Studentar har individuell klagerett

Publisert - Sist oppdatert
Studentombod ved Høgskulen på Vestlandet, Sindre Dueland, vonar domstolane eventuelt vil sjå galskapen i Kunnskapsdepartementet sin tolking av individuell klagerett på gruppeeksamen. Foto: Mia Milde

Studentombod ved Høgskulen på Vestlandet, Sindre Dueland, vonar domstolane eventuelt vil sjå galskapen i Kunnskapsdepartementet sin tolking av individuell klagerett på gruppeeksamen. Foto: Mia Milde

Klagerett. Kunnskapsdepartementet tolkar lova feil: Kandidatar har allereie individuell klagerrett på gruppeeksamen, skriv studentombod Sindre Dueland.

Kunnskapsdepartementet sendte i september i fjor ut ei høyring om endring av universitets- og høgskulelova der dei mellom anna foreslår å lovfeste individuell klagerett på gruppeeksamen. Det gjer dei fordi dei sjølv meiner at studentane ikkje har denne retten i dag.

No har høyringssvara begynt å komme inn og ein kan lese i Universitetsavisa at mellom anna NTNU, UiT og NHH er i mot å gi studentane denne retten.

Saka kunne vore unngått dersom departementet hadde tolka klageretten i universitets- og høgskulelova riktig. Det er nemlig ikkje slik som departementet påstår; at studentane ikkje har individuell klagerett. Dei har allereie det.

I alle høve er det i dag altså slik at kandidatane har einskild klagerett på gruppe-eksamen.
Sindre Dueland
Studentombod, Høgskulen på Vestlandet

Stortinget vedtok i 1967 ei lov som er kalla forvaltningslova. Denne lova gjeld heile forvaltninga. Òg universitets- og høgskulesektoren. Då lova blei vedtatt var universitetsmynda ueinig i at denne lova skulle gjelde dei.

Stortinget, dei demokratisk folkevalde, høyrde ikkje på universitetsmynda. Dei meinte at reglane i forvaltningslova skulle vere like for alle. Eventuelt kunne ein gjere unntak der det var naudsynt.

Klageretten er ein rett som spring ut av forvaltningslova. Der er det stadfesta kven som har klagerett, kva dei har klagerett på, og korleis klageretten skal handsamast.

I norsk rett skil ein mellom generelle og spesielle lovar. På jusspråket kallar ein det lex generalis og lex specialis. I skiljet mellom dei generelle og dei spesielle lovane er det slik at dei generelle gjeld dersom dei spesielle er tause.

Universitets- og høgskulelova er ei spesiallov. I universitets- og høgskulelova har ein mellom anna eigne reglar for kven som kan klage på karakterfastsettinga og korleis ei slik klage skal handsamast.

Delsetninga korkje departementet eller institusjonane nemnt over klarer å forstå, lyd som dette: «En kandidat kan klage skriftlig over karakteren for sine egne prestasjoner […]». Der står det altså at ein kandidat kan klage.

I delsetninga står det òg at det er bedømminga av sine eigne prestasjonar ein kan klage over. Ikkje andre sine. Men kva skjer når institusjonen blandar prestasjonane til kandidatane saman?

Biletleg talt er det slik at om fire personar har med kvar sitt egg for å lage omelett så er det framleis dei einskilde personane sine egg som utgjer omeletten. Slik er det óg for gruppeeksamen. Det er dei einskilde prestasjonane som utgjer produktet. I universitets- og høgskulelova er det prestasjonane som skal vurderast; og det er den vurderinga det er klagerett på.

18. november 2014 skreiv Kunnskapsdepartementet eit brev til institusjonane der dei meinte å klargjere reglane. I brevet meiner departementet at institusjonane kan krevje at kandidatar som vurderast samla òg må klage samla. Dette forklarar departementet med at det ikkje er eigne reglar i universitets- og høgskulelova om gruppeeksamen.

I seinare korrespondanse med Studentombodet ved HVL skreiv den førre kunnskapsministeren sjølv i brev av 8. desember 2017 at «gruppeeksamen var antakelig heller ikkje tenkt på da desse lovreglane i si tid blei til». Med andre ord har Kunnskapsdepartement stadfesta at Stortinget som lovgivar ikkje har meint å ta frå den einskilde student klageretten ved gruppeeksamen.

Dette er vesentlig for forståinga av klageretten.

I universitets- og høgskulelova § 5-3 (1) første setning har Stortinget stadfesta at kandidatane kan klage over karakterfastsettinga på sine eigne prestasjonar. Det står ikkje at institusjonane hadde mynde til å ta frå studentane denne retten ved å blande i hop prestasjonane.

Når den spesielle lova er taus er det den generelle som gjeld. Departementet har sjølv påpeikt at det ikkje står noko om gruppeeksamen i universitets- og høgskulelova. Dei har sidan presisert at Stortinget heller ikkje har meint at gruppeeksamen skulle regulerast av universitets- og høgskulelova.

I røynda vil det seie at det ikkje er gjort unntak frå klageretten den einskilde kandidat har på gruppeeksamen. Til samanlikning kan ein sjå til dei spesielle føresegna om munnleg eksamen. Tilsvarande regulering eksisterer ikkje for gruppeeksamen.

Forvaltningslova stadfestar at ein kvar som ei avgjer rettar seg mot har klagerett. I mangel av andre føresegn i universitets- og høgskulelova gjeld dette sams for klagerett på gruppeeksamen.

I alle høve er det i dag altså slik at kandidatane har einskild klagerett på gruppeeksamen. At departementet i eit brev har skrevet noko anna endrar ikkje den retten. Om ein student skulle få krenkt klageretten sin er ho no henvist til å prøve saka for Sivilombodsmannen eller domstolane. Vonleg vil domstolane då sjå galskapen i Kunnskapsdepartementet sin tolking.

debatt

Har du noe på hjertet?

Send oss et debattinnlegg, en kronikk eller en meningsytring. Alle innlegg signeres med fullt navn og tittel.

Studiestart. Vi er kanskje kommet til et punkt der gamle universiteter bør være villige til å se om det kan komme noe godt fra høyskolene, skriver rektor Arne Krumsvik og utfordrer U5-fraksjonen i akademia.

Ikt. Forskningsrådet presiserer at de mener både grunnforskning og anvendt forskning innenfor ikt er viktig. Nå vil de invitere til møte for å diskutere satsingen på ikt.

Kina. Utviklingen i Kina de siste årene viser at omverden har lite å hente på å gi etter for egne prinsipper på kort sikt for å påvirke Kina på lang sikt. Tre innspill til videre samarbeid med Kina.