernet. Det ble også presisert i endringsloggen at å føre opp ChatGPT som «hovedforfatter» på våre debattsider er en engangsforeteelse og gjort for å illustrere debatten og utfordringene ved bruk av KI.

Se også redaktørens kommentr i kommentarfeltet. (Red.)

Powered by Labrador CMS