Debatt ● Kåre Fuglseth, Jon Arne Lindstrøm, Catrine Torbjørnsen Halås og Sine Herholdt-Lomholdt

Exit for studiet av praktisk kunnskap ved Nord universitet

Utan å tenke gjennom konsekvensane på sikt, vil Nord universitet vedta nedlegging av masterprogrammet i praktisk kunnskap, skriv fire tilsette i eit ope brev.

— Fagmiljøet i praktisk kunnskap (profesjonspraksis) har sidan starten for 25 år sidan arbeidd med profesjonsforsking i tråd med det Profesjonsmeldinga no etterlyser, skriv forfattarane. Her skin sola på campus i Bodø.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Alle som arbeider i UH-sektoren veit kor vanskeleg det å setje i gang og halde gåande tverrfaglege og tverrfakultære FoU-miljø og utdanningsprogram. For Nord universitet er dette i tillegg eit satsingsområde (sak i styret 16/2023). 

Rektor og styret har i vår fått forslag om vidareføring av ein revidert versjon av det tverrfagleg programmet «master i praktisk kunnskap» på bordet frå dekanen ved Fakultet for lærarutdanning (FLU), eit forslag som vart avvist av styret. Dekanen og rektor føreslår no i tillegg å leggje ned heile masterprogrammet «praktisk kunnskap» i studieportefølje-saka som kjem til styret 19. juni. 

I begge tilfelle er dette program som er relativt enkle å organisere, det krevst ikkje store ressursar og etter ei stor omlegging for to år sidan, går det isolert sett i dag med inntekt og har god gjennomstrøyming.

Ei slik nedlegging er ei lita sak og høyrest kanskje udramatisk ut i ei tid med tronge økonomiske kår, men har store konsekvensar og kan også stå fram som lite strategisk. Sagar Nord universitet av den greina det sit på?

Sagar Nord universitet av den greina det sit på?

Fuglseth, Lindstrøm, Halås og Herholdt-Lomholdt

Fagmiljøet i praktisk kunnskap (profesjonspraksis) har sidan starten for 25 år sidan arbeidd med profesjonsforsking i tråd med det Profesjonsmeldinga no etterlyser: forsking på arbeidspraksis generelt og integrering av praksisbasert kunnskap i utdanningane. 

Ved Nord universitet (Høgskolen i Bodø, Universitetet i Nordland) var studiet og forskingsprogrammet eit reelt satsingsområde, sentralt i oppbygginga av universitetet og éin av hovudbjelkane i re-akkrediteringa av programmet «Studiar i profesjonspraksis» (no «Profesjonsvitskap») i 2021—22.

Fagfolka i miljøet har etablert seg som eit internasjonalt anerkjent nordisk senter for studiet av profesjonspraksis og fagområdet praktisk kunnskap. Miljøet har bidratt til utvikling av fagområdet gjennom ei rad tverrfaglege antologiar. I dag arbeider fagfolk frå tre av fakulteta på universitetet med programmet, men det er organisatorisk plassert på eitt av dei (FLU, med dekan på Levanger). 

Ei nedlegging av eit masterprogrammet i praktisk kunnskap er samstundes ei faktisk nedbygging av heile dette tverrfaglege FoU-miljøet i studiar av profesjonspraksis. Slik vi ser det, skjer dette utan at ein har tenkt gjennom konsekvensane på sikt eller prøver å finne alternative grep. Vi etterlyser ein plan for dette og ventar at fagfolka sjølve vert involverte i det.

Powered by Labrador CMS