Er det ein anakronisme, denne forma for disiplinær reaksjon, straff utan domstol i akademia og staten? Illustrasjon: Øivind Hovland

Ris til professorens rumpe

Straff i akademia. Ein gong kunne uregjerlege professorar gjere som dei ville. No kan ein hundre år gammal straffemetode igjen bli tatt i bruk. Denne gongen av eit universitetsstyre.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Leiar for Noregs største juridiske fagmiljø, Atle Sønsteli Johansen, smakar på ordet.

Ordensstraff.

Ein skal ikkje smake lenge før dei indre bilda melder seg. Bjørkeris og skammekrokar, lærarar med harde linjalar, klare til å gi ein smekk over fingrane.

Hemninga mot å tukte er svekka.

Fredrik W. Thue

— Det kling gammalmodig, ordet straff i kombinasjon med orden. Straff er jo noko vi normalt reserverer til politi og rettsvesen, seier LO-advokaten.

Er det ein anakronisme, denne forma for disiplinær reaksjon, straff utan domstol?

Både og.

Hundre og eitt år etter at ordet ordensstraff først kom i bruk i den første lova for statstilsette, har landets største universitet NTNU signalisert at dei kan komme til å ta ordensstraff i bruk.

Historia

På NTNUs siste universitetsstyremøte vart det konfliktplaga Institutt for historiske studier lagt direkte under rektors administrasjon, inntil vidare. Ein eller fleire medarbeidarar skal alt ha mottatt førehandsvarsel om disiplinære tiltak retta mot dei.

Frå før er omplasseringa av den tidlegare leiaren i Forskerforbundet, Kristian Steinnes mykje omtalt.

No tyder tonen på hardare tak.

Det kan bety oppseiing av medarbeidarar, eller det endå meir dramatisk – avskjed. Berre fem gonger har professorar i Noreg blitt sparka frå stillingane sine, alle i nyare tid.

Mest kjent er truleg Langeland-saka, som munna ut i avskjed for historieprofessoren Nils Rune Langeland. I 2009 fekk Arnved Nedkvitne, også han historieprofessor, avskjed, frå stillinga si etter konflikt med instituttleiinga ved Universitetet i Oslo. Det var første gong ein professor ved Universitetet i Oslo hadde fått sparken sidan universitetet vart grunnlagt i 1811.

Ein av sablane NTNU-leiinga no raslar med, er ordensstraff. Får du den, mister du jobben og løna, men får lov til å arbeide ein annan stad på universitetet. Er du professor, kan du miste professoratet. Er du førsteamanuensis, kan du fort bli ein slags sisteamanuensis, med lønsnedrykk.

Ifølgje Statens personalhandbok vil «tap av ansiennitet i utgangspunktet være varig». Men som det står, det må «antakelig» vere anledning til å tidsavgrense tapet.

For å fortene straffa må du ha gjort deg skulding i «overtredelse av tjenesteplikter eller unnlatelse av å oppfylle tjenesteplikter» og «utilbørlig adferd i eller utenfor tjenesten», ifølgje paragraf 35 i statsansatteloven.

Ting kan tyde på at det er først no strukturen og kulturen på universitet og høgskular ligg til rette for meir bruk av straffereaksjonar.

Dilemmaet

— Ordensstraff høyrest ut som noko som skal oppretthalde ein disiplin i systemet. Universitetstilsette, og særleg professorar, har tradisjonelt ikkje blitt utsette for den slags tukt. Men hemninga mot å tukte er svekt, seier professor og universitetshistorikar på OsloMet, Fredrik W. Thue.

Fenomenet ordensstraff, må han innrømme, har ein obskur plass i hans arbeid. Det er ikkje akkurat ein gjengangar i universitetshistoria. Han kjenner til såkalla relegering av studentar, det vil seie utvising. Det hende med ein del nazi-sympatisørar etter 2. verdskrigen. I farten hugsar han eit meir kuriøst tilfelle, der ein student vart relegert for å ha «forulempet en neger».

— Overgangen frå kollegialt sjølvstyre til eit slags bedriftsdemokrati på 1970-talet verka undergravande, og det oppstod ein reaksjon med rop etter leiing. Dette leiarbegjæret har prega universiteta gjennom 1980- og -90-talet, seier historikar Fredrik Thue ved OsloMet. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Uavhengig av Langeland, Nedkvitne og gordiske arbeidsmiljøknutar på NTNU ser Thue eit svulmande dilemma:

— Ideen om at ein ikkje kunne tukte ein professor hadde samanheng med at ein ikkje skulle true universitetets sjølvstyre. I dag har arbeidsmiljøkrav endra dette, og meir allment blir universitetstilsette sett på som meir alminnelege funksjonærar.

Det høyrer her med til historia at professorane lenge hadde ein nær heilag status i det akademiske universet. Det galdt i tjenestemannsloven fram til 1970-talet, og i realiteten heilt fram til universitetslova kom i 1989. Professorar som er utnemnde etter 1. januar 1990 er ikkje embetsmenn, slik det var før, men går inn under same reglar som andre statstilsette.

Fakta

Ordensstraff

Ordensstraff er former for disiplinærstraff for statstilsette og embetsmenn.

Føresenger om ordensstraf står i statsansatteloven av 16. juni 2017, paragraf 25. Dei gjeld alle statstilsette og embetsmenn utanom dommarar og statstilsette som ved lov er underlagt anna displinærmyndigheit.

Ordensstraff kan påleggast dersom ein forsømmer eller ikkje oppfyller sine tenesteplikter. Ordensstraff kan også påleggast for utilbørleg åtferd i eller utanfor tenesta.

Ordensstraff kan bestå i tap av ansiennitet. Ordensstraff for embetsmenn kan dessutan bestå i skriftleg irettesetjing, medan ordensstraff for andre statstilsette også kan vere varig eller midlertidig omplassering til anna stilling.

Alminneleg tilrettevisning i tenesta (skriftleg eller munnleg) er ikkje ordenstraff.

Det finst også nokre få tilfelle omtalt som ordensstraff i akademia, etter det Khrono har oversikt over. Men då har det vore tale om skriftleg irettesetjing etter den gamle tjenestmannsloven, ikkje ansienntitetstap.

Kjelde: snl.no

Før den tid var det eit skarpt skilje mellom «vitskapelige tjenestemenn», som lektorar, amanuensar og konservatorar – og førsteamanuensar. Dei var underlagt professorane, embetsmennene som ikkje kunne avsetjast.

Med dei gamle styringsformene var arbeidsmiljøproblem og konfliktar kort og godt ei intern affære.

Ytringa

Thue trur det ligg ein fare i at det blir stadig trongare for dei sære og sosialt inkompetente – ikkje ukjente eigenskapar hos både det eine og andre geniet.

— Eg trur aksepten for at du kan oppføre deg sosialt eksentrisk er på retur. Når det er sagt, er det klart at ikkje alle typar eksentrisk åtferd i akademia er like verneverdige, seier Thue.

Historieprofessor ved Universitetet i Oslo, John Peter Collet, var inne på det same i samband med Langeland-saka.

— Det som er interessant å sjå på etter mitt syn, er kva signal dommen sender tilbake til universitetssystemet. På eit universitet treng vi kreative menneske, menneske som tør å tenke utanfor «boksen» og som kanskje ikkje heilt veit korleis ein oppfører seg i alle samanhengar, sa Collett til Khrono den gongen.

Har ein eit dårleg arbeidsmiljø, då tar ein grep, alternativt får ein ta saka i retten. Men som eit tilleggsmoment å skulle ta folk ned i løn og ansiennitet – hallo?

Magne Lerø

Før kunne dysfunksjonelle miljø hangle i det uendelege utan at noko blei gjort. Samstundes garanterte det gamle systemet for akademisk fridom, meiner Fredrik Thue.

— No er dette blitt saker for fagforeiningar, og med det er universiteta blitt meir som andre institusjonar. Overgangen frå kollegialt sjølvstyre til eit slags bedriftsdemokrati på 1970-talet verka undergravande, og det oppstod ein reaksjon med rop etter leiing. Dette leiarbegjæret har prega universiteta gjennom 1980- og -90-talet. No har du ein situasjon der det er forventa at leiinga ved universiteta ryddar opp. Det er ein god ting at ein ryddar opp, seier Thue og spar seg inn til kjernen:

I akademia står vurderingane i desse ryddeaksjonane i fare for å kompromittere fundamentet for heile universitetet – den akademiske fridomen.

— Når det gjeld NTNU blir det interessant å sjå korleis ein skil sterke meiningsytringar frå det som kan sjåast på som brot med arbeidsmiljønormer og trakassering. Det er ikkje lett å trekke skiljelina mellom trakassering og ytring.

Og det er altså leiarane, rektorar, direktørar, instituttleiarar og juristane deira som skal vurdere kva som kvalifiserer.

Så kva seier dei som har greie på leiarskap?

Mellomløysinga

— Det har vore ei endring i synet på leiing i akademia. Det kan tenkast at ein i større grad har fått leiarar som er villige til å følgje opp og ta i bruk verkemidla som er tilgjengelege, på godt og vondt, seier Alexander Næss Skjønberg, ekspert på arbeidsrett og førsteamanuensis på BI.

I privat sektor, der han stort sett ferdast, eksisterer ikkje ordensstraff. Der er det eventuelt oppseiing eller avskjed som er aktuelt dersom du ikkje rettar deg etter åtvaringar.

— I det private har du også styringsretten, og du kan endre arbeidsoppgåver innanfor visse rammer, gi åtvaringar. Dersom åtvaringane, eller dei meir formelle tilrettevisningane ikkje blir følgde opp, kan det vere grunnlag for å seie opp ein medarbeidar, seier BI-amanuensen.

Han funderer litt fram og tilbake på telefonen.

— Det er ikkje gitt at det trengst ei mellomløysing mellom åtvaringar og oppseiing eller avskjed i staten, slik ordensstraff er. På den andre sida kan det kanskje gi ein viss preventiv effekt. Dessutan gir det eit visst vern for arbeidstakar, sidan ordensstraff må gjerast etter vedtak i forvaltningslova og i samsvar med statsansattelovens reglar. Det utløyser rettar og krav til saksbehandling og tilgang til å klage på vedtaket,

I ordboka er for øvrig bokmålsordet tilrettevisning forklart som «ydmykende», som «å gi noen en dukkert».

Men det blir mest teori og spekulasjon. Heller ikkje Skjønberg har vore borti tilfelle av ordensstraff før.

Bibelen

Magne Lerø er redaktør i Dagens Perspektiv, som rettar seg mot leiarar, politikarar og arbeidsliv generelt. Han har omtalt sin del av arbeidsmiljøkonfliktar.

Når han får tenkt seg om, føler han det er noko kjent med dette med ordensstraff.

Dess fleire verkemiddel arbeidsgivaren har, dess større sjanse har arbeidstakaren til å korrigere si framferd, og dermed halde på arbeidet sitt.

Guro Elisabeth Lind

— I Forsvaret finst det eigne regelverk, der kan ein bli degradert. I det militære toler ein ikkje avvik og brot på lydnaden. Der har denne typen reaksjon ein gyldig plass. Men det verkar jo rart at ein skal bruke slikt i akademia, ja, i arbeidslivet, seier Lerø.

Lerø er ikkje berre redaktør og forstår seg på leiarskap. Han har også teologisk embetseksamen og har vore prest. Det er sterke bibelske konnotasjonar ute og går. Ikkje minst i det gamle testamentet.

— Men i dag høyrer legitim straff heime i rettslege prosessar i uavhengige domstolar. At arbeidsgivar skal ha rett til å straffe, er ein forelda tanke. Heller ikkje foreldre har rett til å straffe, slår redaktøren – og teologen – fast.

Men kva skal ein då gjere med professorane som ikkje oppfører seg?

— Eg synest ein bør fylle styringsretten til arbeidsgivar med innhald og i større grad bruke den i offentleg sektor – i staden for millionar på konsulentar for å løyse saka. I næringslivet går ting mykje raskare. Har ein eit dårleg arbeidsmiljø, då tar ein grep, alternativt får ein ta saka i retten. Men som eit tilleggsmoment å skulle ta folk ned i løn og ansiennitet – hallo?

Lerø er kjent med konflikten på NTNU, eit eksempel på noko som naturlegvis burde ha vore løyst mykje raskare. Men det er også viktig å ta seg nok tid.

— Du har jo ei sak i Volda, der har ein ikkje gjort skikkeleg arbeid og gjennomført ein skikkeleg prosess, seier Lerø og tenker på omplassering av dekan Audhild G. Rotevatn i på Høgskulen i Volda.

— Nei, eg trur ikkje på mellomløysingar, konkluderer Lerø. — Arbeidsgivar må ha rett til å sørge for at jobben blir gjort, ha vide fullmakter til det, men straffe? Nei!

Skepsisen

Sjefsjuristen i LO, universitetshistorikaren på OsloMet, arbeidsrettseksperten på BI og den teologisk skulerte redaktøren er ikkje dei einaste som kjenner seg ein smule framandgjorde i møte med orden og straff.

I 2004 ønskte regjeringa til Kjell Magne Bondevik å fjerne ordensstraffa i sitt arbeid med å revidere tjenestemannsloven. Året etter fullførte Stoltenberg. I odelstingsproposisjon 67 (2004-2005) slår Moderniseringsdepartementet eit slag for å fjerne heile ordninga. Bakgrunnen er mellom anna at «ordensstraff oppfattes som en gammeldags reaksjon» og det «vil neppe tjene noe reelt formål ved siden av oppsigelse og avskjed, når arbeidsgiver kan benytte seg av adgangen til forutgående varsel».

På ein eller annan slags måte har paragrafen likevel kilt seg fast.

I 2004 argumenterte Justisdepartementet og Politidirektoratet for at i alle fall dei måtte få behalde ordensstraff, dei var i «en spesiell situasjon» og «politi og lensmannsetaten og kriminalomsorgen benytter seg av adgangen til å ilegge ordensstraff jevnlig», som det sto i høyringssvaret.

Men også Utdannings- og forskingsdepartementet vil halde på ordensstraffa – og fagforeiningane Forskerforbundet og NTL (Norsk tenestemannslag).

I 2017 vart lova på ny endra, og nok ein gong var regjeringa skeptisk, i alle fall til omgrepet ordensstraff. Departementet ønskte eigentleg å feie heile konseptet bort, meinte det fekk halde med særskilt alvorlege skriftlege åtvaringar.

— Det er viktig at lover og reglar som gjeld for tilsette i staten er tilpassa tida vi lever i, sa kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i pressemeldinga frå departementet.

Igjen gjekk både Forskerforbundet og NTL imot.

Reaksjonstrappa

— Vi meiner det det er viktig at arbeidsgivar kan ta mildare reaksjonar enn oppseiing og avskjed i bruk i dei tilfella ein arbeidstakar har forsømt seg, seier leiar i Forskerforbundet, Guro Elisabeth Lind.

Ho er nøye med å understreke at ho ikkje uttalar seg om konflikten på NTNU, men generelt og prinsipielt om ordensstraff i lova.

— Dei fleste vil oppfatte det som ein mildare reaksjon enn å miste jobben. Dess fleire verkemiddel arbeidsgivaren har, dess større sjanse har arbeidstakaren til å korrigere si framferd, og dermed halde på arbeidet sitt. Dette er bakgrunnen for at Forskerforbundet gjekk inn for å halde på ordensstraffa då tjenestemannsloven blei foreslått erstatta med ny lov om statsansatte, seier Lind.

Ordensstraff har en viktig plass i reaksjonstrappen.

Kjersti Barsok

«Vi har ingen kommentar til konkrete saker ved NTNU eller andre steder», skriv leiar i NTL, Kjersti Barsok, som svarar Khrono på e-post.

Prinsipielt er NTL «opptatt av å opprettholde ordenstraff fordi det er mindre inngripende enn f.eks. oppsigelse (…) For noen grupper, for eksempel med veldig fagspesifikk utdanning, vil oppsigelse være ekstra belastende, og i realiteten bety et yrkesforbud. En grunn til at vi har ønsket å bevare ordningen med ordensstraff er at uten denne muligheten kan den nedre grensen for når en statsansatt kan sies opp på grunn av kritikkverdige forhold, senkes. Ordensstraff har en viktig plass i reaksjonstrappen (…)

Innhentinga

— Eg ser ikkje bort ifrå at enkelte arbeidstakargrupper ser seg tente med at ordensstraffa finst, som eit alternativ til oppseiing eller avskjed. Ordensstraff stiller jo også strenge krav til saksbehandling, sidan det etter forvaltningslova er eit enkeltvedtak, og dermed utløyser rett til anke, seier LO-advokaten, Johansen.

Sett bort den gammalmodige, og for nokon truleg bitre, smaken av ordet ordensstraff – finst det nokon fallgruver?

— Det er ein sanksjon som bør reserverast til dei meir alvorlege tilfella. Ein bør ikkje bruke ordensstraff med mindre det er snakk om alvorlege tilfelle med klare overtramp.

Men som sagt, også for LO-advokaten er ordensstraff ei perifer reaksjonsform han knapt har erfaring med.

Tendensen er elles klar i den nyare soga:

Styresmaktene vil fjerne ordensstraff frå lovverket fordi ho er utdatert. Fagforeiningane vil halde på ordensstraff fordi det kan gi arbeidstakarar på skråplanet ein ekstra sjanse til å hente seg inn.

Anne Borg, konstituert rektor på NTNU, har vanskelege avgjersler å ta som øvste leiar på universitetet. Her er ho på det forrige styremøtet på NTNU, i september 2019. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Kva, eventuelt kven, som blir henta inn eller ut i konflikten på NTNU som fagforbundsleiarane ikkje vil kommentere, kan bli klart i løpet av kort tid.

Plederinga

Det einstemmige NTNU-styret skal vere klare til å utøve sine disiplinære tiltak mot tilsette på det stormfulle instituttet på sitt neste styremøte 31. oktober.

— Vi vurderer fleire, har organisasjonsdirektør Ida Munkeby sagt til Khrono.

Ein av professorane som tidlegare vart tilsett på historieinstituttet formulerer seg i litt andre valørar:

«Jeg plederer for at universitetsledelsen nu i ellevte time lar være med å overdramatisere situasjonen og omsider finner en fornuftig løsning», doserer emeritus Per Hærnes i eitt av innlegga som har hagla inn kring krigen om Institutt for historiske studier på NTNU.

«Fornuftig løsning» er truleg noko alle er samde om er eit gode. Tendensen er at ordensstraff i praksis ikkje er ein del av løysinga i universitets- og høgskuleverda.

Enn så lenge.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS