høgskulen på vestlandet

Rektor:— Eg veit me kjem til å verta universitet

Styret skal diskutera ny høgskulestrategi og talet på stipendiatar veks. Rektor Gunnar Yttri reknar med at Høgskulen på Vestlandet skal senda universitetssøknad i 2023.

Høgskulen på Vestlandet skal vera eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet, seier rektor Gunnar Yttri.

— Å verta universitet handlar om meir enn tal på stipendiatar. Det handlar både om utdanning, forsking og samarbeid med regionen.

Det seier Gunnar Yttri, rektor for Høgskulen på Vestlandet (HVL). Målet hans er å leia eit universitet om nokre år. For å koma dit er det òg fleire formelle krav som må fyllast.

Høgskulestyret har møte 9. mars, og styreseminar dagen etter. Der skal strategi for dei neste åra drøftast. Møtet kan du sjå direkte frå klokka 10 her.

Høgskulen har per i dag fire eigne doktorgradsprogram og i tillegg eit felles program saman med fleire andre institusjonar. Det er fire program som er kravet for å kunne verta universitet.

Treng fleire disputasar

Eit anna krav er at minst to av doktorgradsprogramma ein har i gjennomsnitt har uteksaminert minst fem doktorandar i året i ein treårsperiode, med andre ord femten disputasar i løpet av tre år. I saksframstillinga til styremøtet heiter det at programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar vil nå 15 disputasar i åra 2020-22. Datateknologi-programmet vil kunne nå kravet i 2023. Dei andre doktorgradsprogamma er av nyare dato.

— Med bakgrunn i denne rapporten er det sannsynleg at me kan senda universitetssøknad i 2023, seier Yttri.

Høgskulen har mange profesjonsutdanningar, og fleire av dei tilsette har sjølve jobba i praksisfeltet.

— Det er ein fordel at ein del av forskarane våre har vore ute i arbeidslivet og så teke doktorgrad etterpå. Me ser på praksiserfaring som ein styrke, ikkje som noko heft, seier Yttri, og legg til:

— Men me ønskjer oss òg stipendiatar som reindyrkar det akademiske.

I saksframstillinga kjem det fram at ein fjerdedel av dei som tek doktorgrad ved HVL har masterutdanninga si frå høgskulen. Halvparten kjem frå andre norske universitet eller høgskular, medan den siste fjerdedelen som vert tekne opp til forskarutdanning kjem frå utlandet.

Vil auka kvaliteten

— Eg veit at me kjem til å verta universitet, slær Yttri fast.

Når toppleiinga, styret og ei arbeidsgruppe leia av dekan Asle Holthe samlar seg til oppstartseminar for høgskulen sin nye strategi, er det ikkje om ein skal verta universitet som er tema. Det er korleis vera eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet.

— Nokut har nokre krav me må innfri for å verta universitet, og det er bra, seier Yttri.

— Kvifor er det viktig vera universitet?

— Det er eit kvalitetsprosjekt som styrkar både utdanninga me tilbyr, kvaliteten på forskinga og samarbeidet med omgjevnadane, seier rektoren.

— Me vil ha høgare kvalitet på alt me gjer.

Powered by Labrador CMS