Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
eksamen
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Ein vanleg vår plar om lag sju prosent av studentane stryka på eksamen ved universitet og statlege og private høgskular. Denne våren var det berre vel fem prosent av studentane som ikkje stod på eksamen.
Nye tal frå Database for høgare utdanning (DBH) viser at det Khrono skreiv om allereie i slutten av august, gjeld for dei aller, aller fleste.
Våren 2018 var det til dømes ein strykprosent på 7,45 ved universiteta. Våren 2019 var det færre som strauk, og altså langt færre denne våren. Endringa har vore endå større for særleg private, vitskapelege høgskular og statlege høgskular.
Det var Forskerforum som først skrev om dei ferske DBH-tala.
| Universitet | Vår 2019 | Vår 2020 |
| Nord universitet | 7,07 | 5,94 |
| NTNU | 6,6 | 4,57 |
| NMBU | 6,55 | 4,21 |
| OsloMet | 6,96 | 6,17 |
| Universitetet i Agder | 7,46 | 6,1 |
| Universitetet i Bergen | 5,5 | 4,32 |
| Universitetet i Oslo | 5,34 | 4,07 |
| Universitetet i Stavanger | 8,09 | 6,64 |
| Universitetet i Sørøst-Norge | 9,95 | 8,32 |
| Universitetet i Tromsø | 8,69 | 6,63 |
Ser ein på enkeltinstitusjonar, har både Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU), NTNU, Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet ein nedgang i stryk på meir enn to prosentpoeng. Det same har fleire av høgskulane, både dei private og dei offentlege.
Det spesielle våren 2020 er sjølvsagt at alle utdanningsinstitusjonane hadde heimeeksamen. Mange gjekk òg over frå å gi vanlege bokstavkarakterar til å vurdera studentane sine svar til bestått eller ikkje bestått.
Dag Rune Olsen, som leier Universitets- og høgskulerådet (UHR) set endringa i samanheng med korona. Det seier han til Forskerforum, som var dei første som skreiv om dei ferske DBH-tala.
— Eg trur det kan ha med å gjera at studentane i større grad har brukt tida til å studera. Nokon vil jo seia at det kan dei berre halda fram med. Men det trur eg vil vera svært krevjande for studentane i det lange løp, seier Olsen, og peikar på dei psykososiale utfordringane som følgjer med å ikkje ha kontakt med andre.
Olsen viser òg til vurderingsform, og at ein heimeeksamen testar andre dugleikar enn ein tradisjonell skuleeksamen ofte gjer.
| Høgskule | Vår 2019 | Vår 2020 |
| Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo | 3,02 | 0 |
| Høgskolen i Molde | 9,23 | 6,75 |
| Kunsthøgskolen i Oslo | 2,13 | 2,52 |
| Norges handelshøyskole | 2,27 | 3,35 |
| Norges idrettshøgskole | 4,72 | 3,95 |
| Norges musikkhøgskole | 5,16 | 4,88 |
| Høgskolen i Innlandet | 6,13 | 5,12 |
| Høgskolen i Østfold | 8,04 | 5,78 |
| Høgskulen i Volda | 3,82 | 5,16 |
| Høgskulen på Vestlandet | 6,83 | 5,21 |
| Samisk høgskole | 4,53 | 0 |
Då Khrono fekk tal frå sju institusjonar på seinsommaren, var overgang til bestått/ikkje bestått og meir tid til å studera to av forklaringane som vart trekt fram.
Dette er òg ei av forklaringane frå Kjetil A. van der Wel. Han er professor ved OsloMet, og med på den internasjonale «The COVID-19 Multi-Country Student Well-being Study» og har tidlegare sagt til Khrono at mindre stryk er ein interessant landsomfattande trend, og at det er positivt at studieprogresjonen ikkje har stoppa opp.
— Undervisarar, sensorar, administratorar og leiarar har jenka det meir til, og ikkje vurdert like strengt i år. Og det har vore ei omlegging frå skuleeksamen til heimeeksamen. Gitt at det har vore den same oppgåva, er det lettare å svara når ein har alle hjelpemiddel tilgjengeleg, sa van der Wel.
Korleis eksamen vert denne hausten, er førebels ikkje bestemt. Nokre fagmiljø, som Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo, har allereie bestemt at det vert heimeeksamen — men med vanleg karakterskala. Ved NTNU har så langt eitt institutt bestemt at alle eksamenar skal gå føre seg heime. Også BI skal ha ein del heimeeksamen, skriv VG.
| Privat høgskule | Vår 2019 | Vår 2020 |
| BI | 9,86 | 6,52 |
| MF vitenskapelig høyskole | 6,16 | 5,21 |
| VID vitenskapelige høgskole | 4,24 | 3,35 |
| Ansgar høyskole | 10,36 | 5,29 |
| Barratt Due Musikkinstitutt | 1,19 | 0 |
| Bergen Arkitekthøgskole | 2,05 | 1,72 |
| Dronning Mauds Minne Høgskole | 5,39 | 4,91 |
| Fjellhaug Internasjonale Høgskole | 8,99 | 4,83 |
| Høgskulen for grøn utvikling | 1,3 | 0 |
| Høyskolen for dansekunst | 0 | 0 |
| Høyskolen for Ledelse og Teknologi | 2,09 | 4,21 |
| Høyskolen Kristiania | 6,25 | 4,89 |
| Lovisenberg diakonale høgskole | 4,83 | 4,26 |
| Musikkteaterhøgskolen | 2,5 | |
| NLA Høgskolen | 5,54 | 4,51 |
| Norges dansehøyskole | 0,52 | |
| Steinerhøyskolen | 3,59 | 2,61 |
Nylige artikler
To kuttet reisekostnadene med over 50 mill. Den tredje økte dem med 17 mill.
Ørjasæter kaller det paranoia — jeg kaller det et forsvar for det humanistiske fagfelt
Nå må vi slippe innovasjonskraften i fagskolene løs
Snart blir det «mini-bachelor» på videregående
Fryktar sensur og politisk kontroll med ny ordning frå Forskingsrådet
Mest leste artikler
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Så mange fikk ikke godkjent doktoravhandlingen sin
Reagerer på kampanje mot «bachelor i irrelevans». — Rakker ned på andre
— Ærlig talt, reklamen fra NMBU er jo bare morsom
Foreleser mistenkes for å ha funnet opp sin egen «nobelpris» og gitt den til seg selv