digital grunnskule

Har tru på Matteus-effekt for elevane: Dei som har mykje skal få meir

Når grunnskulane snart opnar att, er forskarane opptekne av å få eit bilete av korleis læringssituasjonen er her og no – midt under koronastenginga.

Tomme leikeapparat. Skulane stengte 12. mars. 27. april får dei yngste elevane koma attende.
Tomme leikeapparat. Skulane stengte 12. mars. 27. april får dei yngste elevane koma attende.
Publisert

— Me trur at ein situasjon som den me har no, gjer ting verre for mange av dei sårbare borna. I mange heimar er det som ein trykkokar, seier Greta Bjørk Gudmundsdottir.

Ho er førsteamanuensis ved Institutt for lærerutdanning og skuleforskning ved Universitetet i Oslo, og ein av fleire forskarar som no ønskjer å få eit augeblikksbilete av skulekvardagen under koronakrisa.

Felles for fleire av forskingsprosjekta som no er i gang ved norske universitet, er at forskarane vil samla inn data medan skulane framleis er fysisk stengde, og all undervisning skjer digitalt. Dei gjer altså det Forskingsrådet sin direktør John-Arne Røttingen har etterlyst innan medisinsk forsking.

Etter fem veker med heimeskule er dei yngste skulebarna snart på veg tilbake til ein kvardag der dei igjen skal samlast på skulane. Grunngivinga frå regjeringa er mellom anna at det er vanskelegare å driva digital undervisning for denne gruppa.

— Me vil ha eit bilete av korleis situasjonen er her og no, og satsar på å senda ut spørjeskjema så snart som råd, seier Trude Havik.

Ho er førsteamanuensis ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger.

Trur mange har det vanskeleg

Gudmundsdottir ved UiO er i gang med ei internasjonal undersøking, i samarbeid med forskarar i USA, som handlar om dei sårbare elevane. Utdanningsdirektoratet har sagt at barn og unge med særleg omsorgsbehov skal ha eit skuletilbod sjølv om skulane er stengde.

Greta Björk Gudmundsdottir trur mange eelvar har det vanskeleg. Ho forskar på dei sårbare elevane.
Greta Björk Gudmundsdottir trur mange eelvar har det vanskeleg. Ho forskar på dei sårbare elevane.

Gudmundsdottir understrekar at ingen data er ferdig analyserte, men at responsen har vore overveldande og at lærarar har mange erfaringar som dei ønskjer å dela. Og forskarane trur at mange barn har det vanskeleg.

Gudmundsdottir seier at sårbare elevar er ei samansett gruppe. Nokre av dei har ei individuell utfordring, som etevegring, angstliding, eller at dei bur i valdelege familiar eller familiar der nokre av dei vaksne slit med rus eller psykisk sjukdom. Andre sårbare elevar slit med utfordringar i nærmiljøet, som manglande sosialt nettverk og fattigdom.

— Me ser på kva som vert gjort for desse elevane. Men det er òg slik at for nokre elevar, til dømes dei som vert mobba på skulen, er kvardagen litt betre no. Dei får ein pustepause.

— Kor mykje læringsutbytte har elevane tapt no når dei har vore heime?

— Dei som er høgt presterande greier seg uansett, men eg trur ikkje det vert så store skilnader, i alle fall ikkje for dei yngste. Lærarar står på og finn kreative løysingar. For dei eldre elevane er det større læringstrykk. Men det lettar truleg på press og gjer skulekvardagen litt meir føreseieleg når skriftleg eksamen ikkje skal gjennomførast til våren, seier Gudmundsdottir.

For nokre elevar, til dømes dei som vert mobba på skulen, er kvardagen litt betre no. Dei får ein pustepause.

Greta Björk Gudmundsdottir

Nok med seg sjølv

Mirjam Harkestad Olsen, professor ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet, trur òg mange elevar har det vanskeleg. Ho peikar på at det er mange foreldre som no har vorte permitterte eller mista jobben.

— Det er enorme skjebnar der ute. Eg trur ein del foreldre har nok med seg sjølve, og med å få kvardagen til å gå rundt. Nokre har barn heime no som vanlegvis får mykje ekstra støtte på skulen. Då kan ein tenkja seg at for nokre av desse familiane er det lett å tenkja at dette digitale, det får skulen ta seg av, trur professoren.

Olsen understrekar at ein enno ikkje veit korleis den digitale undervisninga slår ut.

— Men det er grunn til å tru at ein vil få ei Matteus-effekt: Dei som har mykje frå før, får meir. Ein kan sjå føre seg at ein får eit digitalt løft for dei elevane som allereie meistrar dette godt.

Olsen peikar òg på at det er store skilnader mellom skulane: Nokre har eit nettbrett eller PC til kvar elev, andre stader er det knapt ein PC på deling til ein klasse. Men samstundes er ho oppteken av at det ikkje er digitaliseringa i seg sjølv som gir verdi.

— Det er måten ein brukar det på. Det handlar om kva elevane har fått med seg av digital kompetanse før dette skjedde, og om kva grunnlag både elevar og lærarar har, seier Olsen.

Samlar arbeidsplanar

Ulike opplegg har òg vore eit tema for dei som er ferdige med elevtilværet og har vorte studentar. Khrono har skrive om to undersøkingar, ei der studentar har svara på korleis dei har oppfatta den digitale undervisninga, og ei der dei som skal undervisa har svara.

Nokre elevar lagar film, andre skriv i bok. Dosent Trond Lekang skal forska på undervisninga under korona-stenginga.
Nokre elevar lagar film, andre skriv i bok. Dosent Trond Lekang skal forska på undervisninga under korona-stenginga.

Nord universitet er, saman med Fylkesmannen i Nordland, i gang med eit prosjekt som skal sjå på kva undervisningsopplegg dei ulike grunnskulane har hatt.

— Nordland er eit desentralisert fylke, med over 40 kommunar. Me vil sjå på skilnader i organisering og opplegg, seier Trond Lekang.

Han er dosent og faggruppeleiar for logopedi, tilpassa opplæring og spesialpedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kunst- og kulturfag ved Nord universitet. No leiar han forskingsprosjektet saman med professor Ellen Sæthre-McGuirk.

Me vil sjå på kva effekt digital undervisning har hatt for læringa

Trond Lekang, dosent

— Ingen var godt førebudd på skulestenging, så noko av det me vil sjå på, er korleis ein kan gjera dette betre ein annan gong. Me vil òg sjå på kva effekt digital undervisning har hatt for læringa, seier Lekang.

Heilt konkret ber forskarane om at skulane lastar opp vekeplanane dei har brukt. Lekang trur ein vil sjå skilnader mellom både skular og klassar.

— Nokre har nok fått ein plan der det står at dei skal skriva i ei skrivebok. Andre lærarar har vore veldig kreative, det ser eg mellom anna på planen min eigen 6.klassing har fått, seier dosenten.

Han seier at forskarane vil få inn datamaterialet no, og deretter kunne gå djupare inn i materien til hausten. Då ser Lekang føre seg at det kan verta aktuelt å intervjua både lærarar, foreldre og elevar.

Les også: Studenter er bekymret for hva de faktisk får av læring

Foreldre kan ta over ansvaret

Ved Universitetet i Stavanger leier Trude Havik, saman med Jo Magne Ingul, som er førsteamanuensis ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge i Midt-Noreg ved NTNU, eit prosjekt som særleg skal sjå på elevar med fråværsproblem. Dei vil undersøkja korleis lærarane oppfattar heimeskule for dei elevane som vanlegvis har stort fråvære.

— Det me høyrer, er at nokre av dei som vanlegvis har mykje fråvære, jobbar betre no. Dette kan vera elevar som vanlegvis har det utrygt på skulen eller som av andre grunnar opplever skulen stressande , seier Havik.

Førsteamanuensane skal senda ut spørjeskjema til lærarar som framleis underviser digitalt, og spørja korleis lærarane oppfattar heimeskule for elevar med fråvære.

— Noko av det me vil sjå på, er om ein kan ta med noko frå digital skule attende til ordinær undervisning, seier Havik, og peikar på at det er mogleg å sjå for seg ei løysing der nokre elevar til dømes kan ha heimeskule i nokre fag – i ein periode.

— Men dei kan ikkje berre ha det, for skulane har ansvar for eit trygt læringsmiljø for alle elevar. Skulen er òg ein viktig arena for leik og sosial læring i lag med jamnaldrande, understrekar førsteamanuensen.

— Kor viktige er foreldra i denne heimeskuleperioden?

— Når elevane er yngre, er foreldra viktige. Men det er skulen som har ansvar for undervisninga. Det vert annleis no når skulane skal opna for dei yngste elevane. Dei foreldra som då vel å ha barna sine heime, vil overta ansvaret sjølv. Skulane skal ikkje senda heim undervisningsopplegg slik dei gjorde når skulane var stengde, seier Havik.