
Meir pengar til Moser og Kavliinstituttet
Budsjettlekkasje. Kavliinstituttet for nevrovitskap ved NTNU, der nobelprisvinnarane Edvard og May-Britt Moser er forskarar, får 12 millionar meir årleg frå neste år.
Kavliinstituttet for nevorvitskap ved NTNU, der dei to nobelprisvinnarane Edvard og May-Britt Moser er forskarar, får auka statsstøtta frå 16 til 28 millionar kroner i året.
Dette skriv NRK Trøndelag. Pengane skal i hovudsak brukast til forskarstillignar knytte til Mosergruppa.
NTNU har lenge ønskt seg meir pengar, og Universitetsavisa skreiv i vår at i eit vedtak rådde Forskingsrådet sitt styre til at Kunnskapsdepartementet aukar den øyremerkte støtta. NTNU hadde ønskt seg om lag 50 millionar kroner, tilrådinga frå Forskingsrådet skal ha vore at Moser-miljøet får mellom 35 og 40 millionar.
— Regjeringa ønskjer å heia fram dei eksellente forskarane og forskingsmiljøa me har. Edvard og May-Britt med sine Nobelprisar er eit veldig godt døme på det, sier forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø (V) til NRK.
Edvard Moser seier til NRK at pengane skal nyttast til stillingar, og først og fremst til meir vågal forsking.
— Heile spekteret av folkesjukdommar kan me faktisk finna løysingar på etter kvart, seier han.
Moser seier til NRK at forskargruppa vil prøva å forstå korleis nettverk med tusenvis av celler samarbeider. Dette kan så føra til at ein kan forstå hjernefunksjonane tenking og planlegging. Det er funksjonane som er ramma i psykiatriske lidingar, og kognitive lidingar som Alzheimer sjukdom.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!