Debatt ● leif longvanes
Hastverk, flosklar og manglande legitimitet
Utan at verdiar som «inkludere» blir følgt opp i praktisk handling blir dei gjerne mest eigna for festtalar, skriv førstelektor Leif Longvanes.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Det drar seg til med nye organisasjonsendringar i Høgskulen på Vestlandet (HVL). Vi har knapt fått køyrt inn organisasjonen etter fusjonen og no skal to fakultet inn i ein ny omorganisering.
La meg først få starte med å slå fast at verken eg eller mange av mine kollegaer er imot at ein evaluerer tilstanden på HVL etter dei omfattande endringane som fusjonen medførte for fagleg og administrativt tilsette. Eg trur det er mange steinar det kan vere grunn til å lette på, kike under og få kunnskap om og som kan bidra til både større og mindre forbetringar – kanskje og dramatiske organisasjonsendringar som å slå saman fakultet, legge ned institutt, delegere ansvar og nye leiarmodellar. Dette må i så fall skje etter grundige evalueringar og ikkje etter innfallsmetoden.
12. januar vart tilsette ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap innkalla til allmøte. Dekan Torbjørn Roloff Heyerdahl kunne då informere om at rektor hadde sett i gang ein prosess for samanslåing av to fakultet (Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap og Fakultet for ingeniør- og naturvitskap). Mandatet for samanslåingsprosjektet skulle rektor vedta tidleg i den komande veka, opplyste dekanen. At rektor Gunnar Yttri ikkje hadde nemnt denne dramatiske organisasjonsendringa i sitt allmøte dagen før (11. januar) er ei prioritering som tykkjest noko merkeleg, men den var truleg ikkje viktig nok til at han nytta høvet til det.
Kva har så skjedd etter dette hastverket der mandat, prosjektgruppe og prosjektplan skulle vere fastsett få dagar etter at det vart informert om 12. januar? Det har mellom anna vore stadige utsettingar, hemmeleghald og uvisse knytta til mandat og samansetning av prosjektgruppa. På styremøtet i HVL 2. februar vart det så informert om samansetninga av prosjektgruppa og at mandatet er under utarbeiding. Det mest spesielle er likevel at kommunikasjonen om kva prosjektgruppa skal gjere har gått frå å lage ein prosess for samanslåing av dei to fakulteta, til å dreie seg om å lage eit kunnskapsgrunnlag for å kunne ta ei avgjerd om ei mogleg samanslåing av fakulteta. Kanskje dette skulle vore kommunisert tydlegare i starten, så hadde kanskje vi tilsette kunne bidrege med konstruktive innspel og ikkje opplevd at rektor og dekanar trer avgjerder nedover oss?
Sjølv om innhald no er endra til å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag, så er hastverket det same. Den såkalla prosjektgruppa skal ha sitt første møte 8. og 9. februar og rapporten frå gruppa skal ligge føre innan utgangen av februar. Ja, det er vel ikkje så mykje kunnskap som skal til for å ta ei avgjerd om ei slik stor organisasjonsendring når ein set av eit par veker til arbeidet.
Til å lage kunnskapsgrunnlaget har rektor sett ned ei såkalla prosjektgruppe. I intervju av styreleiar Arvid Hallen på intranettet til HVL seier Hallen «gangen vidare for utgreiingsarbeidet er at rektor no etablerer ei brei og samansett prosjektgruppe som vil arbeide fram ein rapport som legg grunnlaget for ei vurdering og sak til styremøtet i mars». Denne gruppa har eg problem med sjå «breidda» i. Frå rektor si side er den sett saman av tre leiarar frå Campus Bergen og tre leiarar frå Campus Haugesund. Dersom vi fokuserer på geografi, så vil ei eventuell samanslåing av desse to fakulteta få verknad for fleire studiestadar: Bergen, Haugesund og Sogndal. Og for å vere heilt korrekt; Førde er også ein studiestad som vil kunne bli omfatta av desse endringane då det er ingeniørutdanning der. Likevel så har rektor oppnemnt medlemmer berre frå to studiestader.
Dersom det er interessant å få innspel frå tilsette i undervisnings- og forskingsstillingar i ei slik gruppe, så er det altså ingen rektor har funne kvalifiserte til å delta i dette arbeidet. Nærleik til situasjonen og meiningsmotsetnader er ofte grunnlaget for gode prosjekt, noko denne samansetninga i svært liten grad tek omsyn til.
Den nye strategiplanen til HVL for 2023-2030 har flotte formuleringar og byggjer mellom anna på verdien «inkludere». Inkludere blir her mellom anna forklart med: «Ved å inkludere verdset vi mangfald og fremjar fagleg utvikling, tryggleik og trivsel». Utan at slike verdiar blir følgt opp i praktisk handling blir dei gjerne mest eigna for festtalar, men det kan vere at det er «brei og samansett prosjektgruppe» som er floskelen denne gang.
Prosessen om eventuell samanslåing av to fakultet ved HVL har så langt vore stressa fram både tidsmessig og i samansetjing av den såkalla prosjektgruppa. Dette gjer at tilsette stadig blir leitar etter svar på spørsmål som: Kvifor skjer dette no? Kvifor er det sånt hastverk? Kva er den eigentlege grunnen? og: Kva er det vi ikkje blir informert om? Dette gjev rom for spekulasjonar, motstand og uvisse i kollegiet. Det til tross for at det kan vere at delar av fagmiljøet som det her er snakk om ikkje nødvendigvis er imot ein samanslåing av dei to fakulteta. Kanskje eg skal føreslå at rektor tek seg ei runde i faglitteraturen og ser på kva tiltak som reduserer motstand mot endring og kan skape engasjement for endring og utvikling?
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut