Etter mange timars debatt var det klårt: Berit Rokne vert første rektor for Høgskulen på Vestlandet. Foto: Jan Kåre Wilhelmsen, UiB Foto: studvest
Etter mange timars debatt var det klårt: Berit Rokne vert første rektor for Høgskulen på Vestlandet. Foto: Jan Kåre Wilhelmsen, UiB Foto: studvest

Berit Rokne blir rektor for Høgskulen på Vestlandet

Interimsstyret for Høgskulen på Vestlandet (HVL) har i dag vedteke å tilby Berit Rokne stillinga som rektor, i ein åremålsperiode på fire år.

Publisert Oppdatert

I ettermiddag fekk Berit Rokne meldinga om at ho blir den første rektoren ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

— Eg synest det var utruleg kjekt. No må eg berre puste slik at eg får pusten ned i magen igjen, seier Rokne til På Høyden.

Ho veit ikkje kva som blei avgjerande for at ho blei vald i innspurten av ein lang prosess for å tilsetje rektor for Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskolen i Bergen, som blir slått saman til Høgskulen på Vestlandet (HVL) frå nyttår.

— Men det var på høg tid at avgjerda kom, synest Rokne.

— Høge ambisjonar

Men det var på høg tid at avgjerda kom.

Berit Rokne

Ho har ingen klare programerklæringar, men har lært mykje om den nye institusjonen i tilsettingsprosessen.

— Det er sett høge ambisjonar i fusjonsplattforma, både i høve til utdanning, forsking og synlegheit mot profesjonsutdanningane. Og heile tida må kvalitet vere fokus, seier Rokne til På Høyden.

Og ho er glad for at mykje av arbeidet med fusjonen allereie har kome godt i gang.

— Det er allereie sett i gang prosessar med å få desse tre institusjonane fram til å bli éin, og eg gler meg til å vere med på å legge vegen vidare for institusjonen.

— Kor viktige blir universitetsambisjonane for HVL?

— Dei må det jobbast mot, men eg kan ikkje i dag seie kva tidsplanen for dei kan vere, svarar Rokne.

Nøgd styreleiar Hallén

Berit Rokne (61) er i dag professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen (UiB). Ho var prorektor ved UiB frå 2009 til 2013, og var før det viserektor for utdanning same stad.

Rokne har doktorgrad i sjukepleievitskap og var tilsett som studiedirektør ved Høgskolen i Bergen frå 1996 til 1999, skriv På Høyden.

— Vi er veldig nøgde med at vi no har rektor for den nye institusjonen på plass, og er viss på at Berit Rokne har dei beste føresetnadar for å ta tak i arbeidet med å byggje den nye institusjonen, seier styreleiar Arvid Hallén, i ei pressemelding frå høgskulen.

Han legg til at styret hadde ei gruppe svært sterke kandidatar att i innspurten fram mot styremøtet, og at det har vore ein god og grundig prosess.

Fire finalistar

Interimstyret behandla saken i dag, og lukka møtet klokka 10.30, og først klokken klokka 15.15 var avgjerda klar.

På Høyden skriv óg at innstillinga frå det rådgjevande tilsettingsutvalet ikkje var samrøystes. 

Det var elleve søkjarar til rektor-tillinga, og fire av desse gjekk etter det På Høyden kjenner til vidare til «finalerunden». Dei fire var:

  • Ole-Gunnar Søgnen (61), sitjande rektor på Høgskolen i Bergen.
  • Berit Rokne (61), professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen. 
  • Liv Reidun Grimstvedt (55), rektor ved Høgskolen Stord/Haugesund. 
  • Geir Anton Johansen (56), dekan ved avdeling for ingeniørutdanning og økonomifag ved Høgskolen i Bergen.

Les også: 

Rokne tiltrer 1. januar 2017

Rokne tiltrer som rektor 1. januar 2017. Ho skal då leie arbeidet med å byggje opp ein heilt ny institusjon, basert på fusjonen mellom Høgskulen Stord/Haugesund, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen i Bergen. Institusjonen får til saman om lag 16 000 studentar og 1800 tilsette.

— Det eg umiddelbart ser fram til, er å realisere alle dei ambisjonane som er satt for den nye høgskulen, og til å jobbe saman med studentar og tilsette for å få det til. Det er jo satt ganske høge mål innan både utdanning og forsking, og også for synlegheit regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Fem campus

Høgskulen på Vestlandet får fem campus; Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugesund. Det vil seie at alle dagens studiestader består.
Høgskulen skal tilby utdanning på masternivå på alle studiestadene, og har ambisjon om å bli eit profesjonsuniversitet.

Rektor skal ha hovudarbeidsplass i Bergen. Det skal vere ein prorektor i kvar nærregion som på vegner av rektor har ansvar for regional utvikling i nærregionen. I følgje fusjonsplattforma skal det ikkje bli endringar i studietilbodet på kort sikt.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!