ny jobb
Dueland gir seg som studentombod
Etter totalt 3,5 år som studentombod skiftar Sindre Dueland beite.

Våren 2017 vart Sindre Dueland tilsett som studentombod ved Høgskulen på Vestlandet. I fjor haust byrja han i same stilling ved Universitetet i Bergen. No har han sagt opp stillinga.
— Det har ingenting med UiB å gjera. Eg fekk ei moglegheit eg ikkje kunne seia nei til, seier Dueland.
Skal jobba med revisjon
Dueland (36) har mastergrad i både rettsvitskap og administrasjon og organisasjonsvitskap. No går han til KPMG, der han skal jobba med forvaltningsrevisjon. Det store selskapet har kontor i fleire norske byar, og tilbyr tenester mellom anna innan revisjon og rådgiving.
— UiB er ein fantastisk organisasjon å jobba med, og det er litt vemodig å gi seg etter berre eitt år, seier Dueland.
Effektiv stoppar
Då han vart tilsett, sa han at han ville prøva å vera tilgjengeleg for studentane, og hadde tru på at det var betre å få kontakt med dei gjennom sosiale media enn å tru at dei skulle dumpa innom kontoret hans.
— Har du fått gjort det du tenkte du skulle få gjort ved UiB?
— Eg har fått gjort ein del av det, særleg når det handlar om å vera meir synleg og tilgjengeleg, og også meir digital. Men så kom jo koronaen, og sette ein effektiv stoppar for promoteringsarbeidet, seier Dueland.
Han fortel at han har vorte kontakta av overraskande få studentar under nedstengingsperioden.
— Eg hadde jamnlege møte med UiB, og mi oppfatting er at dei har handtert situasjonen på ein god måte, seier Dueland.
Lovfesta ordning
Ordninga med studentombod vart lovfesta i 2019. Dei første norske utdanningsinstitusjonane fekk eit slikt ombod på plass allereie i 2015.
Dette betyr at stillinga ved UiB skal lysast ut på nytt. Det er førebels ikkje gjort. Dueland sit i stillinga ut september.
Nyeste artikler
Hvorfor sender UiT gutta på tur?
Venstre frykter nytt hvileskjær. MDG gir Borten Moe stryk.
Stryker et av verdens største fra listen over godkjente tidsskrifter
Sustainability er ute av listen over godkjente tidsskrifter
Frykter at Abelpris-utdeling blir rammet av streik
Mest lest
Ble anbefalt å bli renholder da han kom som flyktning til Norge. Nå har han tatt doktorgrad
Forskningsrådet trodde kutt var «lån». — Mildt sagt oppsiktsvekkende
Nobelprisvinnerne roper varsku om forskningskutt. — Vi er sjokkerte
Statssekretær om Forskningsrådet: — Dette handlar berre om ein einaste ting
Nå går det på tilliten løs