Debatt MOrten stene

Ei utdatert og urettferdig vurderingsform

Morten Stene inviterer til debatt om korleis ein skal vurdera studentane.

I staden for den utdaterte vurderingsforma, burde Noreg sjå på korleis me best mogleg kan bruke vurderinga som ein del av læringa, meiner Morten Stene.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Å vurdere studentane med ein test på pugging burde vore utgått for lenge sidan. Han hindrar læring og er ikkje god for å skape eit universelt utforma universitet. Me torer å debattere alle andre delar av det læringssystemet me har, men éi utdatert vurdering står fast.

I staden for den utdaterte vurderingsforma, burde Noreg sjå på korleis me best mogleg kan bruke vurderinga som ein del av læringa. På Universitetet i Bergen opplever eg det av og til, med fagfellevurdering av bacheloroppgåve, mappevurdering, eller semesteroppgåver. Alt for sjeldan vert betre vurderingsformer brukte.

Eg meiner at det er på tide at me går inn i framtida utan ei vurdering frå fortida. Så derfor spør eg leiinga på Universitetet i Bergen, Statsråd Henrik Asheim og resten av sektoren: Er de med på å skape ei endring?

Morten Stene

Det å bruke vurdering aktivt i læringa i staden for eit middel til å setje ein karakter, gjer at studenten ikkje får eit insentiv til å utvikle seg sjølv i staden for pugging. Dersom ein i tillegg bruker andre måtar for karaktersetjing, vil det gi effekt. Ein bør fortsatt bruke vurdering til å skille studentane noko, men mange av karakterane ein gir i dag er allereie irrelevante, og skaper berre eit unødig karakterpress. Fordi når eg søker vidare til master er alt karakterane som ikkje er ein del av spesialiseringa mi, ikkje med i vurderinga. Då er i alle fall karakterane mine frå det første året unødvendige, sidan eg ikkje bruker dei vidare. Kvifor skal me då ha bokstavkarakter det første året på universitetet? Vil vurderinga vere rettferdig dersom ein allereie stressa situasjon blir belasta med ei vurderingsform som ikkje held mål, og berre vurderer meg utifrå kor god eg er på det spesifikke tidspunktet, ikkje om eg faktisk har lært det eg skal kunna?

I forsking gjort av Helen Duncan ved Universitetet i Cambridge, og Catherine Purcell ved Cardiff University, såg dei at skilanden mellom antal ord skrivne i løpet av eksamen av dei med dysleksi og dei utan, var på 4 ord per minutt. Sjølv om studentar med dysleksi fekk skrive på data og hadde 25% ekstra tid. På ein norsk 6-timarseksamen vil eit slikt skille i antal ord blitt veldig stort. Den ekstra tida ein får blir ikkje brukt på å tette gapet, men å skjønne oppgåva. Gapet i karakter var også ganske stort, og dei med dysleksi hadde færre toppkarakterar og fleire botnkarakterar.

(les videre under AnnonseN)

Bli varslet om
debatt og nyheter

Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste debattinnleggene og de
viktigste nyhetssakene.
-

Det blir ikkje rett å seie at dette er fordi studentane utan dysleksi er betre i faget, og dermed fortente ein høgare karakter. Det ein då ikkje har tatt føre seg er skilnaden dersom ein gir dei same studentane frå studien ei oppgåve som går over heile semesteret. Då kan me sjå at på oppgåver som går over ein lengre tidsperiode, så får studentane med dysleksi tetta gapet.

Faktisk så konkluderer Helen Duncan med at fordelen med å bruke datamaskin, i tillegg til å få 25% ekstra tid på eksamen, verken lar studentar med dysleksi skrive noko særleg lengre, eller gir dei høgare karakterar. Det reduserer karaktergapet mellom studentane noko, men klarer ikkje å fjerna skilnadane dysleksi skaper. Det er vurderingsforma som hindrar studentane i å få ein god karakter, og ikkje kunnskapen dei har.

Det eg ynskjer å invitera til er ein debatt om korleis me ynskjer å vurdera studentar. Det finst nemleg svært få andre plassar der ein vurderer nokon, utan å gi dei moglegheit til å bruka alle midla som dei vil ha tilgjengelege i arbeidsliv, og vidare dersom ein går inn i akademia. Me vel å prioritera ei vurderingsform som ikkje burde få plass i eit akademia med fokus på læring. Dette utan å spørje om ho faktisk er ei god vurderingsform. Eg meiner at det er på tide at me går inn i framtida utan ei vurdering frå fortida. Så derfor spør eg leiinga på Universitetet i Bergen, Statsråd Henrik Asheim og resten av sektoren: Er de med på å skape ei endring?

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Powered by Labrador CMS