tilsetjing

Fleire interne vil overta stillinga etter direktøren som gjekk på dagen

Den førre fakultetsdirektøren gjekk på dagen. Ove Borge er konstituert, og ønskjer seg stillinga på fast basis.

Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen har hovudsete i Bergen sentrum. Deler av fagmiljøet er ein del av Alrek Helseklynge, like ved Haukeland universitetssjukehus.
Publisert Oppdatert

I slutten av februar kom meldinga om at fakultetsdirektør Ørnulf Lillestøl ved Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB) gjekk på dagen. Årsaka vart sagt å vera usemje med universitetsdirektør Robert Rastad.

Stillinga vart lyst ut ganske kjapt, og no er søkjarlista klar. Det var sju søkjarar som ønska å overta stillinga, men ein av desse har trekt seg.

Ein av søkjarane er Ove Christian Borge. Han vart konstituert som fakultetsdirektør då Lillestøl gjekk. Borge søkte òg då stillinga vart ledig i 2017, men trekte den gong søknaden sin.

Khrono har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Borge no.

Fleire frå UiB

Borge får intern konkurranse om stillinga: Anne Kristin Aanstad leiar i dag forskingsseksjonen ved Det psykologiske fakultetet.

Også Reza Habibi er tilsett ved UiB, om stipendiat ved Institutt for framandspråk.

Ella Jeanette Endestad Helgesen har i dag ei avdelingsleiarstilling i DNB. Ho har tidlegare vore tilsett ved Universitetet i Bergen.

Trond Botnen er dagleg leiar og rektor ved Metis vidaregåande skule i Bergen. Kjartan Aa Berge er tidlegare direktør for Musea i Sogn og Fjordane. No er han økonomidirektør i eit investeringsselskap i Gloppen kommune.

Dette er søkjarane

NamnAlderStilling
Ella Jeanette E Helgesen51Avdelingsleiar
Trond Botnen54Dagleg leiar og rektor
Reza Habibi40ph.d.-stipendiat
Kjartan Aa Berge51Økonomidirektør
Ove Borge55Fung. Direktør ved Det psykologiske fakultetet
Anne Kristin Aanstad53Seksjonssjef
Søknad trekt

Kjelde: UiB

Fri med millionløn

Anne Kristin Aanstad er ein av dei interne søkjarane.

Då Ørnulf Lillestøl overtok som fakultetet sin administrative leiar hadde det vore uro, mellom anna knytt til flytting av deler av fagmiljøet. Sitjande dekan Jarle Eid tapte valet i 2017. Frå hausten 2021 er det Normann Anderssen som er dekan ved fakultetet.

Etter avgangen har Khrono skrive at det i forkant hadde kome to varsel mot Lillestøl. Men UiB hadde ikkje grunn til å seia han opp. «Vilkårene for oppsigelse eller ensidige disposisjoner fra arbeidsgiver ble vurdert, men etter hvert ble det klart at det var nødvendig å finne frem til en minnelig løsning », heiter det i ei utgreiing frå direktør Rastad til Kunnskapsdepartementet.

Departementet bad om svar etter at Khrono skreiv at den tidlegare direktøren fekk med seg ein avtale om fri med full løn fram til hausten 2022. Deretter går han over i ei seniorrådgivarstilling med ei årsløn på litt over ein million kroner.

Vil tilsetja før sommaren

Universitetsdiretør Robert Rastad skriv i ein sms til Khrono at søknadsfristen er ute og komiteen er i ferd med å starta arbeidet.

— Forventar avklaring før sommaren, skriv Rastad.

Powered by Labrador CMS