smittevern

Ønskjer seg ein «akademisk meter» mellom studentane

Dersom studentane kunne sitja med 90, ikkje 100, centimeter mellom seg, kunne ein nytta annakvart sete i auditoria.

Sprit og sperreband har vorte naturleg i auditoriet. Rektor Margareth Hagen håpar UiB kan ha førelesing her til hausten, og eitt sete mellom kvar student. Men då vert meteren ørlite for kort.
Publisert Oppdatert

Egget, den store førelesingssalen i studentsenteret ved Universitetet i Bergen (UiB) er tom. Til hausten er målet at studentar kan samlast til fysiske førelesingar her. Men spørsmålet er kor mange det er plass til.

— Dersom me kan ha avstand på 90 centimeter, vil ein kunne bruka annakvart sete, sa assisterande universitetsrektor Tore Tungodden i universitetsstyremøtet torsdag.

— Me ønskjer oss ein akademisk meter, seier rektor Margareth Hagen til Khrono.

— Er reglane for strenge i dag?

— Eg ønskjer ikkje å svara ja eller nei på det. Men eg håpar me kan få større fleksibilitet. Dersom me kunne hatt 90 centimeter mellom studentane, ikkje ein meter, ville det vorte så mykje enklare.

Leiger lokale

I smittevernrettleiaren frå Folkehelseinstituttet heiter det at det ikkje er sett noko avgrensing på kor mange studentar som kan samlast til førelesing eller anna undervisning, men at ein må kunne ha minst ein meter avstand mellom alle som er til stades.

— UiB har halde smittevernreglane, understrekar Hagen.

I sakspapira til styremøtet heiter det at UiB legg opp til ein undervisningsplan som skal handtera at det framleis vil vera smitteverntiltak til hausten. Det vert mellom anna planlagt redusert omfang på saleksamen.

— Dersom det ikkje er smitteverntiltak i haust, vil det vera enklare å legga om til ordinær undervisning enn å gå motsett veg, heiter det der.

— Me leiger lokale til hausten for å sikra oss, seier Hagen.

I styremøtet understreka både ho, og fleire av styremedlemmene, at dei er uroa for studentane, og håpar dei kan få eit meir normalt semester frå hausten.

— Me må vera heilt skotsikre på at me gjer alt me kan for studentane. Eg fekk heilt vondt av å lesa om korleis dei har hatt det, sa Marianne Møgster, og peika på den ferske SHoT-undersøkinga.

Skilnad frå vidaregåande

Allereie i fjor sommar, altså før studieåret som ikkje vart slik nokon såg føre seg var i gang, stilte Trond Winther, førstelektor ved Universitetet i Søraust-Noreg spørsmål ved om det var for strenge smittevernreglar ved universitet og høgskular.

— Så lenge den generelle einmetersregelen gjeld i UH-sektoren, men ikkje i vidaregåande skule, så set jo den sterke føringar. Det er ikkje heilt lett å forstå at dei skal ha langt strengare praksis enn det som vert gjennomført i vidaregåande skule, sa Winther då.

Skulane er som kjent organisert på grønt, gult og raudt nivå. Det er berre på raudt nivå einmetersregelen kjem inn i vidaregåande skule.

Powered by Labrador CMS