Universitetsnamn

— Glad for at me ikkje gjer som Vy eller OsloMet

Det var god stemning då styret ved Høgskulen på Vestlandet vedtok det komande universitetsnamnet onsdag.

Styremedlem Tina Åsgård uttrykte glede for valet av universitetsnman, og kom samstundes med eit aldri så lite stikk til både Vy og Oslomet.
Publisert

Stord (Khrono): Ikkje overraskande var det eit einstemmig HVL-styre som onsdag vedtok at namnet på det komande universitetet skal vera Universitetet på Vestlandet.

— Barnet må døypast før det kan konfirmerast. Og i dag fekk det namn, sa rektor Gunnar Yttri, før prorektor for regional utvikling, Geir Kåre Resaland, gav styret ei kort oppsummering av det grundige arbeidet som er lagt ned i samband utforminga av det nye universitetsnamnet.

— Det er dette namnet som har fått den klart breiaste oppslutninga, fastslo Resaland.

Monopolisering?

Under styremøte på Stord onsdag var det aldri noko tvil om at Universitetet på Vestlandet ville bli vedteke.

Styreleiar Arvid Hallén sa til og med at det ville vore veldig rart om styret, etter det arbeidet som er blitt lagt ned, skulle stemma ned forslaget.

Då saka var oppe til handsaming var det svært godt stemning i lokalet, og latteren sat laust. Særleg to kommentarar frå høvesvis studentrepresentant i styret Alexander Papas og styremedlem Tina Åsgård fekk resten av dei tilstadverande til å dra å smilebandet.

— Dersom den einaste merknaden frå Språkrådet er at Universitetet på Vestlandet monopoliserer omgrepet universitetet på vestlandet, ja, då tenkjer eg at me skal vera godt nøgde. Det er jo ein bra ting, det! Me skal jo ha monopol på dette namnet, meiner eg, sa Papas.

Han viste til Språkrådet sin rapport om dei fire aktuelle universitetsnamna, der dei støttar forlsaget til nytt universitetsnamn, men der dei også hadde ein merknad, den same som Papas var inne på.

Alexander Papas drog i gong felles applaus då universitetsnmanet blei vedteke.

Stikk til OsloMet

Tina Åsgård fulgte opp med at ho meiner det er veldig bra at ein vel å gå for eit namn som er forståeleg og som fortel kva namnet representerer.

— Eg er glad for at me ikkje gjer som Vy eller OsloMet, kom det frå førstelektoren ved Institutt for økonomi og administrasjon.

OsloMet-namnet var i si tid gjenstand for fleire heftige diskusjonar og debattar, og i 2017 bad Språkrådet-direktør Åse Wetås dåverande statsråd Torbjørn Roe Isaksen (H) om å avvisa namnet.

Dåverande OsloMet-rektor Curt Rice, som no er rektor ved NMBU, meinte den gongen at Språkrådet si innblanding var uheldig, og i 2019 tok universitetsleiinga eit kraftig oppgjer med Språkrådet og dåverande kulturminister Trine Skei Grade (V).

Ingen ny logo

Overfor Khrono i ein påfølgjande pause, utdjupa Åsgård kva ho meinte.

— Det er jo etter kvart blitt ein veldig uheldig trend, både i det offentlege og i det private, at ein vel namn som folk ikkje forstår kva betyr. Vy og OsloMet er berre to døme, og eg kunne nemnd fleire. Equinor, for eksempel!

Ho held fram:

— Nei, eg er rett og slett veldig nøgd med at me ikkje går i fotspora deira, kom det frå Åsgård.

Ein annan sak som blei påpeikt frå styret var at ein slepp å laga ny logo, noko det per no ikkje føreligg nokon planar om å gjere.

— Då vil me spara mange kroner, kom det frå eit av styremedlemmene.

Stilte spørsmål

Den einaste som hadde ei innvending, eller skal me heller kalla det ein kommentar til universitetsnamn-saka, var styremedlem Ragnar Gjengedal, som lurte på korleis det ville bli dersom HVL kom i ein situasjon der ein ikkje fekk sendt av garde universitetssøknaden før det noverande styret sin periode er over sommaren 2023.

Styreleiar Arvid Hallén forsikra om at namnet som bli vedteke no, uansett kjem til å følgja prosessen vidare.

Rektor Gunnar Yttri sa at det i sakene som omhandla universitetssøknaden og namnet, kom til å bli lagt grundige og tunge føringar inn mot det nye styret.

— Det er ikkje så mykje meir å seie enn det, kom det frå Arvid Hallén.

Slik kan det koma til å sjå ut ein gong.

Forkorting og det engelske namnet

Det engelske namnet på det nye universitetet, og både den norske og engelske forkortinga, er førebels ikkje vedteke.

Prorektor Geir Kåre Resaland fortalte styret at dette er noko som vil bli jobba med framover.

Avdelingsleiar for avdeling for kommunikasjon, Svein Ove Eikenes, seier til Khrono at dette vil koma opp som ei eiga sak i løpet av hausten.

— Me har allereie kjøpt nokre domene og liknande, så arbeidet er for så vidt i gong, seier Eikenes.

Powered by Labrador CMS