studiebarometeret
Har aldri brukt mindre tid på å studera
To tredelar av norske studentar jobbar ved sida av studia. — Me må velja mellom deltidsjobb og eksamenslesing, seier NSO-leiar Kaja Ingdal Hovdenak.

I dei tolv åra norske studentar har svara på Studiebarometeret, har dei aldri brukt mindre tid på studia sine.
Det kjem fram i Studiebarometeret for 2024, som vart presentert ved Universitetet i Bergen 10. februar.
Dei omlag 30.000 studentane som har svara på undersøkinga seier at dei i snitt brukar 32,2 timar på å studera i veka. I tillegg brukar dei 9,3 timar på å jobba.
Men det er ikkje alle studentar som har deltidsjobb, og ser ein berre på dei to tredelane som faktisk oppgir å ha ein deltidsjobb, seier dei at dei i snitt brukar 14,5 time på jobb kvar veke.
Eksamenslesing eller jobb?
— Eg trur ikkje det er slik at me har vorte kjempeeffektive. Me har ikkje råd til å studera like mykje, sa NSO-leiar Kaia Ingdal Hovdenak under paneldebatten i etterkant av presentasjonen.
Dei siste åra har studiestøtta auka. Men:
— Auken har ikkje vore tilstrekkeleg. Me ønskjer at studiestøtta skal vera knytt til grunnbeløpet i folketrygda. No må me velja mellom eksamenslesing og deltidsjobb, sa Hovdenak.
Akademikerne er òg uroa. Leiar Lise Lyngsnes Randeberg skriv i ein e-post til Khrono at dei er uroa for at studentane ikkje får tid til å læra seg det dei skal.
Meir KI, mindre organisert læring
— Det er ikkje nokon quick fix å læra seg nye ting — ein kan ikkje berre trykka på ein KI-knapp, sa Nokut-direktør Kristin Vinje.
Som Khrono allereie har skrive, har talet på studentar som seier at dei nyttar kunstig intelligens (KI) auka. Samstundes seier studentane at dei får lite opplæring i bruk av KI-verktøy. Tala i Studiebarometeret viser òg at dei studentane som brukar KI, brukar mindre tid på organiserte læringsaktivitetar.
— Det vert ikkje så bra dersom ein ikkje brukar tid og krefter på å tileigna deg nytt stoff, sa Vinje.
Statsråden: Må ha tid til å studera
Litt jobbing er bra, særleg dersom ein har ein deltidsjobb som er relevant for det ein studerer, sa forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Ho viste til at partiet hennar har vore med på å auka studiestøtten dei siste åra, men sa òg at levekostnadane har auka for alle.
— Det må vera sånn at det er mogleg å bruka tid på å studera, sa ho.
— I tillegg er det slik at me alle har fått dårlegare evne til å konsentrera oss. Kva betyr det for studieprogramma? Når ein skal læra noko, må ein stå litt i det over tid.

Lovar å sjå på studiestøtte
Då Aasland var leiar i det som då heitte Norsk Studentunion på tidleg 2000-tal, var det ei endring i studentmassen med mange førstegenerasjonsstudentar.
— Aasland, er du uroa over at ein kan missa mangfaldet, dersom studentane vert meir avhengige av støtte heimanfrå?
— Nei, eg er ikkje uroa. Me har ei god studiefinansiering i Noreg, med eit rettvist system. Det skal me halda fram med å ha.
— No når Arbeiderpartiet er åleine i regjering, vil de gjera som Hovdenak ønskjer seg og knyta studiestøtte til grunnbeløpet i folketrygda?
— Det er i alle fall noko me skal sjå på. Dette har vore diskutert lenge, og eg skjønar at studentane ønskjer seg ei føreseieleg finansiering.
Eldre studentar
Pinar Heggernes, prorektor for utdanning ved Universitetet i Bergen, peika på at ein god del studentar er eldre enn før og at studentmassen er meir mangfaldig.
— Me vil at studentane skal bruka full veke på studia sine! Men samstundes er det slik at ein har fått desentrale utdanningar, og ein del studentar jobbar og studerer gjerne samstundes.
Statsråd Aasland peikar på det same.
— Eg kan ikkje med utgangspunkt i denne undersøkinga seia at norske studentar jobbar for mykje. Men det er viktig at ein har nok tid til studia. Samstundes er det òg bra å få arbeidserfaring, seier ho til Khrono.
Nyeste artikler
Uroa over plattformene til Musk og Trump — arrangerer kjeldekritikkens dag
OsloMet legger ned trafikklærerutdanningen
Vi trenger en nasjonal tverrsektoriell strategi for å tiltrekke oss internasjonale talenter
Valgkamp og faglig forankring ved NMBU
Forskningsrådet styrker forskning på forsvar og sikkerhet. Oppretter nytt styre
Mest lest
Student brukte KI og fikk tidenes strengeste fuskestraff
Elon Musk blir ikke kastet ut av vitenskapsakademi
Sjefene som tjener over en halv million på ekstrajobber. — Flott og sunt
Kritisk til historisk stort rektorteam: — Et sjuhodet troll
Professor møter rektor i retten. Forlanger erstatning frå NHH etter varslingssak