norsk studentorganisasjon

Trohjell tek ikkje attval

Andreas Trohjell takkar for seg i studentpolitikken, etter tre år med heiltidsverv.

Andreas Trohjell (23) har bestemt seg for at eitt år som leiar for NSO er nok. Han flytta til Oslo i fjor sommar, og har sidan det hatt mykje heimekontor.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er førebels ingen tydelege leiarkandidatar til Norsk studentorganisasjon (NSO), har Khrono skrive. Heller ikkje sitjande leiar, Andreas Trohjell, ville då seia om han ser føre seg eit år i toppen av norsk studentpolitikk. Men no har han bestemt seg, og svaret er nei.

— Eg har vore studentpolitikar nokre år, og trur det er på tide at eg trer til side. Eg synest eg har fått utretta mykje, men trur det er godt for både organisasjonen og studentane at det kjem inn nokre andre, seier Trohjell.

Vil vera tidleg ute

Fristen for å melda kandidatur til heiltidsverva i NSO er 14.mars, og deretter skjer valet på NSO sitt landsmøte i slutten av april.

— Kvifor går du ut med dette no?

— Eg har tenkt ei stund, men ikkje klart å landa noko. Men eg trur det er viktig at eg tek dette valet tidleg. Då kan både organisasjonen og andre ta kontakt med meg om valet, seier Trohjell.

Han sat to år som studentpolitikar på heiltid, eit av dei som leiar, ved Universitetet i Bergen (UiB) før han reiste til Oslo. Sjølv om han hadde rekna med at pandemi kom til å verta eitt av temaa han måtte jobba med, har året vorte annleis enn Torhjell hadde sett føre seg.

— Det har vore eit langt og krevjande år, der me har mista gulrøtter som fysiske møte og reiser. Men me har fått utretta mykje, og eg trur ein kan seia at studentane ikkje har hatt ei så relevant stemme før, seier NSO-leiaren.

Medan han snakkar med Khrono, debatterer Stortinget krisepakke for studentar - ei av sakene som har vore mykje omtalt det siste året.

Ned frå gjerdet

I eit vanleg år er det omlag 15 medarbeidarar samla på NSO sitt kontor i Oslo. I tillegg plar det vera fysiske møte med både sentralstyret og andre. Sidan Trohjell flytta til Oslo har det vore mykje heimekontor - sjølv om det var mogleg med nokre få fysiske møte i fjor haust.

— Er du uroa for at det vert vanskeleg å få studentar til å stilla til val?

— Eg trur det er noko som gjeld engasjementet både i studentrørsla og samfunnet elles i år. Me har hatt få arenaer for møte det siste året. Men samstundes tenkjer eg at det er ei stor moglegheit for dei som vil stilla - studentar og NSO har vorte ein viktig samfunnsaktør, seier Trohjell, og legg til:

— Dersom nokon sit på gjerdet og lurer på om dei skal stilla til val, vil eg seia: Gjer det!

Ingen plan for kva han skal vidare

Sjølv har Trohjell søkt permisjon frå masterplassen ved UiB nokre gongar, men er ikkje sikker på om det er det han skal i gang med frå hausten.

— Eg må bestemma meg i løpet av våren. Men eg må seia at engasjementet for å ta ein master ikkje er heilt på topp no. Eg får sjå om ein arbeidsgivar er interessert i meg utan master, humrar han.

Av dei som sit som heiltidspolitikarar i NSO i dag, er det Joachim Børlie og Jonas Økland som ikkje har bestemt seg for kva dei gjer til neste år - og utelukkar ikkje attval. Av andre studentpolitikarar Khrono har snakka med, er det studentleiar ved NTNU, Åste Solheim Hagerup, og ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet, Herman Siggerud som seier dei kan vera aktuelle for verv. Det same seier Tuva Todnem Lund frå Noregs miljø- og biovitskapelege universitet.

Åse Berg Dybvik har sagt til Khrono at ho gjer seg tilgjengeleg for valkomiteen, men trur samstundes at heiltidsverv ved OsloMet er mest aktuelt i første omgang,

Powered by Labrador CMS