Debatt torbjørn ryssevik og anders folkestad

Hurdals­plattforma er blank på studieføre­buande utdanning

Den vidaregåande skulen har i meir enn hundre år kvalifisert ungdom for studium ved universitet og høgskular. Denne rolla bør ikkje bli svekka.

Hurdalsplattforma burde prioritere å styrke kompetansen til elevar som skal studere ved universitet eller høgskule etter vidaregåande skule, meiner innleggsforfattarane.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Meir enn halvparten av ungdomskulla vel studieførbuande utdannings- program i vidaregåande skule. Storparten av desse førebur seg dermed til studium ved universitet og høgskular. Dessverre er Hurdalsplattforma så godt som blank når det gjeld den studieførebuande delen av utdanninga.

Dermed vidarefører plattforma ein tendens vi har sett gjennom mange år. Dei teoretiske studieretningane, særleg den studiespesialiserande, har i årevis vore så godt som neglisjerte i den utdanningspolitiske debatten. Det kan enten skuldast manglande interesse, eller ei tru på at det meste står godt til. Det siste stemmer i alle fall ikkje.

Dessverre er Hurdalsplattforma så godt som blank når det gjeld den studieførebuande delen av utdanninga.

Ryssevik og Folkestad

Elevane, og dei framtidige studentane, fortener betre. Vi får håpe at dei to statsrådane i Kunnskapsdepartementet tar mål av seg til å fylle tomrommet i regjeringserklæringa. I tillegg må universiteta revitalisere rolla som lektorutdannarar for den vidaregåande skulen.

Eit offentleg utval (Lied-utvalet) leverte i 2018 og 2019 to grundige innstillingar som avdekte fleire uheldige utviklingstrekk i vidaregåande opplæring, ikkje minst innan desse studieretningane. Utvalet peika også på at samspelet mellom universiteta og dei studieførebuande retningane var for dårleg.

Vi vil her trekke fram to område, der det er behov for meir kraftfull innsats, både frå politisk og fagleg hald.

[Lektorkompetanse]. Lied-utvalet viser at lærarkompetansen varierer mykje frå fylke til fylke og frå skule til skule. Hovudtrenden er at kompetansenivået er fallande. For ikkje lenge sidan dominerte hovudfagslektorane i dei studieførebuande retningane. Slik er det ikkje lenger. Hovudfaget er avskaffa og erstatta med ei kortare masterutdanning.

Ei oversikt frå SSB i 2018/19 viste at berre 40 prosent av dei som underviser i programfag i studieførebuande program, og knapt 50 prosent av dei som underviser i fellesfaga, har lang høgare utdanning. Dagens krav er 60 studiepoeng i undervisningsfag og 240 studiepoeng samla. Endå verre er det at mellom 10 og 20 prosent av dei som underviser i fellesfag og programfag i studieførebuande program, har mindre enn 60 studiepoeng i faget!

Nokut er i gang med ei evaluering av lektorutdanningane, og har allereie konkludert med at fagkompetansen er god. Men er kompetansen god nok? Etter vårt syn er det på tide å reise spørsmål om 60 studiepoeng er nok til å undervise i fag med stor fordjuping. Dagens læreplanar er svært opne. Faglege vurderingar, val av lærestoff og metode er overlate til læraren sitt skjønn.

Kompetansekrava for grunnskulen er styrkte, og masterutdanning blir etter kvart normalen. No må vidaregåande stå for tur. Krava til undervisningskompetanse i dei studieførebuande utdanningsprogramma må styrkast. Kompetansefallet har skjedd utan at det har vekt særleg interesse frå politisk hald

Det er også god grunn til å rette søkelyset mot universiteta. I fleire tiår fungerte dei som lektorskular og forsynte gymnaset med godt kvalifisert arbeidskraft. I aukande grad ser det ut til at universiteta har prioritert den fem-årige masterlæraren.

Det kan vere forståeleg i lys av dei politiske føringane, der tempo og «gjennomstrøyming» ha vore overordna det meste. Men det seksårige løpet med disiplinfag og påfølgjande PPU finst framleis. Med det som utgangspunkt må universiteta ta tilbake rolla som garantist for ei fornya og forsterka lektorutdanning.

[Studiekompetanse og samarbeid]. Hovudoppgåva til den studiespesialiserande utdanninga er, i tillegg til å gi allmenndanning, å kvalifisere og dyktiggjere elevane for studium på universitet og høgskular.

Rapportar frå utdanningsinstitusjonane peikar på at studentane har for svak fagleg bagasje på fleire område. Det gjeld mellom anna lese- og skrivekompetanse. Dei har også for lite trening i å arbeide sjølvstendig.

Eit teikn på at universiteta og høgskulane ikkje fullt ut stolar på at vidaregåande skule førebur elevane godt nok til akademiske studium, er at institusjonane stiller i aukande grad spesielle opptakskrav. Meir enn ein tredjedel av alle studentar møter slike spesielle opptakskrav.

Sjølv om det er fleire vegar til studiekompetanse, må ordninga med generell studiekompetanse vidareførast. Program for studiespesialisering må sette standarden. Mykje talar for at krava må skjerpast. Den vidaregåande skulen må i større grad vere bevisst si studieførebuande rolle og innrette undervisning og arbeidsmåtar etter det. Det krev også at skulane har god nok lærarkompetanse.

Lied-utvalet foreslo at det skal opprettast eit nasjonalt fagråd for studieførebuande utdanningsprogram og høgare utdanning. I den påfølgjande stortingsmeldinga, Fullføringsreforma blei forslaget om eit slikt råd vidareført, om enn med litt svakare mandat.

Her må dei to nye statsrådane handle raskt og effektivt og få etablert eit aktivt råd. Slik kan eit fagleg samarbeid revitaliserast til beste for alle partar. Eit godt samarbeid vil kunne legge realistiske forventningar til kva for fagleg nivå som må til for å gjere elevane og studentane klare for lange studium.

Den vidaregåande skulen har i meir enn hundre år kvalifisert ungdom for studium ved universitet og høgskular. Verken kunnskapssamfunnet eller ungdommane er tente med at denne rolla blir svekt.

Les også:

Les flere debattinnlegg på Khronos debattside

Powered by Labrador CMS