Sponsing

Har fjerna krav om «positiv omtale» i Equinor-avtalar

I ni år har universiteta forplikta seg til å rose forsking knytt til sponsing frå Equinor. No er kravet fjerna, under ein månad etter at media omtalte det.

Prorektor ved UiT Camilla Brekke (til venstre) meiner det var rett å fjerne formuleringa om positiv omtale i Equinor-avtalen, etter at dette vart omtalt i media. Her saman med rektor Dag Rune Olsen og UiTs andre prorektor, Kathrine Tveiterås .
Publisert

Det er mindre enn fire veker sidan Khrono fortalte om avsnittet som forplikta fleire av dei største norske forskingsinstitusjonane til å sørge for positiv omtale i samband med ein sponsoravtale dei har med Equinor til ein samla verdi av 315 millionar kroner.

UiT Noregs arktiske universitet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Noregs handelshøgskole (NHH) har alle sidan avtalane vart signerte i 2019 forplikta seg til å «arbeide aktivt for å gi positiv omtale av arbeidet».

Etter at søkelyset vart sett på PR-kravet, er formuleringa no blitt fjerna frå avtalane.

Allereie i 2013 var setninga som kravde at institusjonane skulle arbeide for positiv omtale inkludert i avtalane med Statoil, som seinare endra namn til Equinor.

NTNU sørga for å fjerne formuleringa i 2019 — ifølgje rektor Anne Borg, fordi det «var viktig for oss med tanke på akademisk ytringsfrihet». NTNU får mest pengar frå Equinor, og var også det første universitetet, saman med Universitetet i Stavanger, som i 2009 signerte avtale med oljeselskapet som den gong heitte StatoilHydro.

«Medieskapt »

Fakta

Akademiaavtalen

  • Dagens avtalsr mellom Equinor og Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU, UiT Norges arktiske universitet, Universitetet i Stavanger og NHH, vart inngått i 2019 og varer i fem år.
  • Avtalens verdi er totalt 315 millioner fordelt på de seks Den forrige avtalen varte fra 2014 til 2019.
  • Mest får NTNU, 100 millionar frå 2019 til 2024. NTNU har i tillegg ein rammeavtale med Equinor som opnar for støtte til oppdragsforsking på opptil 250 millionar over åtte år.
  • Les helie avtalen til Universitetet i Bergen her.

Prorektor ved UiT, Camilla Brekke, annonserte på Twitter sist veke at den «omtalte formuleringa» no var blitt fjerna.

Til Khrono seier ho at denne biten av avtalen aldri er blitt tatt opp til diskusjon eller vurdert som problematisk ved UiT, før oppslaget i Khrono. Ho brukar omgrepet «medieskapt» om saka, og seier det er eit tolkingsspørsmål kva ein legg i formuleringa i avtalen.

— Avtalen seier berre at ein skal snakke positivt om vårt eige arbeid (ikkje Equinor, red.merkn.), seier Brekke.

Då Khrono skreiv om PR-avsnittet i avtaltetekstane, vekte det reaksjonar frå fleire hald. Biologiprofessor Vigdis Vandvik ved UiB kalla formuleringa «flau for alle». Forskingsdirektør ved Havforskingsinstituttet, Peter M. Haugan, som i mange samanhengar har kritisert Equinor-avtalane, meinte avsnittet fekk akademia til å verke som ein «lydig hund».

Det kom også fram at ein av dei nasjonale forskingsetiske komiteane hadde åtvara mot formuleringa allereie i 2014.

Det var var ein tweet frå Sustainability Lab ved UiO som denne gongen sette akademiaavtalen på dagsorden. UiO-rektor, Svein Stølen, var raskt ute med å beklage og lova å fjerne kravet. Då Khrono omtalte saka, lova også dei andre institusjonane å følgje etter. Unntaket var NHH: Til Khrono sa rektor Øystein Thøgersen at han ikkje tolka formuleringa slik at den gjaldt NHH-forsking, men at formuleringa kunne bli tatt opp «ved neste kontraktinngåelse» i 2024.

Men etter omtalen i media har også NHH endra syn, og formuleringa vil bli fjerna «så fort det praktisk let seg gjere», ifølgje kommunikasjonsdirektør Geir Mikalsen.

Klima og olje

Kritikarane av akademiaavtalane har peikt på at at bindingane dei skaper til olje- og gassindustrien ikkje går i hop med universiteta si viktige rolle som bidragsytarar til å løyse klimakrisa. Omtrent samstundes med at avtalane vart fornya i 2019, sette fleire universitet seg nye og meir ambisiøse mål for klimaarbeidet, i kjølvatnet av Paris-avtalen.

Fleire universitetsrektorar har på si side understreka at Equinor er under omstilling til å bli eit grønare energiselskap, og at avtalane er viktige bidrag til utvikling av ny teknologi.

I 2020 opplyste Equinor til Khrono at cirka 40 prosent av dei 315 millionane dei deler ut til universiteta gjennom akademiaavtalane gjekk til petroleumsforsking. Like mykje gjekk til forsking på fornybare energikjelder.

Prorektor Brekke ved UiT meiner at Equinor bør omtalast som eit«energiselskap», på spørsmål om kva ho tenker om kritikken mot avtalane.

— Eg oppfattar at vi alle er i ei grøn omstilling. Det er ikkje eit problem at dei brukar pengar på grøne satsingar.

— Er det slik at ingen pengar frå avtalen går til petroleumsrelatert forsking ved UiT?

— Nei, ikkje slik eg ser det. Ingen av dei pågåande forskingsprosjekta er vinkla inn mot petroleumsindustrien, seier Brekke.

Powered by Labrador CMS