Vegen opp til Høgskulen på Vestlandet sin campus i Sogndal. Foto: Tove Lie

Utdanningstilbod og høgskular si regionale betydning for utdanning og kompetanse

Struktur. Den einskilde høgskulen spelar ei svært viktig rolle i rekrutteringa av arbeidskraft til sine nærområde og fylke, skriv professor Kåre Heggen.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Mellom anna på grunnlag av «Ottosen-komiteen» sitt arbeid, skjedde det ei omfattande utbygging av høgskular og høgare utdanningstilbod i distrikta frå om lag 1970 og utover. Stortinget si målsetting med utbygginga var å styrke tilgangen til høgare utdanning for ungdom og andre i distrikta, men også gjennom dette tiltaket å styrke tilgangen på kvalifisert arbeidskraft i dei same distrikta. At dei nye (distrikts-)høgskulane oppfylte det første, var bra dokumentert, men ein hadde lite forskingsbasert kunnskap om rekrutteringa frå høgskule til arbeidsmarknad.

Høgskulene si lokalisering har stor innverknad på rekrutteringa til arbeidsmarknaden.

Kåre Heggen

Dette var bakgrunnen for ein omfattande studie av høgskulane si rekruttering til «velferdsyrke» (som lærarar, sjukepleiarar, sosial- og helsearbeidarar). Studien vart gjennomført i 2012 av professor Kåre Heggen (Høgskulen i Volda og Senter for profesjonsstudier (SPS) ved noverande OsloMet) og forskar Knut Gythfeldt (SPS). Studien byggjer på omfattande registerdata om avlagde grader ved universitet og høgskular, samt data om oppvekstkommune for alle norske personar fødde mellom 1955 og 1990 som har fullført ei grad mellom 1995 og 2010. Utvalet er avgrensa til dei som tok eksamen ved høgskular og universitet på Vestlandet (frå Stavanger i sør til Molde i nord), i tillegg til dei som tok eksamen ved Høgskolen i Oslo og Akershus (no OsloMet).

Det sentrale funnet i studien er at høgskulene si lokalisering har stor innverknad på rekrutteringa til arbeidsmarknaden. Minst ni av ti med utdanning på desse velferdsområda, som har tatt si utdanning i same region som dei vaks opp i, er også i arbeid i same region både 2 og 5 år etter ferdig utdanning. Til samanlikning gjeld dette knapt halvparten av dei som studerte ved desse institusjonane, men ikkje hadde vakse opp i regionen.

Når vi såg på studentar med oppvekst i eit av vestlandsfylka som tok utdanninga si utanfor Vestlandet, er det færre som er i arbeid på Vestlandet etter ferdig utdanning, færrast av dei som hadde oppvekst i Møre og Romsdal eller Sogn og Fjordane, noko fleire i Rogaland og Hordaland. Studien kan indikere at dei nettverka og kontaktane ein utviklar i studietida, har stor innverknad på etablering i arbeidslivet.

Studien viser også at den einskilde høgskulen spelar ei svært viktig rolle i rekrutteringa av arbeidskraft til sine nærområde og fylke. To år etter ferdig utdanning arbeider frå nærare 80 til over 90 prosent av kandidatane som har vakse opp i same fylke som høgskulane er lokaliserte i, i det same fylket. Sett over tid, viser studien ein aukande tendens til at studentar som har vakse opp i same region som dei tek si utdanning, også tek seg arbeid i den same regionen.

Studien har også andre funn som kan ha interesse for offentleg forvaltning. Fleire av dei mindre høgskulane gjer det like bra, i nokre høve betre, på å trekke til seg nye studentar utanfrå, og også ein del av desse etablerer seg i den regionen høgskulen er lokalisert. Men Vestlandshøgskulane rekrutterer primært frå eigen region i mykje større grad enn Høgskolen i Oslo og Akershus.

På bakgrunn av denne studien kan vi ikkje slå fast kva som ville ha skjedd utan tilbod ved dei regionale høgskulane. Men analysane er ein klar indikasjon på at det klart ville svekke den regionale tilgangen på kvalifiserte lærarar, barnehagelærarar, sjukepleiarar, sosialarbeidarar og andre helsearbeidarar.

Forskar Karl Ingar Kittelsen Røberg ved Senter for profesjonsstudier, noverande OsloMet, gjorde i 2014 ein tilsvarande studie av høgskulane si betydning for rekruttering til næringsretta profesjonsstudiar og yrkesfelt, basert på same metodiske grunnlag. Funna i denne studien viser i hovudtrekk same mønster som studien av velferdsprofesjonane.

Desse studiane viser etter mi vurdering kor viktig det er å oppretthalde og styrke dei regionale utdanningsinstitusjonane og utdanningstilboda for å sikre tilgangen til kvalifisert arbeidskraft i norske kyst- og distriktsområde, der faktisk ein vesentleg del av verdiskapinga i norsk arbeids- og næringsliv skjer og der ein nettopp er avhengig av god tilgang på fagleg kompetanse.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS