universitetet i bergen

Fleire saker enn før hamnar i klagenemnda

Den sentrale klagenemnda ved Universitetet i Bergen handsama 157 saker i 2024. Det er ein auke samanlikna med både 2022 og 2023. 

Universitetsstyret vert orientert om fleire årsmeldingar, mellom anna den frå Den sentrale klagenemnda.

Den sentrale klagenemnda ved Universitetet i Bergen har handsama over hundre saker kvart år dei siste åra. Både fuskesaker og klagesaker knytt til studentar hamnar her, og det er sistnemnde det er flest av. Talet på fuskesaker som er handsama i nemnda har gått ned noko dei siste åra.

Årsmeldinga frå klagenemnda er ei av sakene universitetsstyret ved UiB skal handsama på møtet sitt 13. mars. Du ser møtet direkte her frå klokka 10:

Åtvarar mot KI-fusk

Men betyr færre fuskesaker enn før at det vert fuska mindre?

Nei, skriv nemnda sjølv i årsrapporten.

«Nemnda vil, som tidligere, advare mot å tolke antallet fuskesaker nemnda behandler som en indikasjon på hvor mye eller hvor lite studenter ved UiB fusker. Nemnda kan bare behandle de sakene den blir tilsendt». 

Det vert peika på at fleire av sakene enn før handla om bruk av kunstig intelligens. Her trur nemnda at det er store mørketal. Seks av dei 28 fuskesakene som vart handsama av Den sentrale klagenemnda, galdt mistanke om bruk av KI.

Ei oppteljing Khrono gjorde i haust, viste at 66 studentar var avslørt etter ureglementert bruk av KI ved norske universitet og høgskular.

— Toppen av eit isfjell, kommenterte Peter Fjågesund, som er professor ved Universitetet i Søraust-Noreg.

127 klagesaker

14 av fuskesakene ved Universitetet i Bergen i fjor enda med annullering og utestenging. 

Når det gjeld klagesakene, gjeld dei klage på enkeltvedtak i mellom anna saker om tap av studierett eller avslag på søknad om lokalt opptak. 

Klager på formelle feil ved eksamen hamnar òg her. Totalt handsama nemnda 127 klagesaker. I 104 av dei fekk studenten ikkje medhald.

Ny modell for internhusleige

I tillegg fleire årsrapportar, skal styret mellom anna vedta ny modell for internhusleige og starta arbeidet med å revidera arealplanen. Dei skal òg vedta årsmeldinga, som skal sendast til Kunnskapsdepartementet.

Powered by Labrador CMS