pandemi

Fleire byar har framleis krav om undervisnings-meteren

Sprit og sperreband har vorte naturleg i auditoriet. Her er rektor Margareth Hagen ved UiB i den store salen
Sprit og sperreband har vorte naturleg i auditoriet. Her er rektor Margareth Hagen ved UiB i den store salen "Egget" ved Universitetet i Bergen i vår. .
Publisert Oppdatert

Ved studiestart i august oppheva regjeringa kravet om ein meters avstand i undervisningssituasjonar. Fleire utdanningsinstitusjonar har likevel halde fast ved avstandsregelen.

Bergen kommune har hatt mykje smitte sidan tidleg i august, og innførte før studiestart lokale retningslinjer. Desse innebar mellom anna grenser for kor mange som kan samlast privat og òg eit avstandskrav for undervisning ved universitet og høgskular.

I Trondheim vart det i slutten av august innført avstandskrav, også det knytt til aukande smitte.

— Det er einmeterskrav i alle byane no, skriv seniorrådgivar ved NTNU, Jan Erik Kaarø, i ein annan sms.

NTNU har campus både i Trondheim, Gjøvik og Ålesund.

Også Universitetet i Agder hadde einmeterskrav i undervisningssituasjonar ved semesterstart. Det har dei framleis, skriv kommunikasjonsdirektør Øyvind Moen Eskedal i ein sms til Khrono.

Meir fysisk undervisning

2.september vart retningslinjene i Bergen vidareførte som tilrådingar, før dei fredag 17.september varsla at dei gjekk over til nasjonal tiltak.

No vil Høgskulen på Vestlandet (HVL) gå vekk frå avstandskravet i undervisninga. Dette betyr meir fysisk undervisning på campus.

Rektor Gunnar Yttri seier på høgskulen sine eigne sider at meir fysisk undervisning er viktig både for tilsette og studentar.

– Me ser at smittetrykket i Bergen er synkande, mange er vaksinerte og me har gode og forsterka smittervernstiltak på campus.

Men sjølv om ein no vil kunne samla fleire til førelesing er timeplanen for hausten lagt.

– Det inneber at tilbakeføringa til meir fysisk undervising vil skje gradvis og kontrollert utover hausten, seier Yttri.

HVL har campus både i Bergen, Førde, Sogndal, Stord og Haugesund, og avstandskravet har berre vore gjeldande for Bergen. Det vert oppheva frå 20.september.

Andre ventar

VID vitskapelege høgskule held fast ved å nytta annakvart sete i undervisningssituasjonar. Det seier kommunikasjonssjef Vidar Steder.

— Me held oss til dei nasjonale tilrådingane, og har ikkje sett nokon dato for når me skal gjera noka endring, seier han.

Både Norges Handelshøyskole (NHH), Universitetet i Bergen (UiB) og NLA Høgskolen kjem framleis til å halda på meteren. UiB har frå semesterstart praktisert det dei har kalla den «akademiske meteren», som betyr å nytta annakvart sete i førelesingssalar, og kjem til å halda fram med det.

Geir Mikalsen, kommunikasjonsdirektør ved NHH, skriv i ein e-post at NHH kjem til å halda fram med meteren inntil vidare. Dette er i tråd med tilrådinga frå kommunen, som har sagt at det kjem til å koma ei ny vurdering om omlag to veker.

Ved NLA har dei bestemt seg for å førebels halda på avstandskravet fram til haustferien, skriv kommunikasjonsleiar Solfrid Ebbesen i ein tekstmelding.

Berre for undervisning

Utdanningsinstitusjonar elles i landet viser på sine nettsider til at avstandskravet i undervisningssituasjonar vart oppheva i august. Men kravet gjeld berre undervisning, ikkje til dømes lesesalar og kantiner.

Yttri ved HVL minner om rutinane:

– Hald god avstand til kvarande elles, ha god handhygiene, bli heime og test deg viss du er sjuk eller har symptom, og støtt opp om vaksinasjonsprogrammet.

Saka er oppdatert 17.9 kl 19.25 med informasjon frå UiA og med at Bergen kommune går over til nasjonale retningslinjer.

Powered by Labrador CMS