Erna Solberg nyopna museet ved Universitetet i bergen i dag. I kveld vert det lysshow. Foto: Tor Farstad
Erna Solberg nyopna museet ved Universitetet i bergen i dag. I kveld vert det lysshow. Foto: Tor Farstad

Universitetsmuseet i Bergen er gjenopna med statsminister Erna Solberg på plass

Åpning. Universitetsmuseet i Bergen sine naturhistoriske samlingar har vore stengde for publikum sidan 2013. I dag stod statsminister Erna Solberg for nyopninga.

Publisert   Sist oppdatert

(Sjå lysshow frå feiringa mandag kveld frå kl. 20.00 nederst i saka.Saka er oppdatert 15.10 kl 15.48 med bilete og film frå lysshowet)

Med flagg på taket av museumsbygningen, 650 skuleelevar, to statsrådar, ein statsminister, ein ordførar, ein rektor, ein musuemsdirektør og mange, mange bergensarar vart Universitetsmuseet i Bergen sine Naturhistoriske samlingar gjenopna måndag føremiddag, etter at museet har vore stengt for publikum i nesten seks år.

Fakta

Universitetsmuseet

Bergen Museum ble grunnlagt i 1825 og var en viktig del av grunnlaget for etableringen av Universitetet i Bergen i 1946.

Universitetsmuseet er Norges eldste museumsbygning, bygget i 1865 (Naturhistorisk). Bygningen har stor kulturhistorisk verdi, og er fredet i verneklasse 1.

Universitetsmuseet har ansvar for innsamling, dokumentasjon, bevaring, forskning og formidling innenfor sine museale fagfelt. Fagfeltene er antropologi, arkeologi og kunst og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi.

— I dag skal me gjenopna dørene til ei mystisk verd, sa Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen, til dei mange frammøtte.

— Me skal gjenopna Universitetsmuseet sine kunnskapsdører.

Me er her fordi Erna Solberg er her. Med det statsbudsjettet ho og regjeringa la fram, vil me ikkje nå klimamåla.
Sara van der Moer
Talskvinne ved museet

Statsminister Erna Solberg mimra om korleis ho brukte regnfulle barndomssøndagar på museum i heimbyen Bergen. Og som mange andre har statsministeren fått med seg videoen om dyra som ikkje får koma attende.

— Det var dei rare me snakka mest om. Og no skjønar eg at me skal få eit mellombels gjensyn med dei.

Iselin Nybø, forskings- og høgare utdanningsminister, var den som fekk nøkkelen til det nye museet. Saman med statsministeren og inviterte elevar var Nybø den første som fekk koma inn i det nye museet.

Aksjonerte

Men i folkemengda utanfor museet var det òg demonstrantar. Aksjonistane i Extinction rebellion hadde med seg plakatar og banner.

— Me er her fordi Erna Solberg er her. Med det statsbudsjettet ho og regjeringa la fram, vil me ikkje nå klimamåla, seier talskvinne Sara van der Moer.

Ho understrekar at aksjonistane ikkje ønskjer å øydelegga for museet.

— Dei gjer eit viktig arbeid. Men det finst mange trua artar i verda, og me er redde for at ein snart berre kan sjå dei òg på museeum, seier van der Moer, som sjølv held ein plakat med eit bilete av fjellrype.

Så nøgd vert ein når ein får nøkkelen til universitetet sitt eige museum. Foto: Tor Farstad
Så nøgd vert ein når ein får nøkkelen til universitetet sitt eige museum. Foto: Tor Farstad

Bygd i 1865

Det store museumsbygget på Nygårdshøyden kom opp i 1865. Arkitekt var Johan Henrik Nebelong. Sidefløyane kom nokre år seinare, i 1898. Dei var det Hans Jakob Sparre som stod bak.

Det store bygget vart kalla dyremuseet, for det var utstoppa dyr det var mest av på innsida. Det rette namnet er no Universitetsmuseet, og på innsida finn ein dei naturhistoriske samlingane.

9200 kvadratmeter og over 700 millionar kroner. Det er dei tørre tala for Statsbygg sitt prosjekt ved Universitetsmuseet i Bergen. 6000 av kvadratmetrane og vel 400 av millionane høyrer til den siste delen, som altså er ferdig no.

Statlege museum under lupa

I 2002 kom ei undersøking frå Riksrevisjonen; «Riksrevisjonens undersøkelse av bevaringen og sikringen av samlingene ved fem statlige museer». Den viste at fleire statlege museum, mellom anna Universitetsmuseet, som den gong heitte Bergen museum, hadde samlingar som ikkje vart tekne vare på på den måten dei burde. I 2008 kom ein ny rapport. Der heiter det at forholda har betra seg, men det er likevel eit «men».

Måndag kveld var det eit storstilt lysshow utanfor museumsbygningen. Foto: Tor Farstad
Måndag kveld var det eit storstilt lysshow utanfor museumsbygningen. Foto: Tor Farstad

«Undersøkelsen viser at forholdene ved de naturhistoriske samlingene – Naturhistorisk museum i Oslo og De naturhistoriske samlingene ved Bergen Museum – på en del områder er verre enn ved de andre museene.», står det i rapporten.

Sigmund Grønmo var rektor då rapporten frå riksrevisjonen kom. Han fekk ein ide som seinare har vist seg å vera temmeleg smart: Kva om ein pussar opp museet i to omgangar? Først får ein på plass ein aula i sørfløyen, så tek ein midtfløyen og nordfløyen som eit eige prosjekt?

— Me tok på alvor det som kom, både frå Riksrevisjonen og Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomité. Me prøvde på alle moglege måtar å få pengar, men det viste seg å vera vanskeleg. Og ei rehabilitering var umogleg for universitetet å gjera utan ei særskilt løyving, seier han.

Difor kom ideen om ein måtte finna ein annan måte å få pengar på.

— Me knytte det til historia til Wilhelm Frimann Koren Christie, som var museet sin grunnleggar, seier Grønmo.

Same Christie var eidsvollsmann, og lenge var målet å få aulaen ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Men aulaen vart ferdig året etter.

Lobby, lobby, lobby...

Etter år med lobbyering kom det pengar til aula i revidert nasjonalbudsjett i 2013.

— Først tenkte eg museumsprosjektet som eitt prosjekt, men det vart tydeleg at det var meir formålstenleg å dela det i to etappar. Men det var aldri aktuelt å stoppa med aulaen, seier Grønmo.

650 skuleelevar var inviterte til opninga. Foto: Tor Farstad
650 skuleelevar var inviterte til opninga. Foto: Tor Farstad

Han understrekar at dette var eit prosjekt mange jobba for, både ved UiB og i samfunnet omkring universitetet.

— Sjølve ideen om ein aula skapte oppslutnad, seier Grønmo.

Same året som aulaen fekk pengar, stengte dei naturhistoriske samlingane for publikum. Men det var ikkje før hausten 2015 at budsjettlekkasjen kom: Det vart sett av pengar til resten av museumsbygningen i statsbudsjettet for 2016.

Tidligere rektor Sigmund Grønmo seier at sjølv om det tok tid å få dei avgjerande løyvingane, så tvila han aldri på at det kom til å verta ei oppgradering. Han skryt av dåverande statsråd Tora Aasland som ga den første løyvinga. Det var til ytre vedlikehald, men Grønmo meiner det var eit viktig signal.

Men det er eitt bygg att. Historisk museum, den store okergule bygningen eit lite steinkast unna, treng òg oppgradering. Bygget er teikna av Egill Reimers, og stod ferdig i 1927.

— Å rehabilitera Historisk museum er i tråd med det som har vore tenkt frå UiB si side. Eg vil appellera til alle gode krefter om å jobba saman om å få løyvingar til Historisk museum i åra som kjem, seier Grønmo.

Årstalet som kom opp på museumsbygningen viser til året Universitetet i Bergen vart etablert. Foto: Tor Farstad
Årstalet som kom opp på museumsbygningen viser til året Universitetet i Bergen vart etablert. Foto: Tor Farstad

Etablert i 1825

Det er slett ikkje berre i Bergen at det er eit museum som er knytt til byens universitet.

— Eit museum er ein sentral del av mange universitet, og det gir moglegheit til å både forska og formidla. Men i Bergen er det litt spesielt, her er museet sjølve fundamentet for universitetet, seier Grønmo.

Bergen museum vart etablert i 1825. Så kom altså den første bygningen i 1865. UiB vart ikkje etablert før i 1946, men då hadde det lenge vore tilsett professorar ved museet.