universitetet i bergen

Han har pakka ned professorlivet. Geir Anton Johansen har fått alzheimer

Det Geir Anton Johansen først trudde kom av høgt arbeidspress, viste seg å vera det han frykta aller mest.

Han tok doktorgrad i 1990 og har vore professor og leiar i årevis. Men no ventar ein ny og ukjend kvardag for Geir Anton Johansen.

Han har vore instituttleiar ved Universitetet i Bergen (UiB), dekan ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) og vart deretter henta attende til UiB for å leia Smart Ocean, som er eit senter for forskingsdriven innovasjon (SFI).

Fakta

Kva er demens

  • Eit felles omgrep på organiske sjukdommar i hjernen som fører til generell intellektuell svikt, at ein vert gløymsk, desorientert og får sviktande dømmekraft
  • Den kognitive svikten ein får, påverkar evna til å fungera i dagleglivet
  • Demens er kronisk og det finst per i dag ikkje medisin mot tilstanden
  • Alzheimer er den vanlegaste forma for demens, heile 60 prosent av personane som har demens har denne forma
  • Demens er vanlegast blant personar over 65 år. Før fylte 65 vert ein definert som tidleg dement

Kjelder: Store norske leksikon og Nasjonalt senter for aldring og helse

Men no pakkar Geir Anton Johansen ned yrkeslivet sitt. Det er berre ei hylle att på kontoret i fysikkbygget ved UiB, og den er nesten tom. Bøker og DVD-ar og anna som kan koma til nytte har fysikkprofessoren sett ut i korridoren, der studentar og andre har tatt med seg det dei ville ha. Det vart kjapt tomt.

Johansen er ikkje pensjonist. Men 62-åringen er i ferd med å verta ufør. For om lag eit år sidan fekk han diagnosen alzheimer.

Mange tilbakemeldingar

— Eg las om deg i Bergens Tidende.

— Ja, saman med mange andre. Eg har aldri vore med på maken, seier Johansen, og fortel at kjende både frå notid og personar han ikkje har snakka med på mange år, har teke kontakt.

— Kvifor vel du å vera open?

— Når ein får denne diagnosen, vert ein ikkje kvitt han. Og for dei som vert ramma er det tøft, så eg tenkte at det er i alle si interesse at nokon fortel.

Skulle vera leiar

Det siste året har professoren jobba tjue prosent. Det var på jobben han særleg merka at noko ikkje var som før.

— Demens handlar ikkje berre om å gløyma. Det handlar òg om at ein ikkje klarar å yta på ein god måte. Eg skulle leia Smart Ocean og var gira på å trøkka på, seier Johansen.

— Hjernen har vore verktøyet ditt. Korleis kjennest det når han ikkje lenger verkar som før?

— Ein må finna noko anna å gjera, det er det som ligg i omgrepet «ufør». Eg hadde lagt planar, og sjølv om dei ikkje var hogde i stein, er det vanskeleg å forstå at dei ikkje vert noko av.

Professoren seier at det gjekk i eitt på jobb. Men han skjønte at det var noko anna enn berre arbeidspress som gjorde at noko var annleis enn før.

— Så fekk eg beskjed om det eg frykta.

Geir Anton Johansen og Terje Restad i munter passiar i gangen. Restad er administrasjonssjef for Smart Ocean.

Skal byrja i kor

Tal frå 2020 viser at det er vel 100.000 personar i Noreg som har ein demensdiagnose. Vel 4 000 av desse var under 70 år. Er ein under 65 år når ein får diagnosen, slik som Geir Anton Johansen, er ein definert som tidleg dement. Alzheimer er den vanlegaste forma for demens, og altså den sjukdommen Johansen har fått.

Han seier at han har mista kognitive eigenskapar. Å køyra bil og motorsykkel kan han ikkje gjera lenger. Men han har gode venner som tek han med ut, og han fortel om turar han har saman med venner og med kona. Ho er framleis i full jobb.

— Det er eit stort tap — eller, kanskje det er eit for sterkt omgrep? Men eg ser at både kona mi og barna våre får kvardagen sin endra fordi eg er råka av denne sjukdommen.

Sjølv har Johansen fått tilbod om aktivitet på Lynghaug aktivitetssenter for yngre personar med demens. Dit skal han to dagar i veka. Og så skal han byrja i kor. Bergens Tidende skriv at det no, etter modell frå NRK-serien «Demenskoret», skal starta fleire demenskor i Bergen.

— Eg er i alle fall ikkje tonedøv, humrar Johansen.

Han fortel at han var aktiv korpsmusikant som barn og ungdom, og han har sunge i kyrkjelyden der han er aktiv. Men like mykje som den faktiske songen har han tru på fellesskapet.

— Eg var på eit seminar på Osterøy, me var vel 15-20 personar med demens som var samla der. Me jobba saman i grupper, og så sang me saman. Det gjorde godt å synga!

Vert forska på

Når ein har forska heile sitt vaksne liv, er det kanskje ikkje så rart at ein er oppteken av kva vitskapen kan gjera for menneske med ein demensdiagnose. Johansen seier at han heilt sidan han fekk diagnosen har vore oppteken av korleis ein kan bremsa utviklinga av sjukdommen. Her kjem musikken inn, og i tillegg er han oppteken av å halda seg i god fysisk form.

Han er dessutan med på forskingsprosjekt på Haukeland universitetssjukehus. I 2019 fekk UiB, saman med Haukeland universitetssjukehus, som ein av dei første institusjonane i verda ein PET/CT-skannar. Den kan brukast mellom anna til kreftdiagnostisering og til undersøkingar av hjernen.

— Det er behov for meir kunnskap om demens, seier Johansen.

Som når han vel å stå fram med historia si, er det andre med sjukdommen han tenkjer på når han let seg forska på.

— Eg får noko medisin òg, men eg veit ikkje om det er ekte eller placebo.

Det finst ei kaffimaskin på gangen, men Geir Anton Johansen har eigen kaffitraktar på kontoret.

Ville ikkje verta rektor

Geir Anton Johansen var i finaleheatet til å verta rektor ved den nyoppretta Høgskulen på Vestlandet i 2017. Stillinga gjekk til Berit Rokne, som hadde vore prorektor ved UiB. Men då stillinga vart lyst ut på nytt i 2020, var han ikkje på søkjarlista.

— Nei, eg hadde bestemt meg for at det ville eg ikkje, seier han.

No endar arbeidslivet nokre år før det som er vanleg pensjonsalder for ein professor.

— Ein må prøva å vera optimistisk, seier 62-åringen.

Powered by Labrador CMS