Debatt ● Kjetil Tvedt
Ingen har vondt av praktisk kunnskap, ikkje ein gong sivilingeniørar
Dagens opptaksordning er sløsing med ressursar og lærelyst, og bidrar til mangel på kompetent arbeidskraft i Noreg, meiner Kjetil Tvedt i Norsk Industri.

Rundt 50 000 elevar årleg treng å forbetre sine resultat frå 13 år med teoretisk grunnskuleutdanning. Ifølgje SSB forlèt heile 45 prosent av eit kull på 35 000 studentar gradsutdanninga dei starta på (bachelor-, master- og profesjonsstudium). Med slike tal må det vere lov til å stille spørsmål ved fagleg grunnlag hos studenten, rådgivinga som blir gitt og innhaldet i utdanningane desse går på, og det trengst nytenking.
Norsk Industri har tatt til orde for å teste ut ei ordning der fagskulane kan tilby praktisk undervisning for elevar som treng å forbetre karakterar frå vidaregåande, og som i dag bruker tid og krefter på nitid repetisjon av vidaregåande pensum. Målet er at ein i staden lære noko nytt og nyttig på ein ny måte og på eit nytt nivå (fagskule), og samstundes kunne bruke resultatet som grunnlag for å søke opptak til, og få avkorting av, «høgare utdanning» (om det er lov til å seie). Lise Lyngsnes Randaberg, Professor ved NTNU og konstituert leder av Akademikerne, er redd for at eit slikt tilbod vil undergrave både fagskule og universitet.
No har eg har aldri høyrt om ein nyutdanna sivilingeniør som slit med for mykje praktisk erfaring, men fleire historiar om det motsette
Kjetil Tvedt
No har eg har aldri høyrt om ein nyutdanna sivilingeniør som slit med for mykje praktisk erfaring, men fleire historier om det motsette. Professor Lyngsnes Randeberg sitt eige NTNU, har krav om seks veker med relevant arbeidslivserfaring for å ta ein mastergrad på fem år. Ved andre universitet er krava endå mindre. NIFU si Kandidatundersøking finn at praksis frå studia bidrar til at studentane får meir relevant jobb (s. 13), og dei nyutdanna sivilingeniørar vurderte «samarbeidsevner», «munnleg kommunikasjon» og «egen erfaring med forsking og utviklingsarbeid» som dei tre læremåla utdanninga var svakast på (s. 43).
Akademikerne presenter ingen eigne forslag til endring på dagens opptaksordning. Men dagens ordning er sløsing med ressursar og lærelyst, og bidrar til mangel på kompetent arbeidskraft i Noreg. Industrien er avhengig av omstilling, også i utdanningssystemet.
Nyeste artikler
Beredt til å gå i fengsel om de taper kampen
UiS-styret bør ikke stemme over ECIU-saken nå
Universitetet som velferdskontor
Slik ble han spion på UiT
Ber om fortsatt forvaring av student: — Det er en gjentakelsesfare
Mest lest
Har lagt inn varsel på egen 60-årsdag: «Husk å pensjonere deg tidlig!»
Norsk stiftelse evakuerte en av sine Harvard-studenter i natt. Landet i Oslo fredag
Student krevde pengene tilbake etter at hun tok professoren på fersken
Rektor forsvarer Glenn Diesen. — Har rett til å formidle sine meninger
Farvel til hjemmeeksamen