Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Barnehagelærar er eit av dei viktigaste yrka me har. Me tek vare på den viktigaste ressursen me har, framtidas borgarar, seier Simen Tjølsen Oftedahl.
Han er i gang med master i barnehageleiing ved Dronning Mauds Minne Høgskole, etter å først ha teke bachelor ved noverande Universitetet i Sørøst-Norge.
No stiller han til val som fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarleg i Norsk Studentorganisasjon (NSO).
NSO skal ha landsmøte 17.-19. april. Der skal det veljast ny leiing av organisasjonen som representerer 230 000 studentar.
Oftedahl fortel at han har vore tillitsvalt på ulike nivå heilt sidan 2014. I dag leiar han studentparlamentet ved Dronning Mauds Minne.
— Fag og læringsmiljø er to store og viktige område, som handlar om studentane sin studiekvardag, seier Oftedahl.
Les også: Cecilie Raustein vil verta nestleiar
25-åringen peikar på tre saker som er særleg viktige for han når han no stiller til val:
Skikkavurdering, læringsmiljøutvala og forslaget til ny universitets- og høgskulelov.
— Eg har mellom anna site i ei skikkanemnd. Sjølv om det vert levert fleire tvilsmeldingar enn før, er tala framleis låge. Terskelen for å senda ei slik melding er for høg, meiner Oftedahl.
Han seier at dei siste åra har informasjonen til studentane om at dei vert skikkavurdert, vorte betre. Men han meiner at informasjonen om korleis ein faktisk leverer ei tvilsmelding må verta betre.
Les også: Daniel Masvik Hansen stiller som leiarkandidat i NSO
Torsdag vart Aune-utvalet sitt forslag til ny universitets- og høgskulelov presentert. Studentane er allereie i gang med å arbeida med den nye lova, seier Oftedahl.
— Studentrørsla må prioritera dette arbeidet og sikra at studentane sine stemmer blir høyrt av dei som skal ta avgjerslene, men òg av resten av sektoren. Me har ei moglegheit til å få gjennomslag her som ikkje må gå til spille. Dette vil eg bidra til i den komande perioden, seier Oftedahl.
Nylige artikler
Hun er studentenes nye leder
Planlegg tariffoppgjøret og meld fra hvor du går
Pasientene trenger oss — vi har ingen menn å miste
Hun forsket i eget felt
Folkerettsekspert: Norske universitet kan bli legitime bombemål i krig
Mest leste artikler
Folkerettsekspert: Norske universitet kan bli legitime bombemål i krig
Stipendiatens tidligere veileder krevde at avhandlingen skulle underkjennes
Store forskjeller mellom de mest og minst fornøyde studentene i sykepleie
Disse henter mest og minst fra Forskningsrådet
Konferansen avslørte KI-bruk med ny metode. Avviste 500 artikler