Debatt

Språk i akademia er viktig

Verken Tilstandsrapporten for høgare utdanning eller Diku er språkblinde, og vi har fleire verktøy for å styrke norsk fagspråk innan forsking og høgare utdanning.

Diku ser fram til å bidra til å styrke norsk fagspråk, skriv Ragnhild Tungesvik.
Diku ser fram til å bidra til å styrke norsk fagspråk, skriv Ragnhild Tungesvik.
Publisert

Eg vil takke Arne Vestbø, generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, for hans engasjement for norsk fagspråk i akademia. I sitt debattinnlegg hos Khrono den 13. mai påpeikar han at Tilstandsrapporten for høgare utdanning manglar tal på bruken av norsk språk i universitets- og høgskulesektoren. Det er til dels riktig, men verken Tilstandsrapporten eller Diku er språkblinde.

Tilstandsrapporten skal være eit verktøy for styring og vidareutvikling av høgare utdanning i Noreg, og Diku er takknemleg for alle innspel som kan gjere rapporten betre og meir relevant. Rapporten er basert på innrapporterte tal frå fleire ulike kjelder, og presenterer i liten grad Diku sitt eige datamateriale. Per i dag er tilgjengelege tal om språk i undervisning og forskingspublikasjonar avgrensa, men det finst nokre tabellar i den nettbaserte vedleggsløysinga til rapporten. Omfanget og kvaliteten i datagrunnlaget tillèt dessverre ikkje å teikne den type heilskapsbilete som Vestbø etterlyser.

Les også: Møter få eller ingen krav om å læra norsk

Vi har potensial for å vidareutvikle datatilgangen gjennom dei rapporteringskanalane som allereie finst. Ei slik endring må i tilfelle skje i tett samarbeid med aktørane som er involvert i arbeidet med rapportering og med UH-sektoren sjølv, som må rapportere på noko meir eller på ein annan måte enn dei gjer i dag.

Vi i Diku er altså klar over at norsk fagspråk har ei utfordring med domenetap til engelsk i universitets- og høgskulesektoren.

Ragnhild Tungesvik

Vi i Diku er altså klar over at norsk fagspråk har ei utfordring med domenetap til engelsk i universitets- og høgskulesektoren. Diku har etablert dialog med Språkrådet, og vi har fleire tiltak for å styrke norsk fagspråk.

Diku administrer ordninga Lærebokutvalet for høgare utdanning, som støttar produksjon av læremiddel på norsk. Ordninga er eit svar på den stadig sterkare konkurransen frå engelskspråklege læremiddel, og skal sikre faga eit godt tilbod av lærebøker på nynorsk og bokmål. Diku har ved fleire høve spelt inn til statsbudsjettet at ordning bør styrkast.

Kunnskapsdepartementet har i tildelingsbrevet for Diku 2020 varsla ei vurdering av lærebokordninga og at dei vil be om bidrag frå Diku i gjennomgangen av UH-institusjonane sine språkstrategiar. Vi ser fram til å bidra i arbeidet med å styrke norsk fagspråk innan forsking og høgare utdanning.