sjukepleiejubileum

For snart femti år sidan var Karl Henrik Nesse den aller første mannlege sjukepleiestudenten ved det som no er VID vitskapelege høgskule.

Heilt purunge og ferdig utdanna sjukepleiarar. Gerd Skauge Nesse og Karl Henrik Nesse har delvis jobba saman gjennom eit langt yrkesliv, men òg i turnus begge to då ungane var små. Då bytta dei på å vera heime.

Dei skreiv under på at dei ikkje skulle gifta seg — men gjorde det likevel

Publisert Oppdatert

— Studentane skal øva på nedentilstell og me har ikkje fått eit underliv!

Det var beskjeden professor Kari Røykenes fekk frå kollegaer på Helgeland.

Då var det ikkje anna råd enn å putta eit i kofferten og ta med til den desentrale sjukepleieutdanninga der.

Underliv ligg nemleg litt hulter til bulter oppi ein boks hos VID Vitskapelege Høgskole i Bergen. I dei framleis forholdsvis nye lokala er det øvingsrom på rekke og rad, og i stablar oppå kvarandre ligg temmeleg naturlege dokker. Målet er at sjukepleiestudentane skal få mykje trening på praktiske dugleikar.

To diakonisser frå hovudstaden

Det er den gamle akutten hos Haraldsplass sjukehus som no er gjort om til øvingsrom. Og historia om Haraldsplass og VID og sjukepleieutdanning heng nøye saman. I desse dagar er det hundre år sidan Høgskolen Betanien, som er ein del av VID, starta opp med sjukepleieutdanning, noko som vart markert med føredrag og panelsamtalar heile fredag.

— Denne dagen har me valt å setja lys på fagmiljøa som har vore utvikla ved Betanien. I tillegg er det mange tidlegare studentar som skal ha kulltreff i Bergen denne helga, seier Anita Lyssand, instituttleiar ved Institutt for sjukepleie.

Den første sjukepleieutdanninga i Noreg starta opp i Oslo i 1868, ved Diakonissehuset. I 1871 kom det så to diakonisser frå Oslo til Bergen, og Bergen Diakonissehjem opna i 1873. Så gjekk det nokre tiår før det starta sjukepleieutdanning ved Bergen diakonisseskole i 1918 og deretter ved Betanien i 1923. 

Bergen diakonisseskole vart etter kvart Haraldsplass diakonale høgskole — og vart ein del av VID i 2016. Det same vart dåverande Høgskolen Betanien. No ligg bygget, som rommar knappe 600 sjukepleiestudentar, og i tillegg vernepleiestudentar og masterstudentar innan ulike sjukepleiefag, eit kort steinkast frå Haraldsplass sjukehus.

Biletet er frå Søsterhjemmet Betanien, tidleg på 1950-talet. Dei kvinnelege studentane budde saman, på to- og tremannsrom, medan dei tok den treårige utdanninga. Deretter hadde dei eit pliktår.

Så kom den første mannlege studenten

— Eg er ganske nøgd med å ha møtt Kalle på kullet, seier Gerd Nesse og ler.

I januar 1974 byrja ho på sjukepleiestudiet på Betanien. Med i kullet var den aller første mannlege sjukepleiestudenten: Karl Henrik Nesse, ofte kalla Kalle. Han hadde allereie jobba på fysioterapiavdelinga ved Haukeland sjukehus, og tenkte at det verka interessant å vera sjukepleiar. Problemet var berre at det ikkje var lov for menn å ta denne utdanninga på Haraldsplass eller Betanien på denne tida — og det var der han hadde lyst til å studera.

— Eg vart oppmoda om å søkja på Haraldsplass. Her var det styret som måtte seia nei, så dersom eg søkte, kunne det føra til at fleire søkte — og då ville presset auka, fortel han som vart ektemannen hennar.

Han kom inn på Høgskolen Betanien — saman med 19 unge kvinner. Sommaren 1975 oppstod det søt musikk med då 20 år gamle Gerd Skauge.

Ho budde på tomannsrom i bygget der dei ferske sjukepleiestudentane budde, men vegg i vegg budde òg den strenge forstanderinna.

— Men utanfor vindauga på hybelen var det ei rosebusk ein kunne hoppa ned i, ler ho.

Dei gifta seg i februar 1976, noko som strengt teke ikkje var lov.

— Me skreiv under på at me ikkje skulle gifta oss medan me var studentar, og me måtte faktisk søkja. Men på sjølve dagen fekk me gratulasjonstelegram frå rektor, fortel han.

Det er lett å sjå kven som er Karl Henrik Nesse på dette biletet frå 1974. Han fortel at det var eit styr å få uniform til han, for han måtte for all del ikkje sjå ut som ein lege!

Dei fortel om ei kjekk tid og om kullingar dei framleis har kontakt med. På Betanien jobba studentane på sjukehuset og fekk mykje praksis. Gerd Skauge Nesse fortel at dei hadde striper på uniforma som viste om dei var førsteårs, andreårs eller tredjeårs studentar.

— Då me gifta oss, flytta me inn i ei lita leilegheit på Nordnes. Me syntest me hadde det som grevar! Me tente 75 kroner i månaden på Betanien, smiler ho, og seier at ho synest dagens sjukepleiestudentar burde hatt meir praksis. Dottera deira, som òg valde å verta sjukepleiar, kom heim før praktisk eksamen og bad om hjelp.

— Har de ikkje lært dette, sa eg, fortel mora.

Etter arbeidsliv med erfaring frå både sjukehus og eldreomsorg, og frå psykiatrien, og rusomsorg, både som kliniske sjukepleiarar og i leiarstillingar, er paret i dag pensjonistar.

— I dag vert sjukepleiaryrket snakka ned. Det er få yrke ein kan variera innan mange felt slik ein kan som sjukepleiar. Det er gull verd. Og ein treffer menneske ein kan hjelpa, både med ein sjuk kropp, eit sårt sinn, og kanskje ei lengtande ånd. Eg er ikkje samd i at dette ikkje er eit svært tilfredstillande yrke, seier Gerd Skauge Nesse.

— Om eg skulle valt på nytt, hadde eg valt sjukepleiar ein gong til.

Ektemannen er òg glad for at han fekk utdanna seg til sjukepleiar.

— Men eg har òg jobba som sakahandsamar, og har sett at mange pasientar har opplevd urett i forhold til regelverk. Som advokat kunne ein òg ha vore til hjelp for mange.

Dei møttest i Bergen, jobba saman på Fedje, og deretter flytta dei til hennar barndomsheim i Alver kommune. Karl Henrik Nesse var i mange år styrar på Lindås aldersheim. Han understrekar kor viktig det er at både kvinner og menn kan jobba saman.

Tilsette i kombinerte stillingar

Professor Kari Røykenes var sjølv student ved dåverande Høgskolen Betanien tidleg på 1980-talet. 

— Slike hadde me, seier ho, og peikar på eit bilete i gangen hos VID.

Dei kvinnelege sjukepleiestudentane har blå kjolar med kvite forkle over.

Då førsteamanuensen var student, var kullet lite. Om lag 20 studentar var dei, og ho har framleis god kontakt med fleire av kullingane sine. Før hennar studietid var det å verta sjukepleiar eit kall for ugifte kvinner. Dei vart òg lærte opp i husstell, og på eit gamalt bilete sit det studentar på rekke og rad med kvart sitt broderi.

— Eg har lese i ein gamal protokoll frå Betanien. Der står det at nokre «sluttet fordi hun giftet seg». Det var nemleg ikkje lov å verta sjukepleiar dersom ein var gift, seier Røykenes.

Instituttleiar Lyssand har utdanninga si frå dåverande Haraldsplass diakonale høgskole.

Lyssand fortel at hos VID er det no Bergen og Stavanger som har dei nyaste lokala, og er stolt av senteret for simulering og ferdigheitstrening.

— Når me no har jubileum, er det Betanien sin del av VID me markerer. Me slo saman fire sjukepleieutdanningar, og tok med oss ulike historier inn i den nye organisasjonen. Det Betanien var særleg gode på, var det praksisnære, seier Lyssand.

Det har VID teke med seg, og fleire av dei tilsette har kombinerte stillingar med femti prosent stilling ved høgskulen og femti prosent som sjukepleiar i klinisk arbeid.

— Sidan det faktisk er ein del av det gamle akuttmottaket, møter studentane her ein reell sengepost. Dette vert òg brukt som treningssenter for Haraldsplass sjukehus og er eit samarbeid med dei, seier instituttleiaren.

Nyutdanna sjukepleiarar vart velsigna. Det er usikkert kva år dette biletet er frå, men også då ekteparet Nesse vart utdanna på 1970-talet hadde ein ein slik seremoni.

Valde menneska

Karl Henrik Nesse var altså den einaste mannen som tok sjukepleieutdanning for nesten femti år sidan. Kari Røykenes fortel at seks av dei vel tjue studentane på hennar kull var menn, noko som var uvanleg på den tida.

Det har endra seg litt.

— Det er ein del skjegg i klassen, seier Haakon Svanberg.

Han er tredjeårsstudent og klar for å koma seg ut i klinisk sjukepleiearbeid. 33-åringen er eldre enn ein del av medstudentane sine, og har allereie vore i arbeidslivet i ti år.

Tredjeårsstudent Haakon Svanberg har prøvd seg både innan eldreomsorg og psykiatri, og no er han mellom anna instruktør for ferskare studentar. I gangen på VID ligg det dokker ein kan øva på.

— Det betyr at eg aldri kjem til å stiga i grunnløn, seier han.

Valet stod mellom ingeniør og sjukepleiar. Dei rundt han oppmoda han til å søkja ei utdanning der han fekk jobba med menneske.

— Eg hadde søkt ingeniør, men eg omprioriterte søknaden min den dagen fristen gjekk ut, seier Svanberg.

Khrono har skrive at søkjartala til sjukepleieutdanning går ned, og mange studieplassar står tomme. Hos VID i Bergen har snittet for å koma inn vore høgt, og også i år er alle plassane fylte. Men i Oslo er det ledige studieplassar.

— Sjukepleiaryrket har ikkje vore oppsnakka. Særleg rundt Samordna opptak sin søknadsfrist var det fokus på det som ikkje fungerte, seier Røykenes.

— Og eg skjønar godt at mange sjukepleiarar opplever press. Mange i dag er nok opptekne av at dei skal stå lenge i eit yrke, lenger enn generasjonane før dei, seier Svanberg.

Meir krevjande diagnosar

Heilt sidan 1920-talet var det forslag om at sjukepleieutdanninga burde vera treårig. Det vart ho — og det er ho framleis. Men mange tenkjer at det er for lite, seier Kari Røykenes. Ho har utdanna sjukepleiarar sidan slutten av 1990-talet.

— Det vert fleire pasientar med multiple diagnosar. Særleg heimesjukepleia i kommunane har det tøffare enn før. Det er mykje terminal pleie, det er komplekse diagnosar, og ein står åleine, seier ho.

Men at sjukepleieutdanninga skal verta forlenga, har ho likevel ikkje tru på.

— Nei, det vil verta for dyrt.

Denne hausten er Haakon Svanberg og medstudentane hans knapt å sjå på høgskulen. Totalt skal ein sjukepleiestudent ha 4300 timar praksis — halve studiet. Denne hausten er det 14 veker.

Det er EU som har avgjort kor mykje praksis det skal vera. I tillegg kom det i 2017 inn nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane, såkalla Rethos. Dei gamle rammeplanane var for statiske, heiter det hos regjeringa. I staden er det etablert retningslinjer som seier noko om kva læringsutbytte studentane skal ha.

Her, på den gamle akutten til Haraldsplass sjukehus, jobba professor Kari Røykenes som sjukepleiar. No kan Haakon Svanberg og dei andre studentane øva på stell og andre dugleikar her.

Teknologi og knappe ressursar

Ifølgje Kari Røykenes si mor, hadde dottera sagt allereie som heilt lita at det var sjukepleiar ho ville verta. Sjølv meiner professoren at det var litt meir tilfeldig.

— Men eg søkte no, og kom inn. Så jobba eg klinisk på Haraldsplass i mange år.

Sjølv om livet med turnus kan vera krevjande, kanskje særleg med små barn, meiner Røykenes at det har nokre fordelar. Sjølv jobba ho berre som nattevakt nokre år.

— Men etter nesten tjue år med turnusarbeid var det godt med noko anna, smiler ho.

— Korleis ser du føre deg at sjukepleiaryrket vert framover?

— Dersom utviklinga av teknologien held fram, så er eg jo spent på kven som skal stella meg når eg kjem på sjukeheim. Men dersom ein ikkje framleis skal legga vekt på omsorg og det å verta sett av eit levande menneske — då trur eg me er ille ute som nasjon. 

Instituttleiar Lyssand seier at korleis sjukepleieutdanninga kjem til å verta i framtida, er noko høgskulen diskuterer mykje.

— Teknologien kjem, og vil påverka oss. Men grunnleggande sjukepleie, kommunikasjon og verdiar vil vera kanskje endå viktigare.

Ho seier at i dag kan helsevesenet behandla meir enn før, både lenger inn i alderdommen og lenger inn i eit sjukdomsgang.

— Då får ein heilt andre utfordringar. Og eg trur me vil få debatt om prioriteringar og at det vil skorta meir på ressursar enn det gjer i dag. Som utdanningsaktør er målet vårt å utdanna sjukepleiarar som kan møta dette utfordringsbiletet.

Endringslogg: Karl Henrik Nesse var den første mannlege sjukepleiaren ved Betanien, ikkje i Bergen. Verken Betanien eller Haraldsplass hadde mannlege studentar på denne tida — men Haukeland hadde.

Powered by Labrador CMS