Leiar i Universitets- og høgskulerådet og rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, forsvarar avtalen med Equinor. — Viktig for det grøne skiftet, seier han. Her saman med nybakt kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) under SDG-konferansen i Bergen. Foto: Paul S. Amundsen

«Elefanten i rommet»: Meiner universiteta må skrote sponsoravtale med oljeindustrien

Berekraft. Viktig for forskinga på det grøne skiftet, meiner leiar for universitets- og høgskulerådet og rektor på Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen. Eit feilgrep, meiner framståande forskarar på klima og berekraft.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Den omdiskuterte akademiaavtalen mellom Equinor og fleire norske universitet er ikkje tema når Berekraftkonferansen (SDG-konferansen) går av stabelen i Bergen denne veka. Det burde den, synest Peter M. Haugan, forskingssjef ved Havforskingsinstituttet og framståande berekraftforskar.

Fakta

Equinor og universiteta

Fleire norske universitet har i mange år hatt forskingsavtale med Equinor (tidlegare Statoil). Dei såkalla akademiaavtalane er fleire gonger blitt kritisert.

Equinor oppgir at dei gir 315 millionar gjennom avtalen over fem år. I avtaleperioden 2019-2023 mottar NTNU 100 millionar, Universitetet i Oslo 50 millionar, Universitet i Bergen 70 millionar, NHH 35 millionar og Universitetet i Stavanger 37,5 millionar og UiT Noregs arktiske universitet 27,5 millionar.

SDG-konferansen (SDG: Sustainable development goals) går av stabelen i Bergen denne veka under tittelen Action/Inaction, der mellom anna teknologi står på programmet.

— Olje- og gassindustrien blir det ikkje snakka mykje om på berekraftkonferansane. Det er elefanten i rommet, seier han til Khrono.

Haugan har tidlegare hatt sentrale roller i FN og i Universitetet i Bergens (UiB) berekraftsatsing. No er han engasjert som leiar av ekspertgruppa for det internasjonale høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi, initiert av statsminister Erna Solberg. Panelet er sett til å arbeide fram ei rad rapportar som skal presenterast av 14 stats- og regjeringssjefar på FNs havkonferanse i juni.

The Guardian seier nei takk til ei viktig inntektsskjelde frå olje- og gassindustrien. Dei er mykje modigare enn universiteta.

Helge Drange

Haugan seier universitetsleiarane unngår visse vanskelege spørsmål – som det som dreier seg om pengar frå olje- og gassindustrien: Gjennom den såkalla akademiaavtalen med Equinor mottar fleire norske universitet til saman 315 millionar kroner fordelt over fem år. Haugan meiner dette ikkje går opp med berekraftsatsinga.

— Med den profilen avtalen har i dag, vil det vere betre å seie den opp, seier Haugan.

— Ein tapt sjanse

I prinsippet er det mogleg, i alle fall i UiBs tilfelle. I avtalen, som Khrono har fått innsyn i, heiter det at begge partar når som helst kan seie opp avtalen med tre månaders varsel.

Ifølgje Equinor går cirka 40 prosent av dei 315 millionane til petroleumsforsking, like mykje går til forsking på fornybare energikjelder.

I tillegg til UiB får Universitetet i Stavanger, Universitetet i Oslo (UiO), UiT Noregs arktiske universitet, Noregs handelshøgskole (NHH) og NTNU pengar gjennom akademiaavtalar. Aller mest for NTNU, 100 millionar frå 2019 til 2024. NTNU har i tillegg ein rammeavtale med Equinor som opnar for støtte til oppdragsforsking på opptil 250 millionar over åtte år.

I forskinga handlar det no om det store spranget som tel, ein raskast mogleg overgang frå fossil til fornybar energi, seier Peter M. Haugan. Foto: Dag Hellesund

Equinor har eit årleg forskingsbudsjett på 2,8 milliardar kroner. Om lag halvparten går til eksterne aktørar.

Equinor er i 2020 eitt av 38 selskap med produksjons- eller utvinningsløyve på norsk sokkel, og den norske oljegiganten er ikkje åleine om å spytte i forskingskassa på universitet og høgskular. Blant dei andre er den amerikanske oljegiganten Conoco Phillips, som opplyser å ha fleire titals prosjekt gåande på norske forskingsinstitusjonar, der produksjonsauke i eksisterande felt og «arktisk engasjement» er satsingsområde.

Drange: — UiB var altfor passiv i forhandling av avtalen

Peter M. Haugan har ein alliert kritikar hos sin gamle hovudarbeidsgivar, Universitetet i Bergen. Klimaforskar Helge Drange på Bjerknessenteret har lenge markert seg sterkt for ei grønare linje på universiteta, og har mellom anna stått i spissen for eit klimaopprop på UiB.

— UiB var altfor passiv i forhandling av avtalen. Å trekke seg er vel neppe noko som blir vurdert. Det var eit feiltrinn for universitetet å gå inn i avtalen, og det står som ein tapt sjanse. Hadde avtalen blitt signert i år og ikkje i fjor, ville utfallet garantert blitt eit anna. I løpet av kort tid har det skjedd store endringar, og dei held fram med å gå veldig raskt. Fokuset i forskinga er endra, studentar er ute i gatene og demonstrerer, seier Drange.

Klimaforskaren seier at hans krav, om han skulle forhandle med Equinor, ville vere å krevje at sponsinga utelukkande går til forsking på fornybar energi.

— Vi må ikkje gløyme utgangspunktet, nemleg Parismålet om å unngå 1,5 eller 2 graders oppvarming. Det vil krevje nullutslepp om maksimum 15 år frå no. Petroleumsforsking som skal implementerast om 10-15 år er overhovudet ikkje i tråd med klimamåla. Vi utdannar morgondagens forskarar og samfunnsaktørar, det er eit veldig stort ansvar. Vi treng leiarskap som tar dette på alvor, seier Drange.

Rektorane på alle institusjonane som har akademiaavtalar med Equinor har tidlegare forsvart sponsinga.

«Ei betre verd»

— Det er flott at Equinor støttar norsk forsking utan å stille betingelsar, sa rektor Anne Husebekk ved UiT Noregs arktiske universitet til Khrono i 2019, etter at ho hadde signert for 28 millionar sponsorkroner.

Rektor ved UiO, Svein Stølen, gav uttrykk for «stor glede» over dei 50 millionar kronene dei blir til del, og eit «langsiktig og godt samarbeid» med Equinor. Dåverande rektor på Universitetet i Stavanger, Marit Boyesen, var «takknemleg». NTNUs rektor, Gunnar Bovim, meinte for eit år sidan at pengane får avtalen kunne «bidra til ei betre verd».

Khrono har dei siste par dagane gjort forsøk på å få ein kommentar frå rektoratet ved NTNU, utan hell.

Rektor Anne Borgs universitet, NTNU, får 100 millionar kroner frå Equinor gjennom den gjeldande akademiaavtalen. Foto: Siri Øverland Eriksen

UiB-rektor Dag Rune Olsen meiner fortsatt at avtalen universitetet hans har med Equinor er god.

— Akademiaavtalen er ekstremt viktig for å realisere vindkraftsatsinga vår. Vi får god økonomisk drahjelp frå avtalen, den er eit viktig bidrag til det grøne skiftet, seier Olsen, som peikar på at ein stor del av dei 70 millionane i avtalen går til forsking på havvind.

Khrono har sett på tildelingane som styringssgruppa for UiBs akademiaavtale har gjort. Cirka 21 millionar kroner går til havvind-prosjekt av ein total på rundt 55 millionar kroner. Andre prosjekt direkte knytt til energiomstilling har fått rundt 18 millionar. Resten er hovdusakleg knytt til undergrunnskarakterisering.

— Undergrunnskarakterisering er relevant for havvind, seier leiar av styringsgruppa, UiBs prorektor, Margareth Hagen.

Ho seier samstundes til Khrono at om ho skulle gått i forhandlingar i dag, ville kravd eit «endå tydelegare og grønare» utfall.

UHR-Olsen: — Gjort ein god jobb

Olsen er også leiar for sektorens interesseorganisasjon, Universitets- og høgskolerådet (UHR). Med UHR-hatten på meiner han akadamiaavtalane med Equinor er ei kjelde til grøn omstilling.

— Det vil vere mange som brukar desse beløpa til grøn omstilling. Det er vi veldig godt fornøgd med. Equinors strategi er å gå mot å bli eit energiselskap, og der skal fornybar energi vere ein komponent.

Han understrekar også at den akademiske fridomen til kvar enkelt forskar er ivareteken gjennom akademiaavtalane.

Olsen peikar vidare på at ein stor del av statsinntektene, og dermed pengar som kan brukast til forsking, kjem frå olje- og gassproduksjon. Slik sett synest han det blir feil å hevde at universiteta legitimerer næringa gjennom avtalen.

— Eg synest ein har gjort ein god jobb når fornybarkomponenten er auka til 40 prosent, seier Olsen.

Når det gjeld dei 40 prosentane i avtalane som fortsatt går til å sponse petroleumsforsking, seier Olsen at dette er forsking som også kan kome det grøne skiftet til gode.

— Delar av reservoarforskinga vil til dømes fint kunne brukast i samanheng med CO2-lagring. Men det er politikarane som må ville det, akademia set ikkje i gang, men bidrar med kunnskap.

NSO: — Tar for lang tid

I ein kronikk i Khrono skriv Olsen saman med rektorane frå dei andre universiteta som er med og arrangerer berekraftkonferansen – NTNU, UiO, UiT og NMBU: «Det hviler et tungt ansvar på oss som leder universiteter i dag: vi må utruste våre studenter med den kunnskapen og de ferdigheter de trenger for å bidra til å snu den katastrofale utviklingen som er med på å true både vår siviliasjon og vår klode».

Vi er positive til at ein ser det aukande behovet for fornybar energi.

Christina Eide

Norsk studentorganisasjon (NSO) og UHR er medarrangørar på SDG-konferansen. NSO vedtok i fjor eit klimapolitisk dokument der det mellom anna heiter at forskingspengane som i dag går til petroleumsforsking «er uforenlig med Norges klimaforpliktelser».

— Vi er positive til at ein ser det aukande behovet for fornybar energi. Dersom Equinor vil bruke pengar opptent på olje til forsking på fornybar energi, er vi ikkje negative til det. Men det tar for for lang tid å snu skuta, vi skulle gjerne sett at det gjekk mykje raskare, seier fag- og forskingspolitisk ansvarleg i NSO, Christina Eide.

Olsen seier at han opplever eit heilt anna trykk for å styre universitetet og forskinga i berekraftig retning no enn for få år sidan.

— Det har med studentane å gjere, og tilsette også, særleg dei yngre. Ein ting som frustrerte meg før, var at akademia gjorde eit nummer av at vi ikkje skulle vere i tett dialog med samfunnet, at det var kunnskapens åleine som skulle vektleggast. Det er ei heilt anna forventning no til at vi skal bety noko for samfunnet, seier Olsen.

Drange: Avis modigare enn universiteta

Peter Haugan, som i årevis har våre kritisk til bindingane mellom universitetet og oljeindustrien, synest argumentet om at petroleumsforskinga kan kome til nytte på grønare felt er eit dårleg argument.

— Det er klart at forsking kan komme til nytte på andre område enn det i utgangspunktet er tenkt til, men det vil gjelde alt.

— Det trengst ei gigantisk, kulturell omstilling, seier klimaforskar Helge Drange. Foto: Siri Øverland Eriksen

Slik Haugan ser det, er 40 prosent til fornybar altfor lite – og 40 prosent til petroleum altfor mykje. I tillegg meiner han Equinor-samarbeidet har ein uheldig signaleffekt for kunnskapssektoren.

— Svært mykje har hendt dei siste åra og endringane skjer, og må skje, raskt. I forskinga handlar det no om det store spranget som, ein raskast mogleg overgang frå fossil til fornybar energi. Når 40 prosent går til forsking med relevans for leiting etter nye petroleumsressursar fører det også til at universiteta sjølve plasserer meir av eigne ressursar i dette. Ein ville fått mykje meir ut av pengane om dei blei dirigert til fornybare føremål, seier Haugan.

Helge Drange seier han er einig i at Equinors teknologiske kompetanse utvikla gjennom mange tiår med olje- og gassproduksjon er viktig, for eksempel i utviklinga av havvind.

— Kompetansen er formidabel, og bør takast i bruk i det grøne skiftet. Men det trengst ei gigantisk, kulturell omstilling. Vi må ikkje gløyme at Equinor fortsatt i all hovudsak er eit olje- og gasselskap. Universiteta skal ikkje bidra til å forlenge oljealderen, seier Drange.

Den internasjonale storavisa The Guardian kunngjorde nyleg at dei ikkje lenger vil ta annonsar frå olje- og gassindustrien.

— The Guardian seier med med dette nei takk til ei viktig inntektsskjelde. Dei er mykje modigare enn universiteta, seier Drange.

Powered by Labrador CMS