Debatt trond fredrik hagemann hoddevik

Eit demokratisk val utan reelle alternativ

Det er utruleg bittert å tenke at ein studieinstitusjon som Høgskulen i Volda ikkje klarer å ha fleire kandidatar i eit rektorval, skriv leiar for Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda, Trond Fredrik Hagemann Hoddevik.

Det er eit tankekors at vi ønskjer å oppretthalde eit reelt demokratisk val, men samtidig ikkje klarar å levere på oppgåva, skriv Trond Fredrik Hageman Hoddevik.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

9. desember gjekk starten på valet av ny rektor på Høgskulen i Volda. Då får studentar og tilsette seie si meining om kven som er beste kandidat til vervet, etter det som har vore interessante debattar og ein god valkamp. Slik skulle det ha vore. Den gang ei, dessverre.

Det er liten tvil om at situasjonen vi no har hamna opp ikkje er ønskjeleg for verken veljarane eller kandidaten. Dette er uttrykt frå alle partar, og dette innlegget har derfor ikkje formål med å kritisere Odd Helge Tonheim som kandidat. Derimot er det heller haldningane knytt til rektorvalet som burde bli retta eit kritisk søkjelys mot.

Først og fremst så var dette ei viktig sak for studentparlamentet. Vi hadde fleire rundar med saka om vi i Volda burde ha tilsett eller vald rektor. Som med dei fleste interne organ på Høgskulen, landa vi også på at vald rektor var mest formålstenleg. Formålstenleg i høve å kunne utfordre prioriteringane kandidatpara har i sin valplattform, og ikkje minst kven ein ønskjer skal vere studieinstitusjonens leiing for komande periode. I tillegg så er avstanden signifikant mindre mellom ein vald rektor og studentane enn alternativet.

Det er eit tankekors at vi ønskjer å oppretthalde eit reelt demokratisk val, men samtidig ikkje klarar å levere på oppgåva.

Trond Fredrik Hagemann Hoddevik, leiar, Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda

Det ligg ein undertone om at høgskulen har lokaldemokratiet som eit viktig prinsipp. Eg tviler heller ikkje på det, og argumenta ovanfor reflekterer godt for mitt og resten av parlamentets synspunkt om saka. Fordelen med vald rektor er openbert støtta ein har lokalt. Men då vert det også forventa at studentar og tilsette har hatt høve til å gjere seg opp ein meining og fått avsagt si stemme om kva retning og personlege kvalitetar ein ønskjer skal vere representative for heile høgskulen.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Det valet får vi ikkje no. Eller rettare sagt får vi valet mellom ein rektor og prorektor kandidat, og det å symbolsk markere motstand til situasjonen for valet med å stemme blankt. I eit tidlegare oppslag i Khrono kom det fram at der var andre kandidatar som ønskte å stille, men som ikkje fann ein medsamansvoren prorektorkandidat. Det er unekteleg leitt at det blei slik.

Det er også utruleg bittert å tenke at ein studieinstitusjon som Høgskulen i Volda, som har demokratiet plassert godt i ryggmergen, ikkje klarar å ha fleire kandidatar i eit rektorval. Kanskje det er mi utolmodige side som seier dette, men er forsking meir verd enn ei rektorstilling? Er ikkje innverknad i UH-sektoren for ein fireårsperiode viktigare? Og viss det var berre mangel på ein prorektorkandidat som mangla, kunne ikkje vi ha utsett valet? Det er eit tankekors at vi ønskjer å oppretthalde eit reelt demokratisk val, men samtidig ikkje klarar å levere på oppgåva. Ikkje tru at studentane ikkje tok del, vi har vore delaktige i den førebuande prosessen, men det overordna ansvaret er det Høgskulen som må ta.

Sjølvsagt vil studentparlamentet og andre organ på høgskulen framover vurdere kva forbetringar som kan gjerast i forkant av eit nytt rektorval i 2026. Og ja, eg forventar at Volda held på vald rektor. Dette er ikkje første gongen vi har hamna i denne situasjonen, men ein kan kanskje håpe at dette blir den siste.

Powered by Labrador CMS