Debatt ● gunnhild skjold
Det manglande språkansvaret er dessverre ikkje forbausande
Det verkar til at det er ei rådande haldning i universitets- og høgskolesektoren om at alle dei andre ansvarsområda deira er viktigare enn språk, skriv Gunhild Skjold.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
27. april kunne vi lese i Khrono at universitet og høgskolar bryr seg «forbausande» lite om norsk fagspråk. Eg er ikkje heilt sikker på kven som er forbausa her, for det har vore tydeleg i årevis at universiteta og høgskolane ikkje tar språkansvaret sitt på alvor.
Denne gongen er det ein rapport frå Diku som viser at trass i at dei fleste universiteta har strategiar for språk, så blir dei ofte liggande i ei skuffe. Dette er sjølvsagt alt for dårleg, men det står godt i stil til dei andre gongane vi høyrer om utdanningsinstitusjonane sitt språkansvar.
Kvart einaste år kan vi lese den same artikkelen i Khrono: Universiteta og høgskolane bryt mållova i år igjen, og dei fleste av dei brukar ikkje nok nynorsk. Kvar einaste eksamenssesong hjelper vi i Norsk Målungdom studentar å klage på at dei ikkje har fått eksamensoppgåvene sine på nynorsk. I tillegg høyrer vi om at publisering på norsk blir nedprioritert, og at fleire og fleire gradsoppgåver blir skrivne på engelsk.
Last ned Khrono-appen og få varsel om den viktig debatt og nyheter.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
Språkansvaret til universitet og høgskolar er lovfesta. Universitets- og høgskolelova § 1-7 slår fast at dei har eit ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk. Både den gamle mållova og dennye språklova slår fast at dei statlege utdanningsinstitusjonane skal nytte minst 25 prosent nynorsk i utetterretta kommunikasjon, og at studentar har rett til å få eksamen på nynorsk. Den nye språklova legg i tillegg på eit ansvar for å sikre norsk som samfunnsberande språk, og eit særleg ansvar for å fremje nynorsk.
Universiteta og høgskolane har ikkje eit problem med å ignorere alt dette. Da er det dessverre heller ikkje forbausande at dei let språkstrategiane sine ligge i ei skuffe, eller at dei er villig til å ignorere styringssignala frå departementet.
Det verkar til at det er ei rådande haldning i universitets- og høgskolesektoren om at alle dei andre ansvarsområda deira er viktigare enn språk. Eg reagerer sterkt på denne ansvarsfråskrivinga. Det er ikkje opp til universiteta og høgskolane å vurdere kva lovkrav dei synest er viktige nok til at dei skal orke å følge dei. Det er opp til Stortinget å vedta lovene, mens utdanningsinstitusjonane skal gjere som dei ber om.
Det er tydeleg at det trengst ei endring i språkarbeidet til universiteta og høgskolane. Når dei ikkje tar ansvaret sitt på eigehand, må staten gripe inn og syte for at dei gjer det. Diku sine framlegg om å opprette insentiv- og meritteringsordningar er ein godstart. Vidare bør brot på dei konkrete krava i språklova sanksjonerast.
Eg håpar at den neste rapporten om språkansvaret til universiteta viser at dei tar det på alvor. Dessverre er det nok det som ville vore forbausande.
Nyeste artikler
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Nøttesteik — på godt og vondt
Distriktsløft krever mer enn flere studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut