Universitetsnamn

Høgskulen på Vestlandet går for dette universitetsnamnet

Neste veke skal styret ved Høgskulen på Vestlandet vedta kva som skal bli namnet på det komande universitetet. Språkrådet støttar forslaget deira.

Høgskulen på Vestlandet, her representert ved studiestaden på Kronstad i Bergen, blir truleg til Universitetet på Vestlandet ein gong i framtida.
Publisert Oppdatert

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har som mål å senda universitetssøknaden sin til Nokut i løpet av 2023.

Etter ein grundig prosess har styret no kome fram til eit namn som etter alt å døma blir vedteke på det komande styremøte onsdag 27. april.

Det føreslegne namnet er Universitetet på Vestlandet.

— Ei arbeidsgruppe har gjennomført ein brei namneprosess med mandat i frå høgskulestyret. Undervegs har ein involvert både interne og eksterne, samt Språkrådet. Tilbakemeldingane viser med tydelegheit at det er Universitetet på Vestlandet som er det namnet som har fått klart breiast oppslutnad og er føretrekt, står det i sakspapira til styremøtet.

Fekk 131 innspel

HVL bad i haust om namneinnspel frå både tilsette, studentar og andre med tilknyting til høgskulen.

Totalt kom det inn 131 innspel, og blant forslaga fann ein både tradisjonelle norske namn, men også namn av meir internasjonal karakter, som til dømes United Western University og VestlaMet.

Til saman blei 20 ulike namn føreslått, og blant desse blei fire plukka ut og karakterisert som høgaktuelle, deriblant namnet som no skal vedtakast på styremøte, nemleg Universitetet på Vestlandet.

— Grammatisk godt

Språkrådet har på oppdrag frå HVL vurdert dei fire høgaktuelle namneforslaga, som i tillegg til det allereie nemnde forslaget, var Universitetet i vest, Vestlandsuniversitetet og Fjorduniversitetet.

I ei tilråding skriv Språkrådet-direktør Åse Wetås og seksjonssjef Margrethe Kvarenes at dei spesielt vil gje si støtte til to av namna; Universitetet på Vestlandet og Vestlandsuniversitetet.

— Dei to andre namna reknar me som mindre aktuelle, skriv Wetås og Kvarenes.

Om Universitetet på Vestlandet rapporterer dei to blant anna dette:

— Dette er eit grammatisk godt og dessutan deskriptivt og greitt namn. Det vidarefører til og med delar av det gamle namnet, og det er bra.

Kongen i statsråd

I sakspapira til styremøte neste onsdag kan ein lesa at det i første omgang er det norske universitetsnamnet styret skal vedta. Parallelt blir det også jobba med domene, kortform og eit godt engelsk namn.

— I valet av engelsk namn på den nye institusjonen, vil det til dømes også vere mogleg å knyta til seg andre identitetsmarkørar enn i det norske namnet. Sjølv om styret no vedtek det norske namnet, vil det ta tid før HVL får universitetsakkrediteringa si. Og det er Kongen i statsråd som vedtar det endelege universitetsnamnet, står det skrive.

Og:

— I perioden framover blir det viktig å bruka namnet aktivt i ein merkevarebyggingsprosess, der det nye namnet og profilen blir etablert både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Powered by Labrador CMS