styremøte

Framleis får mange sensuren sin for seint

Bot er ikkje tema no, men framleis er det mange av fakulteta ved Universitetet i Bergen som brukar for lang tid på sensur. Sjå styremøte direkte her.

Vanlege eksamenar har tre vekers sensurfrist, heiter det i Universitets- og høgskulelova. Men mange studentar får ikkje tilbakemelding innan denne fristen.
Publisert Oppdatert

Våren 2019 valde universitetsstyret ved Universitetet i Bergen å ikkje innføra bøter til dei fakulteta som ikkje gir studentane sensur innan fristen. Studentane protesterte.

Framleis er det fleire av fakulteta som gir attendemelding for seint, men bot er ikkje tema i saka universitetsstyret skal handsama 6.mai. Der vert det vist at det er betring for nokre fakultet, men ikkje for alle.

For å få tidsnok sensur for fleire, er aktuelle tiltak kartlegging av kva som fører til forseinkingar, korleis ein registrerer uføresette situasjonar, korleis ein kan få bukt med tekniske utfordrinar og klassifisering av det som gjeld til dømes sjukdom.

Det er òg ein ris bak spegelen: Universitetsdirektøren skriv i sin kommentar at det er alvorleg at ein framleis ikkje er i mål med å redusera talet på forseinkingar.

— Dersom tiltaka utdanningsutvalet og fakulteta føreslær ikkje bidreg til ei klar betring i talet på forseinkingar, bør ein vurdera andre verkemiddel.

Pandemi og økonomi

Møtet er digitalt, startar klokka 10 6.mai, og du kan sjå det direkte her.

Andre saker på dagsorden er mellom anna orientering om koronasituasjonen. Som Khrono har skrive er det for tida eit utbrot ved UiB, der ein har funne det indiske mutantviruset. I tillegg er planlegginga av hausten i gang - framleis med fokus på smittevern.

Khrono har òg skrive om det nye økonomisystemet frå DFØ. Styret skal no ta stilling prosessen for å skaffa system for sakshandsaming og arkiv.

Dette er sakslista

S 48/21 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 49/21 Godkjenning av protokoll fra møter 11.3. og 17.3.2021
S 50/21 Fullmakts- og referatsaker og diverse referater
S 51/21 Orientering om universitetets beredskapsarbeid i forbindelse med koronaviruspandemi (COVID -19)
S 52/21 Økonomirapport per 1. kvartal 2021
S 53/21 Budsjettprosessen for 2022
S 54/21 Orientering om anskaffelsen BOTT saksbehandling og arkiv og prosess for valg av leverandør
S 55/21 Tiltaksplan for anskaffelser 2021
S 56/21 Rapport om forsinket sensur for høsten 2020
S 57/21 Behandlingstid for sensurklager
S 58/21 Sammen for å skape - styrket samarbeid mellom UiB og NORCE
S 59/21 EU - status for arbeidet på UiB
S 60/21 Samarbeidsavtale med Ocean University of China (OUC). Felles forskningssenter
S 61/21 Orientering om arbeidsmiljø- og arbeidsklimaundersøkinga ARK
S62/21 Årsrapport 2020 Helse, miljø og sikkerhet
S 63/21 Valg av rektor og medlemmer til universitetsstyret for perioden 1.8.2021- 31.7.2025
S 64/21 Oppnevning av leder for styret for Sarssenteret
Orienteringer
Styrets halvtime
Eventuelt

Powered by Labrador CMS