Kven skal betala for forskinga når det vert færre offentlege kroner? I Bergen har Trond Mohn Stiftelse tre milliardar forskingskroner på bok.
Sidan 2004 har det som i dag heiter Trond Mohn Stiftelse gitt pengar til forsking ved Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus. Ekspertpanel innstiller kven som skal få pengar, og mange av dei 47 mottakarane er i dag professorar ved UiB. Sveinung Hole er dagleg leiar i stiftelsen.Hilde Kristin Strand
Bergen/Trondheim (Khrono): I eit hjørne på toppen av Telenorbygget på Kokstad i Bergen har Trond Mohn eit kontor. Lenger borte i same etasje held Trond Mohn Stiftelse til. Med ein grunnkapital på tre milliardar kroner kroner er dette langsiktige pengar, som utelukkande skal gå til forsking.
FAKTA
Nokre av dei store, private givarane
Olav Thon-stiftelsen: Skal fremja forsking og tiltak med mål om å betra førebygging, diagnostiskk og behandling av muskel- og skjellettsjukdommar og lidingar i kroppen sitt bevegelsesapparat. Kan dela ut inntil 100 millionar kroner i året.
Trond Mohn Stiftelse: Støttar forsking og forskingsfremjande tiltak ved UiB og Helse Bergen HF, men òg ved andre institusjonar som samarbeider med institusjonar i Bergen. Forsking i skjeringa mellom balasforsking og klinisk medisinsk forsking er eit særleg framheva forsmål. Har eige program for unge forskarar
Tromsø forskningsstiftelse: Er òg oppretta av Trond Mohn. Skal sikra kompetansebygging ved UiT Noregs arktiske universitet, og gjer dette i hovudsak via eit «starting grant»-program for unge forskarar.
Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen: Har fleire medisinske senter oppkalla etter seg, og har òg eit eige program for unge forskarar
Kavliinstituttet: Finst slike i fleire land. I Noreg har Moser og Moser finansiering frå dette instituttet
Kavlifondet: Støttar primært helseforsking, særleg knytt til barn og unge
Grieg Foundation: Støttar allmennyttige formål, men òg forsking på brystkreft og hjarteproblem hos kvinner
Kreftforeningen: Støttar kreftforsking
Stein Erik Hagen: Støttar Norsk senter for primær skleroserende cholangitt (PSC) ved Universitetet i Oslo
Stiftelsen Dam: Støtte til helseforsking. Retta mot målgrupper som bidreg til å fremja levekår, fysisk og psykisk helse, meistring, livskvalitet eller sosial deltaking. Dette betyr mellom anna arbeid for auka deltaking og likestilling for funksjonshemma, førebyggande helsearbeid og rehabilitering
Foreningen for hjertesykebarn forskningsstiftelsen: Støttar forsking på medfødde hjartelidingar
Raagholtstiftelsen: Støttar forsking innan blinde-,hjarte- og kreftsaka
Stiftelsen Norsk luftambulanse:Samarbeider med helseføretak og støttar forsking som har nytte for dei
Folke Hermansens fond: Støttar kreftforsking ved Universitetssjukehuset i Stavanger
— Me deler ut det me tener, og det må vera balanse over tid. Me investerer pengane i forsvarlege, langsiktige ting. I fjor tente me 350 millionar kroner, seier Sveinung Hole.
Han er dagleg leiar både i Trond Mohn Stiftelse og Kristian Gerhard Jebsen Stiftelse og serverer kaffi medan bergensregnet piskar på vindauga.
Utdanningsinstitusjonane må sjå seg meir om etter andre finansieringskjelder, sa forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe då statsbudsjettet vart lagt fram torsdag.
— Ser ein på andre nordiske land som det er naturleg å samanlikna seg med, er det veldig lite innslag av ekstern finansiering. Og det dei har, er gjerne frå Forskingsrådet, så det vert frå mitt budsjett det òg. Dette vil eg gjerne utfordra sektoren på framover: At denne typen finansiering må ta meir av framtidig vekst, sa Borten Moe.
Professor: Lite private pengar i norsk forsking
Bakteppet er det som skjedde 12.mai i år: Revidert nasjonalbudsjett vart lagt fram, og statsråd Borten Moe kasta styret i Forskingrådet. Økonomistyringa hadde vore for dårleg, var beskjeden. Det må sparast og kuttast, og nokre av programma får tjue prosent kutt. Fripro-tildelinga i haust viste ei utteljing til 5,3 prosent av dei innsendte søknadane, og Borten Moe stadfesta til Khrono denne veka at det ikkje vert ny tildeling i denne kategorien før i 2024.
Så kven skal då erstatta det økonomiske holet?
Eit søk i Legathåndboken gir mange treff på «forsking», og ifølgje Lotteritilsynet er det 733 stiftelsar som har «forsking» i sine vedtekter. Men heilt kor mykje av dei seks milliardane som årleg vert delt ut til det norske samfunnet som faktisk går til forsking, er det ingen som har eksakte tal på.
— Det er veldig, veldig lite private pengar i norsk forsking. Det finst nok mange forklaringar på det, mellom anna at ein ser på det som staten si oppgåve å finansiera forsking og at mange av dei store selskapa ein har i Noreg, som Equinor, Telenor og DNB, er under statleg kontroll.
— I Sverige har ein mellom anna fleire stiftelsar knytt til industridrift, seier Oust.
Wallenberg-familien står bak fleire stiftelsar som støttar forsking. Også Kamprad-familien, som står bak eit svært kjent varehus, har oppretta ein stiftelse som mellom anna støttar forsking.
Oust seier at ein del stiftelsar har forsking som sitt einaste formål, som Sintef. I tillegg har nokre av utdanningsinstitusjonane eigne stiftelsar knytte til seg. Men når ein snakkar om private pengar til forsking, snakkar ein gjerne anten om allmennyttige stiftelsar som kan ha forsking som eitt av fleire formål, eller om private gåver frå andre givarar.
— Dersom ein skal få meir private pengar inn i forskinga må anten stiftelsar, og då særleg dei allmennyttige, gi meir til forsking. Ein veit jo ikkje korleis dette vil verta i framtida, kva dei som er rike no tenkjer, seier Oust.
— Men slik det er no, trur eg ikkje det vil vera mogleg å fylla på dersom det offentlege trekkjer seg unna.
Nokre av dei som gir pengar til forsking i dag, er rike, gamle menn. Olav Thon Stiftelse, som 99 år gamle Olav Thon står bak, deler ut hundre millionar kroner i året. Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen etter den no døde skipsreiaren, gir pengar til forskingssenter, no knytt til medisinsk forsking, og i Stavanger er det oppretta eit fond etter ein annan død reiar: Folke Hermansen. Pengar frå hans fond går til kreftforsking ved Stavanger universitetssjukehus.
Ein annan rik, eldre mann, Stein Erik Hagen, har gitt pengar til forsking på den sjeldne sjukdommen primær skleroserende cholangitt (PSC).
Trond Mohn gir pengar på fleire måtar: Gjennom forskingsstiftelsen i Bergen, gjennom Tromsø forskningsstiftelse og som privat givar. Med den siste hatten på har han gitt pengar til både medisinsk utstyr og ikkje minst til breiddeidrett.
– Eg set meg godt inn i prosjekta eg støttar. Eg gir i hovudsak til medisin og forsking, og så til breiddeidretten – ofte til prosjekt for å hjelpa ungdom, sa Mohn i eit sjeldant intervju med E24 i vinter.
Mest til medisinsk forsking
Men kva er det dei private pengane går til?
Mellom anna til så dyr forsking eller så dyrt utstyr at universiteta ikkje hadde hatt råd til å betala for det sjølve, i alle fall ikkje utan at det hadde gått utover noko anna, seier Dag Rune Olsen.
Han er rektor ved UiT Noregs arktiske universitet (UiT), tidlegare rektor ved Universitetet i Bergen (UiB) - altså to universitet som har nytt godt av pengar frå nettopp Trond Mohn. Tromsø forskningsstiftelse har gitt pengar øyremerkte til å bygga opp kompetanse ved UiT, gjennom eit starting grant-program.
— Kor lang tid har du, humrar Olsen, og trekkjer deretter linjene attende til den prøysiske politikaren Wilhelm von Humboldt: Forskinga skal vera fri og uavhengig og staten si rolle avgrensa.
— Staten skal finansiera forsking, men elles halda seg langt unna. Institusjonell autonomi er viktig for fri og uavhengig forsking. Så kan ein seia at det skal vera visse grunnar til at staten har ein viss innflytelse over forskingsinstitusjonane. Men private pengar vil då kunne sikra mangfald og slik meir autonomi, seier Olsen.
Han seier at for både UiT og UiB har pengane frå Trond Mohn kome godt med.
— Dei har ikkje hatt ei tematisk innretning, men har vore pengar ein kan bruka strategisk.
Khrono har gått gjennom tildelingar og vedtekter for dei største private fonda og stiftelsane. Dei viser at det særleg er medisinsk forsking som får pengar, med naturvitskapeleg forsking som nummer to.
Trond Mohn er æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Her får han beviset på det frå dåverande rektor Dag Rune Olsen og dåverande universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.Tor Farstad
Moser: Fleksible pengar
I Trondheim har NTNU Kvali-instituttet for systemnevrovitenskap. Kavli-institutt, som er oppkalla etter Fred Kavli, som utdanna seg ved dåverande NTH i Trondheim og deretter starta business i USA, finst fleire stader i verda. Felles for kvaliinstitutta er at dei får eit titall millionar i oppstartmidlar til å etablere eit fond som gir årlige millionutbetalingar til instituttet.
Instituttet for sysmtenevrovitskap har òg fått andre private midlar — og dei har fått ein nobelpris.
— Dei private gåvene me har fått, og som me er ekstremt glade for, har betydd enormt mykje for oss. Men det er vanlegvis eingongspengar, seier professor Edvard Moser til Khrono.
Saman med May-Britt Moser har han allereie ropt eit varsko om kva konsekvensar kutt i Forskingsrådet kan få.
For professorane Moser og Moser, som leier eit institutt med eit budsjett på om lag 160 millionar kroner i året, er det om lag ti prosent som kjem frå private givarar. Men det er svært viktige pengar, seier professor May-Britt Moser.
— Det er desse pengane som gjer at me kan kjøpa instrument eller henta inn folk me treng, seier ho, og fortel om då Edvard Moser, på grunn av fleksible midlar, fekk «lokka» ein kinesisk forskar til NTNU som gjorde dei i stand til å utvikla eit mikroskop som vil revolusjonere studiet av hjerneaktivitet.
Miljøet Moser og Moser har bygd opp, huser no òg eit Senter for framifrå forsking (SFF) og eit Jebsen-senter som skal forska på Alzheimer.
Edvard og May-Britt Moser leier eit Kavliinstitutt, og har i tillegg både eit Jebsen-senter og eit Senter for framifrå forsking i porteføljen.Tove Lie
Har rekruttert 47 unge forskarar
I Bergen har Trond Mohn stiftelse gitt pengar til forsking og kompetansebygging ved UiB og Haukeland universitetssjukehus heilt sidan 2004. Dei siste fem åra har stiftinga støtta UiB sitt arbeid med å bygge verdsleiande forskingsmiljø gjennom eit eige toppforsk-program, men det viktigaste heilt frå starten har vore starting grant-programmet. Dette har gitt universitetet høve til å rekruttera totalt 47 unge forskingsleiarar som normalt er under 40 år ved prosjektstart.
— Her er det UiB som nominerer kandidatar som igjen sender korte søknader. Kvar søknad vert vurdert av tre internasjonale ekspertar. Deretter er det stiftelsen sitt permanente vitskaplege råd som vurderer, før finalistane sender inn fullstendige søknader. Desse vert vurdert av tre nye internasjonale ekspertar, seier Sveinung Hole.
Sjølv om det er styret i stiftelsen som til slutt seier ja eller nei, er det den faglege kvaliteten som avgjer.
— Eg har aldri opplevd at styret har gjort om på prioriteringa frå fagekspertane. Men nokre år har beskjeden til styret vore at «dei tre på topp er veldig gode, men det er òg nummer fire, så dersom det finst meir pengar...», seier Sveinung Hole.
Han seier at stiftelsen vil gi pengar til store, langsiktige prosjekt – fordi desse set varige spor. Og dei gir berre pengar til tema institusjonane sjølve vil satsa på.
For ein del år tilbake var det ei konflikt i Bergen. Pengar frå det som den gong heitte Bergens forskningsstiftelse skulle føra til professorstilling ved UiB, dersom ein hadde gjort det ein skulle i prosjektperioden. Dette var ikkje greitt, meinte den dåverande UiB-leiinga.
— Den avtalen me hadde, inneheldt ein garanti frå UiB om at desse kandidatane automatisk skulle få fast tilsetjing som professorar ved UiB dersom dei i løpet av stipendperioden hadde oppnådd professorkompteanse. Ein slik garanti er imidlertid i strid med Universitets- og høgskulelova og andre bestemmelsar om fast tilsetjing i vitskapelege stillingar. Slike tilsetjingar skal gjerast av universitetet sjølv etter opa utlysing og vurdering av konkurrerande søkjarar, sa dåverande rektor Sigmund Grønmo, og viste til eit vedtak i universitetsstyret frå 2011.
Hole seier at Starting grant-programmet har som mål å rekruttera talentfulle unge forskarar inn i faste vitskapelege stillingar ved universitetet. Det betyr at miljøa ved UiB sjølve må vurdera kva kandidatar dei skal nominera til TMS.
— I dag er det slik at det skal lysast ut ei stilling innan fagområdet etter at ein kandidat er ferdig med sin periode med pengar frå oss, seier Hole.
Stiftelsen gir heller ikkje pengar til enkeltforskarar, berre til institusjonar.
— Så ein kan ikkje søkja pengar hos dykk og ta dei med seg til eit universitet i utlandet?
— Nope. Og me vil ikkje at våre pengar skal bestemma kva det skal forskast på. Me ønskjer å støtta opp om institusjonane sine eigne prioriteringar, så me krev at institusjonane sjølve dekkjer femti prosent av prosjektkostnadene.
Erstatta offentlege pengar? Nja...
For dersom det kjem private givarar inn, kven er det eigentleg då som bestemmer over forskinga?
— Eg plar seia at det er som å få ein hest til jul. Det går ikkje over!
Sveinung Hole er dagleg leiar i Trond Mohn Stiftelse. I tillegg til at Mohn gir pengar til forsking gjennom stiftelsen, gir Mohn òg private pengar til mellom anna medisinsk utstyr.Hilde Kristin Strand
Sveinung Hole humrar.
— Eg synest ikkje at det er utidig at pengar frå oss har ein retning. Det er private, beskatta pengar.
Hole seier at for stiftelsen er det viktig å setja avtrykk, og få fram prosjekt der dei kan seia at «dette hadde ikkje skjedd utan oss». Han fortel vidare at stiftelsen har møte både med UiB-leiinga og leiinga i Helse Bergen eit par gonger i året for å få innspel til kva tema institusjonane særleg ønskjer å satsa på, både kvar for seg og i samarbeid.
— Men om stiftelsar som vår skal erstatta offentlege forskingspengar? Nja, ikkje heilt, me vil få til noko i tillegg til den offentlege finansieringa, for eksempel stimulera til samarbeid som elles ikkje ville vore så enkle å få til.
Bør ein seia nei?
Professor Oust ved NTNU seier at ja, stiftelsar kan bestemma både kva som skal forskast på og kven dei vil gi pengar til.
— Dei er opptekne av å få mest mogleg nytte for pengane sine. Men dei kan ikkje bestemma over enkeltforskarane.
— Kan ein sjå føre seg nokre vanskelege saker, til dømes dersom ein får ei dyr maskin?
— Ein kan få nokre etiske debattar om ein skal ta imot ei gåve. Dersom ein til dømes får ei dyr maskin, så følgjer det verken rom eller folk med, og ei slik maskin kan òg gjera noko med kva ein sjølv prioriterer, seier Oust, og legg til:
— Ein kan ikkje seia ja til alt.
Om ein skal seia nei eller ikkje kjem an på kor klare føringane er, seier Dag Rune Olsen.
— Dersom det kjem nokon med pengar og seier at ein berre skal forska på til dømes prostatakreft, då bør ein sjå om ein skal lata vera dersom ein ikkje allereie har forskning på området. Ein må òg ha ryggrad til å seia nei.
— Kor lett er det å seia nei?
— Det er jo ikkje lett. Og fordelen ved eit breiddeuniversitet er jo at nokon truleg kan vera interessert i tematikken.
Kven vil betala for grunnforsking?
Statsråd Borten Moe vil gjera søknadsprosessane til Forskingsrådet lettare, har han nyleg sagt til Khrono. Sveinung Hole seier ikkje velkommen etter, men nemner at slik har det lenge vore for Trond Mohn Stiftelse.
— Å ha ein så låg tilslagsprosent som ein har no over tid, kan føra til at dei beste etablerte forskarane reduserer søknadsaktiviteten sin. Det kan igjen føra til færre moglegheiter for unge talent som ofte startar sine karrierar knytt til eksternfinansierte prosjekt.
Begge stiftelsane Hole leier har vore opptekne av å avgrensa talet på søkjarar. For Jebsen-sentra har kvart helseføretak-område fått høve til å senda eit gitt tal søknader. Slik vert det gode søknader, og godt samarbeid.
For Mohn er det grunnforsking og forsking i retning av translasjon som tel. Spørsmålet som har vorte stilt, er kva som skjer dersom norske forskarar, fordi det er mindre pengar i det offentlege Forskingsrådet, ser til det private næringslivet.
— Eg trur ikkje mange verksemder vil gi pengar til noko som løner seg om 30 år, seier Edvard Moser, noko tørt.
May-Britt Moser følgjer opp: — Ein har ein del rike menneske i Noreg. Dei opplever sjukdom sjølv, eller sjukdom i familien, og vil gi pengar til nettopp dette. Det å ha forståing for grunnforskinga er frykteleg vanskeleg, og er nok framleis primært ei oppgåve for staten, sjølv om private bidrag er viktige som supplement.
Det finst ikkje noko meir berekraftig enn grunnforsking, seier professor May-Britt Moser (nede til høgre). Saman med professor Edvard Moser og resten av Kavli Institute for Systems Neuroscience kunne dei i september jubla for sin tredje periode som Senter for framifrå forsking.Torstein Olav Eriksen
Krev formidling
På stiftelsen si årsmarkering i Universitetsaulaen 2. desember skal Trond Mohn Stiftelse heidra årets stipendmottakarar og løfta fram Bergen senter for etikk og prioriteringar – BCEPS som stiftelsen har støtta sidan 2019 som no får status som Senter for framifrå forsking (SFF).
— Me krev ein ting frå dei som får pengar frå oss: At dei fortel om det dei gjer. Ikkje at dei fortel om kor pengane kjem frå, men om forskinga, seier Hole.
Han legg til:
— Å få ei overskrift om at «Trond Mohn gir x antal millionar» — det er det lettaste i verda.
Oslo bystyre har enstemmig gitt Diakonhjemmet klarsignal for å bygge en videregående skole.
– Dette var den siste offisielle milepælen som måtte på plass før vi kan realisere planen for utviklingen av Oslos nye profilskole, sier en meget fornøyd administrerende direktør ved Diakonhjemmet Ingunn Moser i en pressemelding.
Den videregående skolen blir en del av Campus Diakonhjemmet. Den skal ha en helse- og oppvekstfaglig profil, og vil få plass til opptil 810 elever. VID vitenskapelige høgskole holder til på området, og vil få et utvidet campus som en del av prosjektet.
På området der den nye skolen skal bygges ligger det også sykehus, omsorgsboliger, et nytt sykehjem, en høyskole og en fagskole. Byggestart var 2. juni.
Den nye videregående skolen og det nye torget som skal bygges på Diakonhjemmet.Henning Larsen arkitekter.
De siste åtte årene har over 3700 personer fått doktorgradene sine godkjent ved Universitetet i Oslo, noe som gir et snitt på 462,5 nye doktorer hvert år under Stølens ledelse.
Det melder rektoratet i sin egen blogg.
Men selv om mye er bra og doktorene ifølge bloggen bidrar stort til at UiO er et ledende internasjonalt universitet, lister rektoratet også opp noen punkter til refleksjon og/eller forbedring i bloggposten:
1. Oppfølgingen av kandidatene kan fremdeles bli bedre.
2. UiO må fortsatt sikre de internasjonal koplingene i doktorgradsutdanningen.
3. Forskningskompetansen må være relevant for et mangfold av jobber.
Der omtaler Moser Kavliprisen om en av de aller mest prestisjefylte vitenskapsprisene i verden.
— Det blir inspirerende å dykke ned i det fremste av verdens nevrovitenskapelige forskning og reflektere over de største gjennombruddene sammen med komiteen, sier Moser.
Ifølge nettsiden ser han «frem til arbeidet med å identifisere de mest banebrytende forskerne i verden.»
De foreløpige resultatene fra en spørreundersøkelse blant skeive i akademia, viser at under 20 prosent mener at arbeidsplassen eller studiestedet er inkluderende.
Det skriver Kifinfo i en pressemelding. Tallene ble lagt fram på konferansen Skeivt symposium på Høyskolen Kristiania denne uka.
Undersøkelsen er basert på 250 svar fra primært faglige ansatte. Omtrent en femtedel av respondentene er studenter.
Tallene viser også at i underkant av 60 prosent synes de blir behandlet som alle andre.
— Intensjonene er gode, men reell inkludering uteblir ofte. Støtte oppleves som sesongbasert — synlig under Pride, men fraværende i fagmiljøer, forskningsgrupper og undervisning ut over dette, sier professor i kjønnsforskning ved Universitetet i Stavanger, Elisabeth Lund Engebretsen, som står bak undersøkelsen.
Over 70 prosent av respondentene oppgir at de aldri har opplevd hatmotiverte kommentarer, men 12 prosent sier at det skjer «av og til» eller «ofte».
Anders Jahres store medisinske pris for 2025 gis til Sten Eirik Wælgaard Jacobsen, som er professore ved Karolinska Institutet i Sverige.
Anders Jahres pris til yngre forskere går til Thomas McWilliams, Universitetet i Helsinki, og William Nyberg, Karolinska Institutet.
Det skriver Universitetet i Oslo i en pressemelding torsdag.
Sten Eirik Wælgaard Jacobsenmottar Jahre-prisen for sine oppdagelser om blodstamceller i beinmargen og hvordan de gir opphav til immunceller, til røde blodlegemer og til blodplater.
Thomas McWilliams får prisen for sine studier av hvilken rolle nedbrytning og resirkulering av egne bestanddeler i celler (autofagi) har i hjernen, mens William Nyberg får prisen for sitt arbeid med å utvikle effektive verktøy for immunterapi mot kreft ved hjelp av T-celler.
Fjoråret endte med driftsunderskudd på 550.000 kroner for Forskning.no.
– Vi skal ikke tjene penger, vi er en non-profit-avis, men vi skal heller ikke tape penger. I 2023 hadde vi et kraftig underskudd, som blant annet skyldes at vi ønsket å ha en satsing for unge, som vi tok på egenkapitalen det året, sier ansvarlig redaktør for Forskning.no, Aksel Kjær Vidnes til Medier24.
Avisa opplevde i fjor prisstigning og lavere annonseinntekter. Medlemsinntekter økte, fra 14,7 millioner til 15,4 millioner, mens annonseinntektene sank med 750.000 kroner.
I tillegg til et trått annonsemarked, har det vært prisstigning på tjenester Forskning.no trenger for å lage avis.
NORA er et norsk samarbeid mellom åtte universiteter, fem høgskoler og fem forskningsinstitutter innen KI, maskinlæring og robotikk. Årets NORA-konferanse ble arranger ved Høgskolen i Østfold mandag og tirsdag denne uken.
Lars Ailo Bongo er ifølge pressemeldingen fra UiT en kjent pådriver for å fremme utvikling og forskning på samisk kunstig intelligens, og det er derfor han er vinner av årets pris.
— Jeg syns det er hyggelig å ha vunnet denne prisen. Det viser at arbeidet vårt med å fremme samisk kunstig intelligens blir lagt merke til, uttaler Bongo.
Målet med mangfoldsprisen er å anerkjenne et individ med tilknytning til en norsk institusjon, som har vært aktiv og tatt lederskap når det kommer til å sette fokus på kjønnsforskjeller innen KI-feltet, eller andre typer diskriminering, knyttet til alder, seksuell orientering, etnisitet, eller annet.
— Samisk KI er viktig for det samiske samfunnet siden det kan løse det største problemet; mangelen på eksperter med samisk språk- og kulturkompetanse, for eksempel i helsevesenet, utdanning, eller offentlig forvaltning, sier Lars Ailo Bongo.
Her har Lars Ailo Bongo akkurat fått prisen.Christoffer Hals, dScience