rektorval
Her er ein «NRK-Solvang»: Kan ein vera universitetsrektor og småbarnsforelder samstundes? — Eg hadde nok ikkje hatt lyst til å vera rektor medan dei var små, seier ein av de spurde.

Godt vaksne forskarar stiller til val. Kan ein vere universitetsrektor med små ungar?
— Det har hendt at eg har lurt på om det var verd det.
Lars Petter Jelsness-Jørgensen er eigentleg på eit par dagar vinterferie med familien. Men rektoren ved Høgskolen i Østfold gjer som han ofte gjer: Tek telefonen.
Fem norske universitet og høgskular skal velja rektor denne våren. Ser ein på dei som stiller til val, er dei, med nokre unntak, i ein alder der småbarnsfasen er over og besteforelderalder kan vere i ferd me då slå inn.
Khrono bestemte seg difor for å «ta ein Fredrik Solvang»: Går det an å kombinera ei rektorstilling med å ha små barn, spurde me.
— Det bør kunne vera mogleg, seier Jelsness-Jørgensen.
— Og nokre gongar er det ein fordel å få yngre menneske inn i desse posisjonane. Det er uheldig dersom rektorstaben i stor grad er sett saman av eldre tilsette og ikkje ei større aldersbreidde, så eg skulle ønska meg fleire yngre, og særleg fleire yngre kvinner, i leiarstillingar.
Prøvd å finna balanse
Sjølv fyller han femti i år, og har tenåringsbarn. Det betyr at dei var ein god del yngre då far vart rektor i 2019.
— I etterkant har eg sett at det var krevjande, og at eg ikkje alltid klarte å vera den pappaen dei fortente. Men eg har prøvd å finna ein balanse, og skjerma ei slags kjernetid på ettermiddagen, seier Jelsness-Jørgensen.

Han seier at det å kombinera ei leiarstilling med småbarnsliv òg krev ei viss forståing og støtte frå leiarar horisontalt og vertikalt, på same måte som andre livshendingar òg vil krevja forståing og støtte.
— Med ein god og sunn organisasjonskultur bør det vera mogleg, seier rektoren.
— Men eg skal vera ærleg: Å vera rektor er ein jobb som krev noko stort sett heile tida, og eg har fått kommentarar frå døtrene mine om at «Pappa, er den der PC-en limt fast i låra dine?».
Kan vera tøft, men …
Astrid Kvalbein stiller til val for andre gong ved Noregs musikkhøgskole. Også ho er på vinterferie, og svarar på e-post.
— Det er sjølvsagt individuelt korleis ein får til kombinasjon av jobb og familie, som kan vere utfordrande i mange slags yrke og livssituasjonar, skriv Kvalbein, og held fram:
— For min del er det korte svaret at det absolutt kan vere tøft å kombinera ansvaret heime og på Musikkhøgskolen. Eg hadde tre barn på mellomtrinnet då eg starta som rektor. Men det gir samtidig veldig mykje å ha så mange spennande og viktige oppgåver, seier ho.
Meiner noko har endra seg på tjue år

Bjørn Åstveit har jobba med rekruttering i 30 år, òg til offentleg sektor. No er han seniorrådgivar og partnar i firmaet Qualified Professionals.
— Kan ein verta toppleiar og samstundes ha små barn?
— Mi oppleving er at dette har endra seg. For omlag tjue år sidan var nok haldninga hos mange at det var krevjande å kombinera ei toppleiarstilling med familieliv. No opplever eg at det er meir opning for at dette er noko ein vil få til, og eg ser det kanskje særleg frå kvinner: Kvifor skal ikkje eg få dette til, spør dei.
For Kvalbein ved Musikkhøgskolen er det viktig å visa at kvinner òg kan, seier ho.
— Eg meiner at det er kultur for å kunne tilpassa jobb til familiære behov på NMH, like mykje for menn som kvinner. Det er verdifullt. Om eg er med på å styrkja dette ved å vise at også ein toppleiar kan kombinera, er det bra.
— Kan dela på oppgåvene
Åstveit trur pandemien på eitt punkt kan ha ført noko godt med seg: Arbeidslivet har vorte meir fleksibelt.
— I dag forventar arbeidstakarar at ein kan få ei fleksibel løysing med opning for heimekontor. Dersom ein ikkje tilbyr det, er ein ikkje så interessant som arbeidsgivar, seier han.
— Men bør ikkje ein toppleiar vera til stades på kontoret?
— Det bør ein, men denne fleksibiliteten kjem òg toppleiarar til gode. Og så er det nok ein kultur for at ein tek fram att jobben når ungane har lagt seg.

— Eg har aldri vore i nærleiken av å vurdera det som negativt at ein søkjar har små barn, seier Klaus Mohn.
Rektoren ved Universitetet i Stavanger er som rektorar flest i norsk akademia: Rundt 60 år, med vaksne barn.
— Å vera rektor kan ta mykje tid og rom. Men det er òg mogleg med fleksibilitet og tilpassing, og det er ikkje nødvendigvis slik at dette går på bekostning av eit familieliv, seier Mohn.
Han seier at i ei leiargruppe kan ein dela på oppgåvene.
— Og ofte er ein to omsorgspersonar òg, som kan dela heime.
100 timars veke
Svein Stølen har leia Noregs eldste universitet i snart åtte år. Då kan han ikkje stilla til val fleire gongar. Då Khrono intervjua han etter hundre dagar i rektorstolen, sa han at han jobba hundre timar i veka.
— Eg sa visst det ein gong, seier han no og humrar.
— Men gjer du det framleis?
— Ein skal ikkje forventa at folk jobbar i nærleiken så mykje, seier Stølen.
Eg plar seia at det å vera rektor er ein livsstil. Og kva skal ein kalla jobb?
Svein Stølen, rektor UiO
— Eg plar seia at det å vera rektor er ein livsstil. Og kva skal ein kalla jobb? Som rektor vert ein invitert til mykje. Eg likar å treffa folk, eg likar å snakka om verda og å snakka om vitskap. Så dersom eg får ein invitasjon til til dømes ein middag, prøver eg å takka ja.
Hans eigne barn er vaksne no. Og Stølen ville nok ikkje vore rektor då dei var små. Dels handlar det om at han meiner ein bør ha ein god del røynsle, både som forskar og som leiar, før ein søkjer seg til eit leiarverv som øvste ansvarlege for ein institusjon med ansvar for 35.000 menneske. Men det handlar òg om at Stølen ønska å vera, og var, ein aktiv idrettspappa.
— Som rektor treng ein ikkje takka ja til alle invitasjonane ein får. Men med mine tre barn var det gjerne aktivitetar fem ettermiddagar i veka, og eg har brukt mykje tid som forelder på å stilla opp. Eg hadde nok ikkje hatt lyst til å vera rektor medan dei var små.
— Merkeleg spørsmål
Dag Rune Olsen er snart klar for sin fjerde rektorperiode. Då han vart rektor i 2013, var det yngste barnet hans 18.
— Ein merkeleg ting å spørja om, seier han når Khrono spør om han kunne vorte rektor samstundes som han hadde små barn.
— Svaret er ubetinga ja! Det handlar om korleis ein strukturerer jobben. Som rektor har ein ein god del representasjonsoppdrag, og det kan vera krevjande å kombinera med å til dømes henta i barnehagen. Men rektor treng ikkje gjera alt — ein kan delegera. Ein jobbar stort sett i team, seier Olsen.
— Synest du det var eit teit spørsmål?
— Nei, ikkje teit. Men kanskje litt overraskande i vår tid.

Vanskeleg å koma tilbake
Dag Rune Olsen peiker på noko anna som årsak til at dei som stiller som rektorkandidatar er godt vaksne forskarar:
— Det er krevjande å gå tilbake til forsking etter å ha vore leiar ved eit universitet. Så dei fleste tek ikkje sjansen på ei slik stilling før dei er langt oppi karrieren. Sjølv var eg rundt 50 då eg vart rektor, det er ganske ungt i denne samanhengen.
Olsen får støtte frå Jan Ketil Arnulf. Han er professor ved Institutt for ledelse og organisasjon ved BI.

— Det svært vanskeleg å koma tilbake til ein forskarkarriere dersom ein har vore ute i fire år, seier han.
Arnulf har sjølv vore dekan, og seier at det stod i skildringa av stillinga at han var friteken frå forsking. Han gjorde det likevel.
— Folk flest skjønar ikkje kor lang tid det tek å forska. Kor lang tid trur du det er vanleg å bruka før ein får publisert ein vitskapeleg artikkel?
— Tre år, kanskje?
— Ikkje så langt unna. Fire år tek det gjerne. Og då startar ein på scratch igjen dersom ein har vore rektor. Det er ikkje veldig mange veldig gode forskarar i Noreg, og dersom ein er ein ung, flink forskar, må ein ikkje sleppa taket!
I tillegg peikar Arnulf på ein ting til:
— Prosessen rundt å søka ei offentleg stilling er eit spel, og ein vert eksponert. Det er få som ønskjer å iscenesetja eigne nederlag, seier han.
— Ein vert fort møtt med «kven trur du du er, då».
— Og dette er noko ein ikkje orkar dersom ein er tidleg i eit forskarløp?
— Ja. Arbeidsmiljøet i akademia kan vera giftig, og særleg unge forskarar med barn kan nok kjenna på at dei er sårbare.
Arnulf viser til det Nina Riibe, administrerande direktør i Econa, nyleg skreiv i eit debattinnlegg i Aftenposten:
«Det kan hevdes at dersom man ikke tåler å stå på den offentlige søkerlisten, har man ikke nok lyst på jobben. På den annen side er det å delta i en jobbsøkerprosess å legge inn bud på en jobb. Ingen entreprenør, boligkjøper eller andre aktører i privat sektor ville akseptert kostnaden offentlig søkerliste representerer. Derfor er det som ventet ytterst få relevante kandidater som melder seg til topplederjobber i det offentlige».
Ursin: Det hadde vore utfordrande
På tide å ringa nokre av dei som faktisk stiller til val. Ved dei to store breiddeuniversiteta, Universitetet i Oslo (UiO) og Universitetet i Bergen (UiB), er det fem kvinner som kjempar om å få bera rektorkappa dei neste fire åra.
Felles for dei er at dei er rundt 60 år, og fire av dei har vaksne barn.
— Universitetet i Oslo har hatt personar i rektoratet med barn i skulealder, så det er mogleg å kombinera, seier Ragnhild Hennum.
Ho seier at det er mange leiarstillingar som tek mykje tid.
— Og dei fleste let seg gjera samstundes som ein har omsorgsoppgåver, anten for barn eller andre.
— Eg trur ei stilling som dette tiltrekkjer seg ein viss type menneske, seier Giske Ursin.
— Eg har alltid jobba mykje. Og når barna flyttar ut, har ein meir tid.
Eg trur ei stilling som dette tiltrekkjer seg ein viss type menneske.
Giske Ursin, rektorkandidat UiO
Hennar barn fyller 31 og 28 i år, og ein gløymer småbarnsperioden etter kvart, seier Ursin.
— Men kva tenkjer du med barn? Heilt små barn?
— Kanskje meir barn i grunnskulealder, dei åra der ein kjenner at ein kunne starta eit lite, privat taxiselskap.
— Eg trur det ville vore veldig vanskeleg å kombinera det med å vera rektor. Under det siste debattmøtet ved UiO drøfta me klima og reising. Eg trur ein ny rektor kjem til å reisa mindre. Men det er nok lange dagar og framleis arrangement på kvelds- og ettermiddagstid for ein rektor, det trur eg hadde vorte ei utfordring å kombinera med heimebuande barn, seier Ursin.
Samstundes, seier ho, er det mange toppolitikarar som har klart å kombinera barn og jobb.
— Så det er mogleg dersom dette er noko småbarnsfamilien ønskjer, og burde då òg vera mogleg for ein universitetsrektor. Men hadde det vore kjønnsskilnader her, spør ho, og let spørsmålet henga i lufta.
— Ville det det?
— Kanskje.

Tok ungane med på feltstudier
— No ringjer du ei som ikkje har prøvd å vera rektor, seier Lise Øvreås og humrar.
Ho stiller til val som rektor ved Universitetet i Bergen, og seier at yrkesvegen har vorte til medan ho har gått.
— Eg har ikkje hatt ein langsiktig plan. Då eg vart preses i Vitskapsakademiet var det ein valkomité som peika på meg, og no var det universitetsdemokratiet som meinte at det var ugreitt med berre ein kandidat til valet.
At det er arbeidskrevjande å vera rektor, er ho heilt sikker på.
— Men eg var veldig aktiv forskar då eg hadde små barn, og drog dei mellom anna med på feltstudier. Det handlar òg om korleis ein prioriterer tida, seier Øvreås, som er professor i mikrobiologi.
— Er det ein skilnad her? Som forskar kan du styra dagane dine meir sjølv?
— Ja, det er noko internasjonale kollegaer har spurt om, og det handlar om den akademiske fridommen ein har som forskar. Som rektor skal ein jobba både innad og utad, og då må ein vera på plass når dei ulike arrangementa går føre seg, seier Øvreås, og fortel at då ungane var små, var ho korpsforelder.
— Det var særleg viktig for mannen min, som var med på å bygga opp igjen eit skulekorps. Så me var aktive der, begge to.

Motkandidaten hennar ved UiB, Margareth Hagen, har allereie vore rektor i fire år.
— Om ein vil verta rektor medan ein har små barn er eit val den enkelte må ta. Men ja, eg tenkjer det er mogleg å kombinera. Alle arbeidsplassar må legga til rette for småbarnsforeldre, også for småbarnsforeldre som er leiarar, men ein må sjølvsagt òg disiplinera og organisera arbeidstida godt. Kabalen vert annleis, seier Hagen.
— Kunne du vore rektor for femten-tjue år sidan?
— Då ville eg ikkje hatt naudsynt kompetanse. Du må ha skikkeleg leiarerfaring for å vera rektor og i eit rektorat. Det er ein spanande, men òg krevjande, jobb som ein har med seg heile døgeret.
For å gå inn i ei slik stilling, er det ein fordel med stor arbeidskapasitet og brukbar helse. Men eg meiner at det må vera ein balanse i livet — ein kan ikkje driva rovdrift på seg sjølv.
Hanne Flinstad Harbo, rektorkandidat UiO
Ho held fram:
— Det skuldast kanskje sosiale media, for det kan sjå ut som om ein rektor spring rundt og deler ut prisar og deltek på middagar. Det er ein veldig liten del av rektorjobben, ein brukar mest tid på kontoret; på å handtera prosessar og på møte, seier Hagen.
Som dei andre fire rektorkandidatane er ho professor, og var aktiv forskar i perioden ho hadde små barn.
— Som rektor er ein mykje meir bunden enn som forskar, ein avgjer ikkje sjølv til dømes møtetidspunkt, og det vert kravd at ein er til stades, både mentalt og fysisk. Det er mykje kveldsarbeid og helgearbeid, seier ho.
Hagen er oppteken av at livet byr på sitt, òg dersom ein ikkje har små barn. Ein må kunne vera eit heilt menneske med tid til familie og omsorg også om ein har ein leiarjobb, seier ho. Og sjølv om ho ikkje lenger har små barn, har ho heller ikkje høve til å delta på absolutt alt ein rektor vert invitert til.
— Er det ein verdi for eit universitet at ein òg får yngre forskarar inn i leiarposisjonar?
— Ja, det er ein verdi at ein har eit aldersspenn. No har eg med ein ung viserektor, instituttleiar Kristoffer Chelsom Vogt, inn i teamet mitt. Han er tidleg i 40-åra. For å kunne gå inn i slike posisjonar er det viktig med leiarerfaring og bakgrunn frå ulike delar av universitetet.

Balanse i livet
— Eg åt frukost og middag med barna mine stort sett kvar dag, og barnebarna har eg sett kvar veke frå dei vart fødd. Men eg har ikkje gått så mykje på kafé og slikt.
Hanne Flinstad Harbo er tydeleg: Det går an å kombinera leiarstillingar med å ha små barn, og det bør òg gå an å kombinera ei rektorstilling med eit familieliv.
Men det er nokre føresetnader her, meiner ho:
— Alle typar leiarstillingar krev stor motivasjon, stor arbeidskapasitet og fleksibilitet. Det kan skje noko som krev at ein kan stilla på kort varsel, seier ho.
Då må ein ha nokon rundt ein som kan stilla opp, anten ein partnar, familie eller venner.
— Og det handlar ikkje berre om små barn eller ikkje. Det kan vera sjuke foreldre eller andre forhold i livet som gjer at ein har omsorgsoppgåver.
Som fleire av dei andre kandidatane og noverande rektorane, peikar Harbo på at ein treng leiarerfaring for å kunne gå inn i eit rektorat. Ved UiO er det krav om at rektorkandidatane har professorkompetanse — med andre ord må ein ha jobba nokre år.
— For å gå inn i ei slik stilling, er det ein fordel med stor arbeidskapasitet og brukbar helse. Men eg meiner at det må vera ein balanse i livet — ein kan ikkje driva rovdrift på seg sjølv. Og det synest eg eg har fått til.
Nyeste artikler
Vil være handlekraftige, men styringen skal oppleves som kollegial, til det beste for NMBU
Nå skal KI gjøre fagfellevurdering. Regjeringen spytter i millioner
Godt vaksne forskarar stiller til val. Kan ein vere universitetsrektor med små ungar?
Nå må Nansen-programmet på banen
Ihor fikk aldri fullført studiene. Han ble drept i kamp mot russiske soldater
Mest lest
Harald Eia vil gi tilbake: — Jeg har vært en parasitt
Oppsigelsene har begynt ved universitetene i Nederland
Universitetet i Oslo betalte advokat 150.000 for ikke å gjøre noen ting. — En hån
Norske forskere vurderer å flytte fra USA — peker på Trump
Å få KI til å dikte opp kilder og skrive svarene, var ikke fusk i Nord