arbeidsmiljø

Sjukefråvær på over 16 prosent i Volda

Avdeling for mediefag, som har vore prega av konflikt det siste året, klarar ikkje å få ned sjukefråværet. I staden aukar det.

Sjukefråværet er dessverre for høgt ved dei fleste avdelingane, seier rektor Johann Roppen.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

16,2 prosent sjukefråvær hadde Avdeling for Mediefag (AMF) ved Høgskulen i Volda første kvartal i år. Det betyr at sjukefråværet framleis går opp ved avdelinga. For fjoråret sett under eitt, var sjukefråværet på 9,98 prosent, men det var mykje større siste halvår enn første halvår.

— Me håpar og trur sjukefråværet vil gå ned i 2020, sa rektor Johann Roppen til Khrono i februar.

— Heilt sidan i fjor vår har me jobba breitt med arbeidsmiljøet, og sjukefråvær er ein del av det, seier Roppen no.

Har levert notat

5. juni i fjor fekk dei tilsette ved Avdeling for mediefag presentert ein rapport som var laga av Stamina Helse. Denne rapporten vart laga etter at ei arbeidsmiljøundersøking (Ark) viste at arbeidsmiljøet ikkje var fullt ut forsvarleg.

«Basert på samla tilbakemelding frå de tilsette, er det u.t. si vurdering at arbeidsmiljøet ved AMF medfører uheldig psykisk belastning for ein betydeleg del av de tilsette. Vi må derfor konkludere med at det etter samla vurdering av faktorane som påverkar arbeidstakarane ligg føre brot på AML §4-1. Arbeidsmiljøet er dermed ikkje fullt ut forsvarleg», heiter det i rapporten.

Då hadde det allereie vore misnøye ved avdelinga ei stund. I august gjennomførte høgskuleleiinga ei mellombels omplassering av dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, mot hennar vilje. Rotevatn har no fått ny jobb som direktør for Musea på Sunnmøre.

Men det er etter at Rotevatn vart flytta frå AMF at sjukefråværet auka mest. Då Khrono skreiv om tala sist, viste dei 14,2 prosent for siste kvartal i 2019.

Jan Ytrehorn er frå 1. juni konstituert som dekan ved AMF. Han kjem frå stillinga som instituttleiar ved Institutt for journalistikk. Ytrehorn seier at det det siste året har vorte jobba med arbeidsmiljøet ved avdelinga. Ei prosjektgruppe har vore sett ned for å gjera dette, og no har denne gruppa levert eit notat til høgskuleleiinga.

Ytrehorn seier at avdelinga har ein del langtidssjukmelde.

— Det kan det vera ulike grunnar til. Det vert lagt til rette for at dei som er sjukmelde skal kunne koma attende, seier Ytrehorn.

— Trur ein sjukmeldingane er arbeidsplassrelaterte?

— Det er ofte vanskeleg å seia noko om. Men det skal merkjast av på skjema frå legen, seier dekanen.

Høgt fråver hos fleire

Men det er ikkje berre mediefag som har høgt sjukefråver. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) fekk presentert sjukefråværstal for første kvartal i sitt møte i mai. I vedtaket frå utvalet heiter det mellom anna at «AMU er uroa for at sjukefråværet aukar. AMU ser det som viktig at avdelingsleiarane (i samarbeid med personalkontoret) undersøkjer kva som kan vere moglege forklaringar på høgt sjukefråvær på kvar einskild avdeling. T.d. kan det vere grunn til å sjå på fordeling av arbeidsoppgåver innanfor fagmiljøet knytt til ei utdanning, bruken av FoU-stipend og frikjøp, bruk av mellombels tilsette, med meir?»

No skal sjukefråværstala opp i høgskulestyret. I sakspapira heiter det at sjukefråværet ved høgskulen har auka dei siste åra, og at trenden held fram i første kvartal i år. Leiinga er ikkje nøgd med dette, og er uroa over at det høge fråværet kan auka belastninga på dei tilsette som er att på jobb.

— Dei fleste avdelingane ligg for høgt, dessverre, seier rektor Johann Roppen.

Sjukefråvær ved Høgskulen i Volda, tal i prosent

Fellesadministrasjonen6,0
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning8,2
Avdeling for kulturfag12,2
Avdeling for mediefag16,2
Avdeling for samfunnsfag og historie4,5
Stipendiatar17,2
(Stipendiatar må ha eit sjukefråvær på minst 14 dagar før det blir lagt til ekstra tid i stipendiatperioden, noko som kan bidra til at sjukmelding blir nytta fram for korte eigenmeldingar)

Tal frå Høgskulen i Volda

Totaltalet for høgskulen er 8,7 prosent, men fleire avdelingar har over ti prosent sjukefråvær. Dei som har størst sjukefråvær er tilsette mellom 40 og 49 år. Det er i denne gruppa ein finn den største auken i sjukefråvær om ein samanliknar med fjoråret. Kvinner er i langt større grad enn menn vekke frå jobb på grunn av sjukdom, og står for over 70 prosent av sjukefråværet.

Roppen peikar på at det ikkje er lett for høgskulen å vita kva som er årsaka til at tilsette er vekke frå jobb. I styresaka heiter det at «det er det legemeldte langtidsfråværet som utgjer den største auken. Oppfølging etter rutine, der ein har tett dialog med BHT (bedriftshelsetenesta journ.anm.) og lege kan vere eit bidrag til at ein raskare finn løysingar. Vi har erfaring for at arbeidsrelatert sjukefråvær ikkje alltid blir registrert i sjukmeldingsskjema. Det er avhengig av at lege kryssar i rett rubrikk for å automatisk bli registrert i vårt system. Dette gjer at dialogen mellom leiar og tilsett blir særleg viktig for å avdekke om sjukefråværet er arbeidsrelatert».

Powered by Labrador CMS