universitetsstyremøte
Framleis mykje forseinka sensur ved UiB
Ikkje godt nok, seier studentleiar Andreas Trohjell om at det framleis er fleire fakultet som leverer eksamenssensur altfor seint.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I april i fjor sa universitetsstyret ved Universitetet i Bergen (UiB) nei til å innføra bot for forseinka sensur. Når styret skal ha møte denne veka, er forseinka sensur attende på sakslista.
Tala viser at det framleis er fleire fakultet som langt i frå gir alle studentar tilbakemelding på skriftleg eksamen etter tre veker, slik dei skal. Ved Det medisinske fakultetet vert det gitt tilbakemelding i tide for 76,4 prosent av eksamenane. Men i fjor var talet 81,6. For ex.phil-emna er det berre vel 24 prosent av eksamenane som vert sensurert innan fristen.
— Dårlegare enn på mange semester, heiter det i sakspapira.
Universitetsstyremøtet, der denne og andre saker vert debattert, startar klokka 10 torsdag. Du ser det direkte her:
Kan be om forlenga frist
— Det juridiske fakultetet har teke det som har vorte sagt til seg. Men totalt sett er det ikkje godt nok.
Det seier Andreas Trohjell, som leiar studentparlamentet ved UiB. Trohjell viser til at det vart sagt i universitetsstyret i fjor at sensur innan fristen er eit leiaransvar.
— Det verkar ikkje som ein har teke det på alvor, seier Torhjell.
Det juridiske fakultetet har søkt om, og fått, utvida frist. Der er sensurfristen fem veker, mot tre veker elles. Studentleiaren meiner at dette kan Institutt for filosofi og førstesemesterstudier, som er dei som har ansvar for ex.phil, òg be om.
— Men er ikkje poenget å få sensuren så fort som mogleg?
— Poenget er at det skal vera føreseieleg. Dersom sensurfristen er fem veker, så veit ein at han er nettopp det.
Alle må rapportera om avvik
— Me har ikkje klart å koma ned på det nivået me ønskjer, seier Steinar Hunskår.
Han er prodekan for utdanning ved Det medisinske fakultetet.
Hunskår seier at noko av auken som viser i sakspapira skuldar feilregistreringar. Men:
— Det er likevel slik at me har for mange brot på fristen.
Prodekanen seier at fakultetet har innført ei ordning der alle brot på sensurfristen vert rapportert til fakultetet. Så vert enkeltemna som har brot følgt opp.
— Brukar de eksterne sensorar?
— Både interne og eksterne. For nokre emne har me tradisjon for å bruka allmennlegar. Det er ikkje alltid dei klarar å halda sensurfristane. Eg meiner at me skal prøva å halda sensurfristane, men at me kanskje kan vurdera å søkja om utvida frist for nokre få emne, seier Hunskår.
Som På Høyden tidlegare har skrive, er det fleire andre institusjonar som har innført bot for forseinka sensur.
Pandemiorientering
Universitetsstyret hadde eit ekstraordinært møte i mars, der pandemien var tema. Ei orientering om koronautbrotet står på sakskartet denne gongen òg. I tillegg skal ein mellom anna handsama fleire årsrapportar.
S 34/20 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 35/20 Godkjenning av protokoll fra møter i universitetsstyret 20.2. og 23.3.2020
S 36/20 Fullmakts- og referatsakersaker og diverse referater mv
S 37/20 Orientering om universitetets beredskapsarbeid i forbindelse med koronaviruspandemi (COVID -19)
S 38/20 Økonomirapport per februar 2020
S 39/20 Strategiske satsinger – Klima og energiomstilling
S 40/20 Anskaffelsesstrategi for Universitetet i Bergen 2020-2024
S 41/20 Revisjon av retningslinjer om mobbing, trakassering og seksuell trakassering som gjelder studenter
S 42/20 Internrevisjon - Ledelsessystemer og rutiner knyttet til mobbing og trakassering
S 43/20 Rapport om forsinket sensur for høsten 2019
S 44/20 Nytt navn for HEMIL senteret - Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)
S 45/20 Årsrapport fra likestillingskomiteen 2019
S 46/20 Årsrapport 2019 Helse, miljø og sikkerhet
S 47/20 Finansiering av nasjonal e-Infrastruktur 2020-2030
S 48/20 Samarbeid med VIS - Unntatt offenlighet
S 49/20 Orienteringer
Eventuelt