Det er ikkje eit spørsmål om ein skal verta eit universitet, det er eit spørsmål om når ein skal verta det, meiner påtroppande rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Gunnar Yttri.

54 år gamle Gunnar Yttri skal leia Høgskulen på Vestlandet frå nyttår. No sit han i høgskulestyret, men har, i samråd med styreleiar, valt å tre til side denne hausten.

Han skal bygga det nye universitetet på Vestlandet

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Sogndal (Khrono): Gunnar Yttri helser til høgre og venstre, og viser veg til kaffibaren på campus i Sogndal. Berre eit steinkast unna ligg høgskulebygget, teikna av arkitektkontoret lille frøen, med store vindauge ut mot elva og bygda. På den andre sida av kafeen ligg Fosshaugane Stadion, med grøn grasmatte, stor idrettshall og eit bygg som mellom anna rommar klasserom for den vidaregåande skulen.

Men no skal Yttri flytta frå bygda – i alle fall delvis. Frå 1.januar vert han rektor ved Høgskulen på Vestlandet – med arbeidsstad i Bergen.

— Eg kan, og eg vil. Eg har ei valdsam tru på institusjonen. Det er små, men viktige grep som skil om ein lukkast eller svir av for mykje krutt, seier 54-åringen.

Sut for Bergen

Då Khrono leita etter aktuelle kandidatar til rektorstillinga ved HVL, var Yttri den som oftast vart peika på.

— Eg har vore styremedlem, og eg vart òg gjenvald. Eg har prøvd å følgja avtalen som låg til grunn for fusjonen. Handterer me dette godt, kan alle campus styrkast utan at det vert kostnader for dei andre, seier Yttri, og legg til:

— Eg har sut for Bergen òg, og eg er oppteken av korleis ein kan bygga så gode utdanningar som mogleg.

— Ikkje eit spørsmål om fem

1.januar 2017 vart Høgskulen på Vestlandet (HVL) fødd. Dette var ein fusjon mellom tre høgskular: Høgskulen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen Stord/Haugesund. Totalt har HVL no fem ulike campus; Bergen, Sogndal, Førde, Stord og Haugesund. Som Khrono har skrive, har ein tilsett ein campusutviklar.

— Skal ein framleis ha fem campus?

— Det er ikkje spørsmål om ein skal ha fem. Spørsmålet er kor sterke dei skal vera, seier Yttri.

Han er oppteken av at det må vera skreddarsaum som passar dei ulike stadane der høgskulen er til stades, og han er oppteken av kor viktig høgskulen er i dei ulike regionane dei held til. Slik kan ein mellom anna skaffa nærområdet kandidatar.

— Det handlar om kva ein kan tilby. Oslo vil få tak i dei dei ønskjer, alle andre lek dit, seier Yttri.

I Sogndal kjem svært mange av studentane frå andre stader enn sognebygda og kommunane rundt, men for dei andre studiestadane til HVL ser ein at søkjarane i større grad er lokale.

— Skal ein tilby til dømes sjukepleiarutdanning både i Førde, på Stord og i Haugesund, og lærarutdanning både i Sogndal og på Stord?

— Eg vil ikkje kommentera framtida. Men profesjonsutdanningane er grunnlag for både institusjon og campus. Dersom det er slik at nokre av utdanningane våre rekrutterer svakt, så er utfordringa å få dei til å rekruttera sterkt, seier Yttri.

Den gamle Høgskulen i Sogn og Fjordane har vorte ein del av Høgskulen på Vestlandet. Gunnar Yttri er oppteken av dei moglegheitene digitalisering gir, men samstundes må den langstrakte høgskulen av og til ha fysiske møte.

Universitet med stil

Målet er klart: Høgskulen på Vestlandet skal verta universitet. Dette er ikkje noko nytt mål, og per no er målet å senda søknad i 2023.

— Med meg som leiar vil me bygga det nye universitetet. Me vil verta ein sterkare utdanningsinstitusjon, ein sterkare forskingsinstitusjon og samhandla betre med næringslivet, seier Yttri.

Ved å vera universitet er ein sjølvakkrediterande, det vil seia at ein sjølv kan oppretta studieprogram på alle nivå. Men det som i dag er HVL skal vera noko anna enn dei gamle breiddeuniversiteta, understrekar den påtroppande rektoren.

— Me ser ikkje til Universitetet i Bergen, sjølv om me er opptekne av å ha eit godt samarbeid med dei. Me samanliknar oss med internasjonale universitet som har knekt koden når ein ser på det å tilby profesjonsutdanning og ha samfunnsnytte, seier Yttri.

Det handlar ikkje berre om å kryssa av på ei liste frå Nokut.

Gunnar Yttri

Men samstundes vil han ikkje at den noverande høgskulen skal verta universitet for einkvar pris. Ein skal verta det med stil.

— Det handlar ikkje berre om å kryssa av på ei liste frå Nokut. Me skal vera kjenneteikna av at studentane opplever at dei kjem til ein sterk utdanningsinstitusjon, og at omverda ser til HVL for sterk og relevant forsking, seier Yttri.

Sju timar med bil - minst

Når den påtroppande rektoren helser både til høgre og venstre, er det ikkje berre tilsette som seier «hei». Også studentane veit kven han er. Sogndal, bygda Yttri vaks opp i, og som han flytta attende til etter å ha studert ved Universitetet i Oslo, er i vekst. Samstundes er det ikkje større enn at det er oversikteleg, og ifølgje Yttri var den tidligare Høgskulen i Sogn og Fjordane svært flink til å følgja opp studentane.

— Var det sjølvsagt at du skulle flytta heim?

— Nei, det var ikkje det. Men kjærasten – kona altså – er òg frå Sogndal.

Barna er vaksne, og det er difor lettare å jobba i ein annan by. Men Yttri er oppteken av at han skal vera synleg både i Bergen og på andre campusar, utan at det førebels er heilt bestemt kor mykje han skal vera den eine eller den andre staden.

Frå Bergen til Sogndal er det 25 minutt med fly. Men fire timar å køyra bil. Til Haugesund kan du plussa på minst tre timar til, litt mindre til Stord. Til Førde, som òg ligg i gamle Sogn og Fjordane, tek det om lag halvannan time med bil – på ein veg som er rasutsett.

Yttri seier at digitalisering er heilt avgjerande for ein institusjon som er lokalisert fleire stader. Men samstundes er noko reising heilt naudsynt.

— Det er ei omfattande reiseverksemd ved høgskulen, og leiarar og mellomleiarar har reist ekstremt mykje desse første åra. Men ein må ha nokre fysiske møte der ein kan verta kjende. Det me ser er at fagfolka finn kvarandre når dei treffer kvarande fysisk.

No skal HVL sjå på om den organiseringa høgskulen har i dag, er den beste. Til våren skal det lysast ut stillingar som både prorektorar og dekanar.

— I dag har me prorektorar som òg har nærregionansvar. Eg skal ikkje seia at det ikkje har fungert, men dette er noko me innførte for fire år sidan, som kanskje kan justerast no. Styret bestemmer, seier Yttri.

Finanskrisa i 2008 gjorde at det vart bygd fleire offentlege bygg, mellom anna det som heiter Høgskulebygget i Sogndal. Den knall gule veggen er ein del av utsmykkinga i kantina.

Doktorgrad som privatist

I tillegg til at eit universitet i stor grad sjølv kan bestemma kva studieprogram ein vil tilby, har det tradisjonelt sett vore fleire med både doktorgrad og professorkompetanse ved universiteta. Sjølv tok Gunnar Yttri doktorgrad i vaksen alder, i 2016. Utgangspunktet var boka «Frå skuletun til campus». Tema er altså framveksten av høgare utdanning i Sogn og Fjordane sett i ein nasjonal og internasjonal kontekst.

— Eg tok doktorgrad som privatist, humrar Yttri om doctor philos-grada.

— Må ein ha doktorgrad for å undervisa i profesjonsutdanningane?

— God undervisning er ikkje avhengig av kva grad ein har. Men me har nokre karrierevegar som stadig fleire siktar mot, seier Yttri, men peikar samstundes på at nyleg arbeidserfaring frå det feltet ein skal undervisa er nyttig.

Gunnar Yttri er førsteamanuensis i historie, og har vore dekan. No vert han rektor for Høgskulen på Vestlandet.

Åtte gitarar

Yttri sitt kontor ligg i det som heiter Fossbygget. Det er like ved det høge og smale Høgskulebygget. Her er det mellom anna kantine og bibliotek, i bygget som er langt og smalt og heile fem etasjar høgt. Utanfor ligg Kjell Bondevik-plass, kalla opp etter den gamle utdanningsministeren.

— No er det fem etasjar ned og tre opp, seier Yttri, og går nedover trappa.

Han trur han må flytta ut av kontoret no. Førsteamanuensen i historie høyrer heime ved Institutt for samfunnsvitskap.

— Men du må kanskje ha eit kontor her når du er i Sogndal?

— Det har du rett i. Det har eg ikkje tenkt på, ler Yttri.

Igjen i Sogndal vert nok òg dei fleste av gitarane. I duoen Billa & the Kid er Yttri «the Kid». Han både syng og skriv tekstar, og fortel at han har åtte-ni gitarar heime.

— Det er ein lidenskap. Musikk og songskriving har vore ein kjær hobby i mange år.

Duoen har hatt speleoppdrag lokalt i fleire år, seinast i sommar då festivalen Malakof reiste rundt i gamle Sogn og Fjordane heller enn at alle samla seg på Nordfjordeid.

— Men du veit, det er ikkje sikkert eg er den beste gitaristen i nabolaget ein gong, seier Yttri, og ramsar opp dei mest kjende musikarane frå saftbygda: Olav Stedje, Tone Damli, Eva Weel Skram.

Yttri vil vera ein synleg rektor, og ein rektor som frontar høgskulen.

— Eg går all inn!

Men ein rektor som spelar gitar i alle samanhengar, skal han ikkje verta.

— Haha, eg får spela på nachspiel.

Powered by Labrador CMS