korona
Gjer studentane klare til koronavaksinering
I Haugesund får sjukepleiarstudentar opplæring i korleis dei skal setja koronavaksinar. Også fleire andre stader i landet vert studentar bedne om å bidra.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Sjukepleiarstudentar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) si avdeling i Haugesund øver no på å setja vaksinar. Slik kan dei vera klare til å bidra til koronavaksinering.
Det var NRK som først skreiv om saka. Dei skriv at vaksineopplæringa er eit tilbod til sjukepleiarstudentar på andre studieår. På sikt skal også tredjeårsstudentane få tilbod om same kursing.
— Alle som kan, bør bidra, seier student Karianne Kristoffersen Ferkingstad til NRK.
Samarbeid i Agder og Bergen
Haugesund kommune er naturleg nok glade for at studentane vil bidra. Helsesjef Tone Berntsen Steinsvåg seier til NRK at hjelp utanfrå er heilt avgjerande.
Også fleire andre kommunar får hjelp frå studentar. Instituttleiar Mariann Fossum ved Institutt for helse- og sjukepleievitskap ved Universitet i Agder. Ho skriv i ein e-post til Khrono at universitetet har eit samarbeid med Grimstad kommune. UiA kontaktar både studentar og tilsette med spørsmål om dei vil delta som frivillige i vaksineringsarbeidet.
— Studentar og tilsette vil då få opplæring frå kommunen, seier Fossum.
Ei liknande løysing har ein i Bergen. Per Bakke, dekan ved Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB) seier til Khrono at UiB har vorte kontakta av kommunen.
— Me har spreidd spørsmålet til medisinstudentane. Det er kommunen som har opplæringa, seier Bakke.
VID vitskapelege høgskule har fått spørsmål frå Bærum kommune om å hjelpa til med vaksineringa. Det skriv helsedekan Benedicte Strøm i ein epost til Khrono.
— Me har òg både sjukepleiarstudentar og studentar i helsesjukepleie som ønskjer å hjelpa til, så eg er òg i kontakt med Oslo kommune, seier ho.
NTNU låner ut lokale
Også i Oslo tek kommunen i bruk studentar til vaksinering. Khrono har tidlegare skrive at kommunen tek imot 50 studentar i praksis ved vaksinesentra sine.
I Oslo vil også noko vaksinering kunne skje i OsloMet sine lokale. Også i Trondheim kan det verta vaksinering på universitetet. NTNU låner den tidlegare postterminalen, som elles er brukt til eksamensavvikling, gratis ut til kommunen slik at det kan verta gjennomført massevaksinering der. Dette skriv Universitetsavisa.
Saka er oppdatert 29.1 kl 10.16 med opplysningar om VID.
Nyeste artikler
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Nøttesteik — på godt og vondt
Distriktsløft krever mer enn flere studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut