sjukepleiarutdanning

Fleire droppar eksamen i medikament­rekning

Kravet har vore null feil på skuleeksamen. Fleire utdanningar i sjukepleie droppar no eksamen som har vore mange studentars skrekk.

Reidar Finsrud
Reidar Finsrud
Publisert

Eksamen i medikamentrekning er frykta blant mange sjukepleiestudentar. Her reknar ein rett og slett ut mellom anna kor mykje legemiddel ein skal ha, til dømes utifrå kroppsvekt, eller over kor lang tid ein skal gi medisin intravenøst.

Fakta

Nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningene (RETHOS)

De nye minstekravene for blant andre psykologene og legene er en del av et større utviklingsarbeid for å utarbeide nasjonale retningslinjer for samtlige grunnutdanninger innen helse- og sosialfag.

Dagens nyhet omtales som RETHOS 2.

I mars i fjor fikk sykepleieutdanningen og syv andre helse- og sosialfagutdanninger nye nasjonale retningslinjer. Dette omtales som RETHOS 1.

Til nå er det laget nasjonale retningslinjer for utdanningene for audiografer, barnevernspedagoger, bioingeniører, ergoterapeuter, fysioterapeuter, farmasøyter, kliniske ernæringsfysiologer, leger, optikere, ortopediingeniører, psykologer, radiografer, sosionomer, sykepleiere, tannleger, tannpleiere, tannteknikere og vernepleiere.

Snart er retningslinjen for paramedisin også klar.

I tillegg er det nettopp startet et arbeid med å utvikle nasjonale retningslinjer for flere videreutdanninger innen sykepleie og barnevern. Det som omtales som RETHOS 3.

De nasjonale retningslinjene skal følges opp ved alle universiteter og høgskoler

Kilde: Kunnskapsdepartementet

Kravet har vore at ein må ha alt rett på eksamen, og ikkje kunne medikamentrekning når du kjem ut i arbeidslivet kan kome til å kosta liv og helse hjå pasientane.

Men i den nye Forskrift om nasjonal retningslinje for sjukepleiarutdanning, som gjeld frå studieåret 2020/21, er det ikkje lenger krav om at ein må gjennomføra ein stor eksamen.

Nokre går vekk frå skuleeksamen

Denne forskrifta skal sikra eit nasjonalt likt nivå, og det er lista opp mange dugleikar studentane skal tileigna seg.

I den nye forskrifta heiter det at ein skal kunne «planlegge og gjennomføre forsvarlig legemiddelhåndtering, herunder legemiddelregning, og kvalitetssikre den enkelte pasients legemiddelbruk».

Dette betyr i praksis at nokre av utdanningsinstitusjonane har gått vekk frå den klassiske skuleeksamenen. Andre ønskjer å halda fast ved denne prøveforma.

Ikkje berre rekning

— Me ønskjer at utdanningsinstitusjonane etter kvart vert samde om eitt opplegg, som alle brukar i undervisninga. Målet må vera at det vert eit standardisert undervisnings- og opplæringstilbod i legemiddelhandtering.

Det seier Kent Hanssen, nestleiar i Norsk Sykepleierforbund Student, til Sykepleien. Fagbladet har spurt alle institusjonane som tilbyr sjukepleieutdanning, og funne at det no er tre som så langt har gått vekk frå den klassiske medikamentrekningseksamenen: Høgskulen på Vestlandet, NTNU og Høgskolen i Innlandet.

— I den nye forskrifta er det ikkje krav om testform. Hos oss vil det difor ikkje verta ein eksamen, men medikamentrekning vil vera eit arbeidskrav i tre ulike emne hos oss. Me kjem til å testa studentane tre gongar gjennom studieløpet, og denne testen må vera feilfri.

Det seier Dagrun Kyrkjebø. Ho er viseinstituttleiar ved Institutt for helse og omsorgsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

HVL og NTNU droppar

Kyrkjebø seier at ho meiner det nye undervisningsopplegget er vel så bra som det gamle - om ikkje betre.

— No vert læringsutbytte som omhandlar medikamentrekning- og handtering dekka i fleire emne og undervisninga i medikamentrekning og medikamenthandtering meir integrert, særleg knytt til praksis, seier ho.

Også NTNU har gått vekk frå ein stor eksamen. Men medikamenthandtering er tema i heile studieløpet.

— Den nye forskrifta har opna for noko me har tenkt lenge. Medikamentrekning handlar ikkje berre om sjølve rekninga. Studentane må skjøna samanhengen i heile prosessen rundt handtering av legemidlar, seier Ann Oddrun Medby.

Ho er studieprogramleiar for bachelor i sjukepleie ved nytt studieprogram.

Medby seier at ein ved NTNU ønskjer å knyta legemiddelrekning tettare til konteksten utrekninga skjer i.

— Målet med legemiddelrekning er ikkje at studentane får 100 prosent rett på éin prøve, men at dei alltid veit at alt er rett – før dei gir legemiddel til pasienten.

Medby seier at fleire eksamenar for sjukepleiestudentane ved NTNU kjem til å ha spørsmål om legemiddel. Studentane skal òg gjennomføra digitale testar, fleirvalsoppgåver og e-læringskurs i legemiddelrekning gjennom hele studieløpet.

Ønskjer nasjonal debatt

Oppteljinga frå Sykepleien viser altså at det så langt berre er tre av institusjonane som har bestemt seg for å gjera om på vurderingsforma i medikamentrekning.

Lise Gladhus utdannar sjukepleiarar ved Universitetet i Søraust-Noreg.
Lise Gladhus utdannar sjukepleiarar ved Universitetet i Søraust-Noreg.

— Me hadde ønska å diskutera dette nasjonalt, seier Lise Gladhus.

Ho er førstelektor ved Institutt for sjukepleie- og helsevitskap ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN).

— Opplegget treng ikkje vera likt overalt, men dersom ein institusjon har ein skriftleg eksamen der ein må ha alt rett, og andre har medikamentrekning inkludert i ein praksistest, vil skilnadane verta store, seier Gladhus.

Ho seier at USN har vore usikre på kva ein skal gjera i saka, og at ein i løpet av vinteren skal avgjera korleis framtidig eksamensform skal verta. I dag får studentane eksamen i medikamentrekning i andre studieår.

Høgskolen i Molde er blant høgskulane som ikkje har gjort noka endring. Det har dei heller ingen planar om, seier høgskulelektor Hans Gunder Inderhaug ved Avdeling for helse- og sosialfag.

— Alle må stå i første studieår. Så re-testar me studentane kvart år. Det er ikkje alle som oppnår alt rett då. Slik gjer me studentane medvitne om at kunnskap om medikamenthandtering er ferskvare, seier han.

Fagorgan: Lik sluttkompetanse

— Det finst eit nasjonalt forum som drøftar nettopp medikamentrekning. Men fjorårets samling vart avlyst på grunn av pandemien. No håpar ein å få til ei samling denne hausten, seier leiar Lars André Olsen.

Han er studieprogramleiar for bachelorprogram i sjukepleie ved NTNU Ålesund.

— Kvifor skal akkurat denne testen vera lik over heile landet? Noko av utfordringa med medikamentrekning har vore at det har vore ein stor prøve som er teken ut av kontekst. Delvis har ein testa førsteårsstudentar i oppgåver som høyrer heime på intensivavdelinga, seier Olsen.

Han seier at når det ikkje er eit krav om ein test med hundre prosent rette svar, kan det føra til at studentane vert testa meir. Og som dei andre Khrono har snakka med, er han oppteken av å sjå medikamentrekning og legemiddelhandtering i samanheng med praksis.

Eigentleg har ein testa førsteårsstudentar i oppgåver som høyrer heime på intensivavdelinga

Lars André Olsen, NTNU

— Sjølv om det no ikkje er krav om hundre prosent rette svar på ein eksamen, er det ikkje mindre viktig at den legemiddelhanderinga ein gjer er heilt rett. Som sjukepleiar må ein vita at alt er rett – før ein gir det til pasienten, seier Olsen.

Marit Kirkevold er instituttleiar ved Institutt for sjukepleie og helsefremjande arbeid ved OsloMet. Ho leiar òg Nasjonalt fagorgan for utdanning og forsking innan sjukepleie iUniversitets- og høgskulerådet (UHR).

— Sjølve medikamentrekninga er ikkje noko me har drøfta i fagorganet. Men me har brukt mykje tid på å drøfta korleis dei nasjonale retningslinjene best kan verta tekne vare på på programplannivå. Når utdanninga er styrt ut frå læringsutbytte er det mange vegar fram. Då kan det oppstå større skilnader mellom utdanningsinstitusjonane, seier Kirkevold.

Fagorganet har no kome med ein eigen uttale om legemiddelhandtering. Dei viser til rammeplanen for sjukepleiarutdanning frå 2008, som no altså er endra. Dei skriv at prøve i medikamentrekning ikkje er nemnt spesifikt, men at skildring av læringsutbytte innan områda pasienttryggleik, legemiddelhandtering og legemiddelrekning teke vare på.

«Utdanningsinstitusjonene står fritt til å velge undervisnings- og læringsformer – og vurderingsformer - som sikrer at kandidatene oppnår kompetansen beskrevet i læringsutbyttebeskrivelsene. Veien fram til at studentene oppnår læringsutbyttebeskrivelsene kan altså være forskjellig, men sluttkompetansen hos de nyutdannede kandidatene skal være lik», seier fagorganet.

Marit Kirkevold er oppteken av at legemiddelhandtering er mykje meir enn berre rekning.
Marit Kirkevold er oppteken av at legemiddelhandtering er mykje meir enn berre rekning.

Ville ha nasjonal deleksamen

Her kan du sjå døme på eksamen i medikamentrekning. Sjølve matematikken er ikkje avansert. Men utfordringa er at studentane må skjøna kva det er dei reknar ut.

— Me ser av og til at studentane svarar feil dersom me snur om på oppgåva, seier Gladhus ved USN.

Marit Kirkvold fortel at det opprinneleg var føreslege at den nasjonale deleksamenen i sjukepleie skulle vera nettopp i medikamentrekning. Slik vart det ikkje, i staden er det anatomi, fysiologi og biokjemi som er tema her. Khrono har nyleg skrive om resultata av fjorårets eksamen.

— Me var fleire som åtvara mot å ha legemiddelrekning som tema. Rekninga er ikkje ein god indikasjon på om ein meistrar det fundamentale, seier Kirkevold.

Ho seier at rekninga berre er ein liten del av legemiddelhandtering, og at studentane òg må læra å handtera dei ulike medikamenta.

Slik ser det ut når sjukepleiarstudentane ved Høgskolen i Innlandet øver på medikamenthandtering. I det virtuelle rommet kan dei øva, kontrollera kvarandre, og levera svar når dei har fått jobba seg gjennom oppgåvene.
Slik ser det ut når sjukepleiarstudentane ved Høgskolen i Innlandet øver på medikamenthandtering. I det virtuelle rommet kan dei øva, kontrollera kvarandre, og levera svar når dei har fått jobba seg gjennom oppgåvene.

VR-rom i Innlandet

Frank Rune Martinsen kallar den klassiske medikamentrekningseksamen ein gamaldags rekneprøve. Han er høgskulelektor ved Eining for sjukepleie ved Høgskolen i Innlandet.

— Ute i arbeidslivet har studentane både kollegaer dei kan snakka med, dei har oppslagsverk, og dei har andre hjelpemiddel. Det er ikkje dugleikane i rekning som gjer at det vert gjort feil i møte med pasientar, seier Martinsen.

Høgskulen har no legemiddelhandtering som tema alle dei tre studieåra, og det er ein progresjon i kva studentane skal læra. Eit eige VR-rom gjer at studentane virtuelt kan øva og kontrollera kvarandre.

— Dette er med på å gjera dei trygge, og dei vert kjende i eit medisinrom. Me meiner at denne måten å gjera det på gjer at studentane vert meir budde på det som møter dei i arbeidslivet, seier Martinsen.

Mengdetrening og stammespråk

Han seier medikamentrekning handlar om mengdetrening og om å læra seg å meistra eit «stammespråk».

— I den klassiske eksamenen i medikamentrekning risikerer studentane å få spørsmål om legemiddel dei førebels ikkje har vore i kontakt med, seier Martinsen.

Før jul skreiv Khrono at medikamentrekning var ein av svært få eksamenar der mange studentane måtte møta til fysisk eksamen. Men ikkje ved Høgskulen i Innlandet.

— Me tok sjansen på å ha digital heimeeksamen. Studentane fekk kortare tid enn dei plar, og i tillegg fekk dei spørsmåla i tilfeldig rekkefølgje. Det var difor ikkje tid til eller vits i å prøva å samarbeida, seier Martinsen.

Powered by Labrador CMS