Victor vart berre 19 år før han sjølv avslutta livet sitt. No har mora, Hilde Kvalvaag, skrive ein sjølvbiografisk roman om sonen. — Når det finst ei så stor smerte blant dei unge, burde me kasta alt me har i hendene og prøva å finna ut kvifor, seier ho.

Hilde Kvalvaag har skrive om sorga og smerta etter at den nest eldste sonen hennar tok sitt eige liv. — Romanen har eit valdsamt spenn, frå djupt mørke til lys og fellesskap. For mora i romanen blandar det seg etterkvart, og ho lever med dette spennet, seier ho.

— Dette er mi historie om Victor. Eg vil at verda skal vita at han har levd

Publisert Oppdatert

Sonen til Hilde Kvalvaag vart aldri student.

Sommaren før han fylte 20 vart han ein del av den dystre statistikken: Unge menn som tek sitt eige liv. Tal frå Dødsårsakregisteret, referert i Aftenposten, viser at nesten tre av fire som gjer sjølvmord, er menn. Av dei igjen er det flest i gruppa 25-29 år, med 20-24 og 35-39 på like lite trivelege pallplassar.

No har Kvalvaag skrive ein sjølvbiografisk roman som sonen; om sorga, og ikkje minst, om kjærleiken. Mykje av det som står i romanen er henta frå røynda, men det er ikkje noko ein til ein-forhold mellom romanen og røynda.

— Stoffet er bearbeidd skjønnlitterært, seier ho.

— Eg valde å skriva sjølvbiografisk fordi eg ikkje kunne halda ut å dikta opp min eigen son, eg vil at verda skal vite at Victor har levd. Eg trur også dei eksistensielle temaa som romanen prøver å undersøka gjer sterkare inntrykk når dette handlar om ekte menneske.

Kritisk til press

Kvalvaag er forfattar og kommunikasjonsrådgivar, tilsett ved Universitetet i Bergen. Ho peikar på dei dystre tala frå dei siste helseundersøkingane for studentar, SHoT. Dei viser at mange unge har tenkt på å ta sitt eige liv. Endå fleire rapporterer om psykiske vanskar.

— Når det finst ei så stor smerte blant dei unge, burde me kasta alt me har i hendene og prøva å finna ut kvifor. Ein seier at ein skal få på plass fleire psykologar, men det er ikkje dei som skal kan ikkje redda dei unge frå utanforskap, seier Kvalvaag.

— Kan ein som utdanningsinstitusjon gjera noko for desse unge?

— Eg er ingen ekspert, men eg trur det for mange handlar om for mykje press, og om tap av meining. Kva er vitsen, liksom. Sjølv prøvde eg å styrka og herda min son, læra han å takla motgang, men det var ikkje nok, seier Kvalvaag, og kallar dei høge tala eit teikn på noko usunt i kulturen vår.

I romanen «Djupshavsslettene» skriv mora til sonen som ikkje lenger lever. Ho skriv om sorga, om raseriet, om saknet - men ikkje minst om kjærleiken til han og dei tre søskena.

«Vi lever i ei ny tidsrekning. Snart er det gått to år sidan du gjekk inn i skogen. Etter at det skjedde, klarte eg verken å skrive eller lese, eg klarte ikkje å ete, ikkje plante, eg var ein fare i trafikken. Eg var rasande på skjebnen, eg tenkte at dette var slutten, at det eg hadde frykta mest av alt, hadde skjedd, det eg aldri hadde trudd kunne skje med oss, skjedde. Men eg lever endå. Eg og veslebror din spøker og ler saman.»

Ei ulukke

Victor heitte han, og var som mange andre unge menn: Han hadde gode venner, han festa, han reiste. Men det var òg eit mørke i han. Mora i romanen skildrar ein son som sleit med svingningar. Han hadde mellom anna stryke i kjemi på vidaregåande, og visste ikkje heilt kor vegen skulle gå vidare. Våren før han gjekk inn i skogen for siste gong hadde han avslutta året på folkehøgskule.

— Det vert sagt at ein er god nok som ein er. Men det viser seg at ein ikkje alltid er det, seier Kvalvaag.

Ho seier at ho og familien i byrjinga trudde dei var nesten åleine om å ha opplevd plutseleg død i nær familie på denne måten. Det er dei altså ikkje. Kvalvaag vert nokre månader etter dødsfallet med i ei sorggruppe i LEVE - landsforeininga for etterlatne etter sjølvmord. Der møter ho andre i same situasjon.

— Når ein er ung, er ein på mange måtar i ei utviklingskrise. Med ei anna krise på toppen, kan det verta for mykje. Eg tenkjer at det som skjedde med Victor var ei ulukke - det er noko som ikkje trong å skje.

At sonen ikkje er meir, vert ein del av livet. Hilde Kvalvaag prøver å bruka sorga til noko konstruktivt, og er snart ferdig med mastergrad i kunstterapi.

Aksjonisten som vakna

Det var i juni 2018 at Victor døydde. Fire månader seinare var Kvalvaag attende på jobb. Rart, men godt, seier ho, og skryt av gode kollegaer.

Omlag samstundes vakna klimaengasjementet for alvor. Men det er ikkje slik som mange trur, at ho hadde behov for ei ny meining i livet etter at sonen var død.

— Eg har vore oppteken av klima lenge, men utan å gjera noko. No vart det meir akutt, eg ville kjempa for framtida til barna mine og andre unge. Det var akkurat som om eg midt i sorga, såg dette mykje klarare enn før, seier Kvalvaag.

Ho har vore redaktør for Hubro, som er UiB sitt forskingsmagasin, med Bjerknessenteret sin Tore Furevik i redaksjonsrådet.

— Men eg gjorde ingenting anna enn å skriva.

Dette har endra seg. Kvalvaag seier at på same måte som ho prøvde å gjera alt ho kunne då ho fekk vita at sonen hadde tankar om å ta sitt eige liv, prøver ho å gjera det ho kan for klimaet.

— Forskinga på klima er eintydig, seier ho.

— Å vera klimaaksjonist er å målbera kunnskap.

Saman med fleire kollegaer frå UiB er ho med i klimarørsla Extinction Rebellion. Ho gler seg over fellesskapet, med menneske i ulike aldrar.

I oktober 2019 opnar Universitetsmuseet etter å ha vore stengt i fleire år. Kvalvaag skildrar i romanen korleis statsministeren kjem på podiet.

«Ho snakkar om plastkvalen som har fått plass på museet. "Den minner oss om hvor viktig det er å gjøre noe med forurensningen i havet". Men vi miljøaktivistar er ikkje imponerte. Vi har blanda oss med mengda av festkledde, jublande menneske, og medan statsministeren snakkar, hevar vi plakatar med bilde av utryddingstrua artar i vêret, rullar ut eit banner der det står: "Snart finst dyr berre på museum". Vi ser hardt på statsministeren, held fast i plakatane, før vakter frå Securitas drar plakatane ned og oss bort.»

— Du skildrar korleis nokre kollegaer reagerer på at du aksjonerer mot arbeidsgivar?

— Ja, i romanen er det nokon som meiner det er feil å aksjonera mot eigen arbeidsgivar på denne festdagen. Men det var regjeringa sin politikk me aksjonerte mot. Det var eg med på fordi eg lyttar til kollegaene mine om kor me er på veg, seier Kvalvaag, og legg til:

— Eg hadde gjort det igjen, og det kan eg kanskje takka sorga for: Når du lever med ei så stor sorg blir du ikkje lenger så redd for kva andre folk meiner.

Leitinga etter meining

— Sorg er ikkje alltid som ein trur frå utsida. Det er ikkje slik at me går rundt med mørke andlet. Me ler mykje, seier Kvalvaag.

Ho seier at ho har lært mykje av det ein UiB-kollega, psykologi-professor Per Einar Binder, har skrive om eksistensiell psykologi.

— Sjølv om ein lever nær det tragiske, kan det vera hjelp i å akseptera det som ein del av dei menneskelege vilkåra. Livet er smerte, men smerte står ikkje i vegen for å ha eit meiningsfylt liv. Tvert om kan det minna ein om kor skjørt livet er, og at ein slik kan verdsetta det som trass alt er godt. Eg synest det er fint at den eksistensielle psykologien løftar fram dette med å finna meining, heller enn å leva eit liv utan smerte.

Forfattaren seier at klimaengasjementet hennar er ein måte å skapa meining på, kunsten ein annan. Ho er i ferd med å ta ein master i kunstterapi og skal i praksis i psykiatrien i haust.

«Eg skal skrive noko vakkert, noko uendeleg trist, men det skal handle om den størst moglege kjærleiken. Denne boka er for deg, Victor. Du skal ikkje ligge til skam utanfor byen. Du skal feirast for det du var.»

— Starten av romanen kan ein oppleva som intens, rå - men så kjem lyset etterkvart. Har du på eit vis skrive av deg eit sinne?

— Eg er nok ikkje så sint, sinnet kanaliserer eg til aktivismen. Eg har kanskje skrive av meg ein del av det eg ville seia til Victor, sjølv om eg alltid kjem til å skriva om han. Det har på underleg vis vore både vondt og gledesfylt å skriva, eg har kjent at eg har vore i lag med han, seier Kvalvaag, og held fram:

— Eg har prøvd å skriva han inn i verda igjen, og skrive fram verda slik den ser ut for meg no, og det kjennest som eg har skrive fram dei andre barna mine.

Ho har tre barn på jorda: Ein son som nyleg har levert mastergrad, ei dotter som er førsteårsstudent og attpåklatten på sju.

— Eg er både veldig fattig og veldig rik, seier ho.

«Kjære E., du liknar han, vi ser det på ansiktet, på staheita, og vi blir nesten redde, men også glade når vi kjenner igjen trekka. De skulle kjent kvarandre, no må de bli kjende på denne måten, gjennom det vi hugsar. Det er fælt å seie det, det skulle ikkje vere sånn, men lyset ditt er himmelen over oss. Som liten var du så klok at det nesten var skremmande.»

Den nye flokken

Forfattaren fortel om dei gode vennene, om dei kloke kollegaene, om alle som har teke vare på familien. Mange av dei er nemnde i teksten, som venninnene S. og L. Sjølv er familien ein flokk på fem no, og før pandemien gjorde dei som dei har gjort før: Dei reiste. Talet på flyreisene våre må ned, seier Kvalvaag, og viser til klimaengasjementet, men seier at det like etter at Victor vart borte vart viktig for familien å reisa bort saman.

— Kjenner du på at du på noko vis utleverer deg i denne romanen?

— Ja, eg skriv jo om mitt liv og min son. Sjølvsagt er det problematisk å skriva om ein som ikkje lenger har ei stemme, det har eg tenkt nøye gjennom. Eg utleverer Victor, men eg håpar dei som les, les det som ein kjærleiksroman. Mest av alt utleverer eg meg sjølv, seier Kvalvaag.

I romanen Lev vel, alle skriv ho om ei mor og ein son. Victor sjølv var sikker: Det var ingen tvil om at det var han mora skreiv om.

— Han var stolt av den boka, og tilrådde andre å lesa henne. Så eg er er ganske viss på at han hadde tenkt at det var greitt at eg skreiv igjen, seier Kvalvaag, og legg til:

— Men dette er mi forteljing om Victor. Det er viktig for meg å seia, at det finst så mange forteljingar om han. Han ville ha skrive noko anna. Vennene hans også, eller kjærasten, søskena.

Eg kjenner at eg kan snakka om Victor på ein naturleg måte, seier Hilde Kvalvaag, og rosar både eigne venner, sonen sine venner og gode kollegaer på UiB.

Ektemannen og dei to eldste barna ville først ikkje at ho skulle skriva. Men ein dag kom kontrabeskjeden. «Berre skriv, seier far din, skriv kva faen du vil, men då får du faen meg skriva alt», heiter det i romanen.

Då har det gått nesten halvanna år sidan sonen døydde. Mora leiger eit kontor, sperrar seg inne, og skriv.

— Eg trur familien måtte koma seg vekk frå den mest akutte sorga før dei syntest det var greitt, seier ho.

Tida går

Livet går vidare, det må jo det. Veslebror byrjar på skulen, dei to vaksne barna studerer. Kvalvaag fortel at ho framleis har kontakt med Victor sine venner, og òg med kjærasten hans, som berre var 17 år då ho opplevde at kjærasten vart borte.

— Victor hadde fantastiske venner, seier ho.

Det er tre år sidan no. Tre år sidan sonen gjekk inn i skogen.

«Fjorden ligg roleg rundt oss, og vi legg oss på ryggen og held kvarandre i handa medan vi flyt i det varme vatnet. Kan vi gå her i morgon også? spør veslebror din. Ja, seier eg. I morgon blir ein fin dag.»

Hilde Kvalvaag gler seg over det som veks. Saman med minstesonen, attpåklatten på sju, har ho eit drivhusprosjekt ved familien sitt sommarhus.

Sitata er henta frå romanen Djuphavsslettene, som kjem ut på Vigmostad og Bjørke 4.juni.

Powered by Labrador CMS