Den eine er frisk, den andre er sjuk. Slik har eigentleg heile hausten vore for småbarnsmor og stipendiat Julie Solberg Knutsen.

Julie Solberg Knutsen har armane fulle. Konrad (til venstre) er frisk som ein fisk og ernergisk som 3-åringar flest. Georg på mor sitt fang har ein ny runde med hoste og feber.

Ho kombinerer mammaliv og stipendiatliv: — Eg opplever ikkje meistring

Indre Arna (Khrono): Ute er det 13 kuldegrader. Inne har Julie Solberg Knutsen fyrt i omnen.

— Paw patroooool, høyrer ein frå iPaden i stova. Tvillingane Georg og Konrad, som fylte tre år bitte litle julaftan, ser på serien ingen smågutar under ti år har gått glipp av, saman med pappa Kim Daniel Hersel Sogge.

Georg er sjuk, Konrad frisk. Sjølv etter ein dag i barnehagen er han full av energi, og fortel at det er gule Rubble som er den kulaste kvalpen. Paw Patrol handlar nemleg om hundekvalpar som driv ei slags redningsteneste.

— Slik har det vore denne hausten. Ein frisk og ein sjuk, seier tobarnsmora og ser bort på gutane i sofaen.

Lange periodar åleine

Kven kan segla forutan vind?
Kven kan segla forutan vind?
Ikkje eg
Eg er berre eit menneske
Eg er styrt av meistring og motivasjon
Jobben kallar, men eg har febergut på fang
Dårleg samvit og lite gjort, dagen blir lang
Mykje virus og sjukdom, særleg etter munnbindet blei lagt bort
Eg strekker ikkje til, får ikkje gjort det eg skulle gjort
Eg vil leike meir, smile meir
Dei små treng merksemd og tolmod,
Av og til går eg tom
Mykje eg vil gjere i kvardagen
Men akkurat no er det ikkje rom
Kven kan ro utan årer?
Ikkje eg
Ikkje aleine
Kanskje med hjelp
Familie og vener
Dei stiller opp for at eg får gjort det eg må
Dei får meg til å på beina stå
Lite spelerom, lite spontanitet
Økonomisk fridomskran skrudd heilt ned
Er eg for dyster, er eg for tung?
Har den positive personen i meg snudd heilt om?
Kven kan skiljast frå venen sin utan at felja tårer?
Når han fer på sjøen
renn tårane
inni meg
Eg skjerper meg
Kan ikkje briste
Hans rolle i heimen blir min
Dobbelt opp for både kropp og sinn
Du ser det ikkje, eg gir deg ikkje ei sjanse
Eg er i jobb-liv-ubalanse

Julie Solberg Knutsen, oktober 2022

Ho er stipendiat og småbarnsmor, og i lange periodar åleine med tvillingane. Ektemannen jobbar i sjøforsvaret og tidvis ute på båt.

Denne hausten har ho vore heime med sjuke barn 16 arbeidsdagar. No er kvoten brukt opp. Å få overført ektemannen sine dagar går ikkje, sjølv om han er på sjøen og ikkje kan ta sin del.

— I haust la eg i rein frustrasjon ut noko på min private instagramkonto om at «ja ja, sånn er livet, heime med sjuke barn igjen». Det var noko som engasjerte! Eg stiller spørsmål ved om samfunnet stiller for store krav til oss som skal kombinera jobb og familieliv. Eg opplever ikkje meistring, seier 28-åringen ærleg.

Dei vekene ho er åleine, har ho ikkje sjanse til å vera på kontoret frå 8—16.

— Eg jobbar med meg sjølv, og øver på å tenkja at det er greitt. Eg vert målt på resultat, og eg ønskjer å vera til stades på kontoret så mykje eg kan for arbeidsmiljøet. I periodane eg er åleinemamma prøver eg å unngå møte etter klokka 15.30, og har sagt at det er fint at møte ikkje startar før klokka 9.

Ein hyllest til dei som får det til

Konrad viser fram leikekjøkenet, og Georg orkar òg å leika litt. Feberen er ikkje så høg no, men det vert nok ein dag til heime frå barnehagen. Det har vore mykje annakvar veke med sjukdom denne hausten.

— Det har vore mykje snørr og feber. Og så hostar dei om natta, så eg er litt vrak om morgonen.

Julie festa tankane sine til papiret (sjå til høgre). Her skriv ho om korleis det er å verta strekt i alle retningar.

— Eg får ikkje gjort noko om kvelden når eg er åleine. Då er eg sliten, og i tillegg må eg få gjort det som må gjerast i ein heim; vaska klede og laga matpakkar og slikt, seier ho.

— Eg synest det er vanskeleg å få alt til, og har vurdert au pair.

Førebels går tvillingane sitt liv føre seg heime og i barnehagen. Men om nokre år er dei skulegutar, og då vert mykje brått annleis.

— Eg kjem med ein hyllest til dei som får alt til. For når gutane skal på ulike aktivitetar… lukke til til meg, seier mora sjølvironisk.

Kim Daniel Hersel Sogge er tilsett i Sjøforsvaret. Han jobbar på Haakonsvern når han er heime, men i periodar er han vekke. — Eg har ingen problem med å overlata ansvaret til far. Men det er utfordrande når han er vekke, seier Julie Solberg Knutsen. Så langt har ho vore på éin internasjonal konferanse — i Stavanger. No opnar ho pakkekalender med Georg og Konrad.

Kortare karriere og færre publiseringar?

Nobelprisvinnar May-Britt Moser sa nyleg til Khrono at moglegheit for barnepass og barnehagar på campus, og i tillegg støtte til å kunne ta med seg barna på konferansar, kan gjera det enklare å kombinera småbarnsliv og forskarliv. Å vera eit år vekke frå forskinga er lenge, sa Moser. Men samstundes, å reisa vekk frå eit barn ho framleis amma, var noko ho berre gjorde ein gong.

— For å kunne oppnå kjønnsbalanse må ein kunne vita at familien er i trygge hender. Er ein akademisk karriere i samsvar med familie, det kan ein setta spørsmålsteikn med, sa Moser.

I 2020, like etter at Noreg stengde ned, skreiv Khrono om ein ny studie som viste at kvinnelege forskarar har kortare karriere enn mannlege.

Eg hadde høyrt at ei stipendiatstilling var grei å kombinera med å ha små barn. Men eg er ikkje så sikker lenger

Julie Solberg Knutsen, stipendiat

— Det er eit kjent fenomen at kvinner sin publiseringsrate fell når dei får barn, sjølv om dei er i full jobb. Dette er sannsynlegvis eit uttrykk for at dei tek mest ansvar på heimefronten. Dei set karriere på vent i større grad enn menn, sa professor emerita Harriet Bjerrum Nielsen.

Ein ny Nifu-artikkel viser òg skilnad i publisering mellom kvinner og menn. Her trekkjer forskarane fram at ei viktig årsak til at det er skilnader i publiseringsmengde når det gjeld kvinner og menn er kontekst, som at naturvitarar publiserer meir enn humanistar og samfunnsvitarar. Sidan det er færre kvinner i naturvitskapelege fag vil dette kunne føra til ei skeivfordeling.

— Men det er likevel ein skilnad når ein tek høgde for konteksten, heiter det.

At menn publiserer meir enn kvinner, er òg noko Khrono tidlegare har skrive om.

To aktive treåringar legg seg til lading om kvelden. Då må mor Julie Solberg Knutsen nytta tida til å få gjort alt anna som skal gjerast i ein heim.

Busette seg nær foreldra

— Eg hadde høyrt at ei stipendiatstilling var grei å kombinera med å ha små barn. Men eg er ikkje så sikker lenger, seier småbarnsmora i Indre Arna.

Familien bur i huset besteforeldra hennar budde i då Julie vaks opp. Ektemannen er frå Romsdalen.

— Me måtte bu nær ein av familiane, og det er i Bergen me har jobbane våre. Foreldra mine stiller opp når dei kan, men dei er framleis i full jobb, seier stipendiaten medan dei to gutane er opptekne med å opna dagens luke i pakkekalenderen. Det er bestemor i Romsdalen som har sendt kalender i posten, sidan ho ikkje treffer barnebarna så ofte.

Julie held fram:

— Dersom eg hadde hatt ein vanleg sjukehusjobb måtte eg ringt inn og sagt at «eg må vera heime med sjukt barn». Eg hadde nok fått dårleg samvit då òg, men i den jobben eg har no er det ingen andre som gjer jobben for meg. Det er ein stressfaktor eg ikkje hadde sett for meg.

28-åringen er utdanna lege, men har ikkje gjennomført LIS1-tida (tidlegare turnusteneste, journ.anm.). I staden jobba ho ved Universitetet i Bergen (UiB) med eit prosjekt der ho såg på korleis praksis for medisinstudentar kan styrkast, både når det kjem til sjølve utplasseringa, men òg rettleiing.

— Eg underviser i kurs i praksisrettleiing. Så dukka det opp eit doktorgradsprosjekt som handla om nettopp praksis for medisinstudentar. Eg såg ikkje føre meg at dette var noko ein kunne forska på! Men det gjer eg no, og er halvtanna år inne i fireårsperioden.

Ho er tilsett ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved UiB, i prosjektet «Flere praksisplasser og bedre veiledning for medisinstudenter på fastlegekontorene (FRONESIS)».

— Eg veit at det er mange som ikkje er interesserte i undervisning. Men det er det eg brenn for, og eg har tenkt at det ikkje bør heita pliktarbeid, seier ho.

Veit ikkje korleis ho ligg an

Sjølv i dei periodane tobarnsmora er åleine med tvillingane prøver ho å reisa til kontoret. Frå Indre Arna går det tog til Bergen sentrum, det tek berre nokre minutt.

— Eg får mykje att for å vera på kontoret. Sjølv om eg går glipp av det sosiale med med-stipendiatane mine på kveldstid, synest eg det er deilig å vera på kontoret. Der kan eg snakka med andre vaksne! Men det hender eg er heime dersom eg skal ha digitale møte.

Nokre digitale møte har ho hatt sjølv om ho har vore heime med sjuk son. Då har iPaden, som no ligg nedpakka, vore gull verd, seier ho, litt brydd.

Georg utforskar julepynten. 22. desember fylte han tre år.

Men som moderne barne-tv-seriar flest finst det sjølvsagt spin off-produkt. I leikekassen finst både gule, kule Rubble og raude Marshall, viser gutane.

— Kva kan gjerast for at det skal verta lettare å kombinera barn og familie?

— Det har eg tenkt mykje på. Eg trur at det å ha små barn påverkar ein uansett. Eg følgjer debatten om sekstimarsdagar, men i ei forskingsstilling vil kanskje ikkje dette tiltaket vera så utslagsgivande. Å jobba redusert kan vera eit alternativ, men ikkje eit veldig godt alternativ i forhold til økonomien vår og tida det tek å oppnå doktorgraden.

For stipendiaten er det tida som er stressfaktoren. Ho seier ho sjølv ikkje greier å seia om ho ligg dårleg an eller ikkje.

— Tilbakemeldingane frå rettleiarane er at eg ligg greitt an. Men det stressar meg at eg ikkje har moglegheit til å ta inn att tapt tid. Eg ønskjer jo ikkje å koma halvvegs i doktorgraden og innsjå at eg ligg langt bak opphavleg progresjonsplan. For å verta ferdig innan tida ein har til prosjektet må det jo vera kontinuerleg progresjon, eller?

Men:

— Inst inne trur eg det skal gå bra.

Julie Solberg Knutsen i heimestrikka genser. Ho både strikkar og lagar strikkemønster, og har etter diskusjon med seg sjølv funne ut at det viktig å ha noko i livet som er hennar, og som gir kjensle av både glede og meistring.

Vil bruka tid på noko som gir meistring

Julaftan for tre år sidan vart spesiell. Tvillingane skulle ikkje koma til verda før godt utpå nyåret, men fann ut at 2019 var eit fint år. Det unge ekteparet vart difor på sjukehuset gjennom jula. I år er nok første året gutane for alvor skjønar kva både jul og bursdag er, trur foreldra. Når Khrono er på besøk, er det framleis ei veke att til 3-årsdagen. Den skal feirast med ballongar og fest, og så kan jula berre koma.

— Det vert spanande å sjå korleis det går når me skal ha knusande kuler på det store treet, humrar mora når Georg viser at pynten på det vesle treet under trappa definitivt kan ristast på.

Julie har funne ut at i eit travelt småbarns- og stipendiatliv må ho faktisk òg ha litt tid til seg sjølv. Ho er ivrig strikkar og lagar eigne strikkedesign. Dette er ein hobby ho kan driva med medan barna søv, og der ein ser framgang sjølv om det ikkje vert så mange minutt strikketid kvar kveld.

— Eg har vore i diskusjon med meg sjølv om eg brukar tida feil når eg vel å strikka eller bruka tid på å utvikla ei oppskrift i staden for å jobba med doktorgraden om kvelden. Men eg har funne ut at det har vore klokt av meg å bruka den korte tida på noko som gir umiddelbar meistring, framgang og motivasjon. For andre ting som skjer i løpet av dagen, om det er forsking eller om det er å vera heime med sjuke born, er ikkje nødvendigvis innom desse viktige kjenslene, seier ho.

Difor kjem det ei oppmoding, kanskje for det nye året, frå stipendiaten:

— Eg vil oppmoda dei som er i same situasjon som meg til å skilja mellom jobba og fritid og bruka den fritida dei har på noko som gir meistring og motivasjon, og som dekkjer eigne fysiologiske og mentale behov — om det så berre vert fem minutt til overs på kvelden.

Powered by Labrador CMS