Debatt
Gløym ikkje ditt eige tungemål, heller ikkje i akademia
Den nye UH-lova må presisere det ansvaret universiteta og høgskulane har for å bruke, utvikle og tilgjengeleggjere norsk fagspråk.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
«Og om du vil bli fullkommen i lærdom, så lær alle tungemål, men aller helst latin og fransk, for dei måla går vidast, men gløym likevel ikkje ditt eige tungemål.»
Dette rådet frå far til son står i Kongsspegelen. Det blei skrive ned på 1200-talet, men er like aktuelt i dag.
No er nemleg eit framlegg til ny lov for universitet og høgskular ute på høyring. I NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler er eit heilt kapittel vigd norsk fagspråk. I dette kapittelet forklarar universitets- og høgskulelovutvalet kvifor det er viktig å vidareføre § 1-7 i den gjeldande lova, som slår fast at universitet og høgskular har ansvar for å halde ved like og vidareutvikle norsk fagspråk.
Det er viktig at denne føresegna blir vidareført, men det bør presiserast kva som ligg i dette ansvaret. Difor har Språkrådet i høyringssvaret sitt til NOU-en kome med framlegg om endring av ordlyden i føresegna som inneber at universitet og høgskular får ansvar for å bruke, utvikle og tilgjengeleggjere norsk fagspråk. Vi tilrår denne endringa fordi universitets- og høgskulesektoren har hatt vanskar med å etterleve føresegna slik ho er utforma i dag. Eit synleg prov på det er at engelsk er i ferd med å fortrengje norsk på fleire fagområde i høgare utdanning, trass i at universiteta og høgskulane i ti år har hatt eit lovpålagt ansvar for norsk fagspråk.
Kva ligg så i formuleringa bruke, utvikle og tilgjengeleggjere?
- Bruke vil seie at dei tilsette i høgare utdanning bruker norsk fagspråk i undervisning, i læremiddel, i skriftleg formidling og gjerne i publisering, og at studentane kan bruke norsk fagspråk i skriftlege arbeid.
- Utvikle vil seie at dei tilsette i høgare utdanning arbeider med å skape norske fagord (eller fagtermar) for nye omgrep som kjem inn i fagområda deira. Slikt arbeid kan gjerast internt på dei einskilde institusjonane, men det kan òg vere eit samarbeid mellom institusjonar innanfor eitt fagområde. Uansett er det dei tilsette som skal gjere dette arbeidet, ikkje studentane, som elles risikerer å måtte skape norske fagtermar sjølve når dei treng dei til oppgåveskriving eller på eksamen.
- Tilgjengeleggjere vil seie at dei norske fagtermane som dei tilsette har laga, blir gjorde tilgjengelege for studentane som tospråklege fagordlister eller termlister, gjerne digitalt på interne nettsider. Men kanskje aller viktigast er det at fagtermane blir gjorde tilgjengelege nasjonalt for alle som treng dei. Då trengst det éin stad der fagtermane kan samlast og formidlast.
I Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk (språklova), som blei lagd fram av Kulturdepartementet no i mai, blir det framheva at offentlege organ har ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk som ledd i ein sektorovergripande språkpolitikk.
Eitt av dei prioriterte tiltaka i språklovproposisjonen er ein nasjonal portal der fagfolk kan publisere og formidle fagtermar.
Åse Wetås, direktør i Språkrådet
Kunnskapsdepartementet har ansvar for universitet og høgskular i Noreg. Difor må departementet følgje opp sin del av den sektorovergripande språkpolitikken, og særleg det ansvaret som følgjer av føresegna om norsk fagspråk i den nye UH-lova, betre enn det har gjort dei siste ti åra.
Språklovproposisjonen inneheld fleire prioriterte tiltak som gjeld universitet og høgskular. Også desse tiltaka må følgjast opp.
Eitt av dei prioriterte tiltaka i språklovproposisjonen er ein nasjonal portal der fagfolk kan publisere og formidle fagtermar. Ein slik termportal er ein nettstad der studentar, fagfolk og andre kan finne dei fagtermane dei treng, same kvar dei arbeider og kva dei arbeider med.
Skal denne termportalen fungere, må fagfolk på alle universitet og høgskular i landet lage norske fagtermar innanfor sine fagområde og levere dei til portalen som digitale termlister.
Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet skal samarbeide med Universitetet i Bergen om å utvikle og drive denne termportalen. I tilknyting til termportalen skal det dessutan vere eit vitskapleg fagmiljø som mellom anna skal hjelpe universitets- og høgskulesektoren med å røkte fagterminologien.
Det praktiske føremålet med portalen skal vere «å gjere norskspråkleg terminologi tilgjengeleg for samfunnet». Det overordna målet er å «bidra til å styrkje arbeidet med utvikling og formidling av norsk fagspråk i UH-sektoren», som det heiter i språklovproposisjonen.
Eit anna prioritert tiltak i språklovproposisjonen er at regjeringa vil gå gjennom språkstrategiane til universiteta og høgskulane og vurdere kva som trengst for å sikre norsk fagspråk. I tildelingsbreva til institusjonane både i 2019 og 2020 har Kunnskapsdepartementet framheva det lovpålagde ansvaret universiteta og høgskulane har for norsk som fagspråk. I ein gjennomgang av språkstrategiane må ein sjå på kva institusjonane gjer konkret for dette fagspråket. Språkrådet har sett at språkstrategiane ofte er lite kjende i institusjonane, og at dei fleste universiteta og høgskulane manglar konkrete handlingsplanar for å gjennomføre dei.
Rådet frå Språkrådet til Kunnskapsdepartementet er å ta i bruk lærdommen frå Kongsspegelen: gjer studentane fullkomne i lærdom – også på deira eige tungemål.
Nyeste artikler
Forskning og innovasjon for framtid, nysgjerrighet og nytte
Sintef-sjef og Midtøsten-forsker kan bli Årets trønder
En akademisk julefortelling
Hun fikk samme jobb tre ganger. Nå er hun klar for nye oppgaver
Fortelling er beredskap
Mest lest
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Disse universitetslederne publiserer minst og mest
Ikke lønnsøkning før i mars og april. Advarer mot skattesmell
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake