Skjermdump-sommar og seksuell trakassering

PublisertSøndag, 16. juli 2017 - 20:47-OppdatertMandag, 17. juli 2017 - 11:09
Redaktør, Khrono
Meninger · Trakassering. Kvar er landets universitets- og høgskulerektorar når det gjeld seksuell trakassering? Har dei gitt seg sjølve munnkorg for å passe på omdømmet sitt, spør redaktør i Khrono, Tove Lie.

Flashback: Første gongen eg som journalist skreiv ein artikkel om seksuell trakassering var på slutten av 1980-talet.

Nokre modige kvinner «sto fram» i Fagbladet til det som den gongen heitte Norsk Kommuneforbund (i dag Fagforbundet), og fortalde korleis dei opplevde å bli utsette for sexpress i LO.

På kurs. Vekeslange tillitsvaldkurs på hotell, i regi av landets største fagorganisasjon. Kursleiarane, som var sentrale, og for det meste, mannlege tillitsvalde, blei «hengde ut» i bladet. Ikkje med namn, riktignok, men dei kjende seg igjen - og dei reagerte. Kraftig. Mot bladet og mot kvinnene som varsla.

Kursdeltakarane var for det meste kvinner, med minimal utdanning. På kurs møtte dei røynde, mannlege, sentrale tillitsvalde som hadde mange år på baken i fagrørsla. Med framskutte posisjonar, og ikkje så reint lite makt over kven som eventuelt skulle få den neste framskutte posisjonen, bli innstilt til det neste vervet, eller fast jobb sentralt i organisasjonen. Men, «bli med meg på rommet etter middagen, først…».

Ikkje lett å seie nei. Ikkje lett å seie ifrå. 

Og ikkje så ulikt maktforholda i akademia, mellom lærar og student, mellom rettleiar og stipendiat, mellom kollegaer «høg og låg» og mellom leiar og tilsett.

Den aller første gongen eg og andre venninner fortalde nokon om «upassande hendingar» var allereie på barneskulen på midten av 1970-talet. Vi kunne ikkje den gongen uttrykket «uønska seksuell merksemd». Men vi merka oss læraren som plukka ut jentene som hadde fått litt meir puppar enn dei andre då det skulle vere undervisning i livredning i svømmehallen. Og vi hugsar at vi «tilfeldigvis» kjende hendene hans på unevnelege stader. Eller då han berre plutseleg kom inn i dusjen til jentene fordi det  var viktig at vi fekk «eit naturleg forhold» til det motsette kjønn.

Det gjekk over 20 år før slike hendingar fekk nokre konsekvensar for læraren. Først då nokon av dei som gjekk på skulen på 1970-talet fekk eigne ungar som elevar på skulen, og den same læraren framleis heldt på, blei det tatt affære. 

Og no, om lag 30 år etter artikkelen om sexpress i LO, blir det derfor ganske så forstemmande å sjå korleis både enkelte akademikarar og samfunnsdebattantar reagerer på at ein professor sender kvinner - som han kunne vore far til - meldingar som «liker du rimming», «jeg drømmer om din fitte» osb. Og openbart ikkje har «eit naturleg forhold» til det motsette kjønn. Tvertimot ifølge Kjetil Rolness som «spyr» av at kvinner reagerar på det han kallar : «… menn med dårlig dømmekraft, lav impulskontroll, dårlige alkoholvaner og muligens manglende respekt for kvinner».

Avtroppande styremedlem og professor, Kristian Gundersen, ved Universitetet i Oslo, skriv mellom anne i ein debattråd på facebook: «Langeland har da ikke gjort “hva som helst”, tror ikke det er et lovbrudd for eksempel. Jeg tipper på at saken ikke hadde vært en personalsak om Langeland hadde kjørt ned noen i fylla. Men fordi det er kjønnsrelatert behandles det anderledes».

Andre samfunnsdebattantar, som til dømes Elin Ørjasæter, bagatelliserar professor Langelands meldingar til kvinner som  «verdens kleineste sjekketriks som ikke funka».  

Midt oppi dette blir det uendeleg trist, og ein smule provoserande, å lese korleis ulike universitet og høgare utdanningsintitusjonar åtvarar folk mot å seie ifrå og varsle. Fordi det kan skade universitetet. Det kan gå utover omdømmet deira, altså til universitetet.

Les også: Ber studentene være forsiktige med varsling

Rektor ved Høgskolen Kristiania, Trond Blindheim, minna i debatt med HiOA-rektor Curt Rice, på NRKs Dagsnytt 18 om at det ikkje berre handlar om kvinnene her, men at det også sit ein på andre sida her som ein også må ta omsyn til. Og det gjer det, men omsynet til sitt eige ry og arbeidsplassen sitt ry skulle kanskje han i andre enden tenkt på sjølv. Han har fått fleire sjansar til det. 

Les også: Snakk om makt og misbruk av makt i dagens akademia

For 30-40 år sidan hadde vi ikkje sosiale medium, og ingen hadde høyrd ordet «skjermdump» eller «screenshot». Vi hadde ikkje mobiltelefonar med kamera som kunne dokumentere trakasseringa. Vi hadde dei utsette sine ord mot dei som trakasserte. Og vi hadde framleis ein foreldregenerasjon med altfor stor respekt for autoritetar.

Så kva gjorde så landets største fagforbund i LO berre dei fekk tenkt seg litt om? Jo, med «jernkvinna» og forbundsleiar Liv Nilsson på toppen, bestemde dei seg den gongen for å finne ut om skuldingane stemte. Og det gjorde dei ved å tilsette ein forskar. Ja, ein akademikar - for å finne ut om omfanget av seksuell trakassering i eigen organisasjon, og etter kvart i arbeidslivet elles.

Det endte mellom anna opp med rapporten «Tillitsvalgt og (be)driftskultur» av Sissel Frøberg (1991), og etter kvart kom boka «Stopp seksuell trakassering på jobben» med Frøberg og Rønnaug Sørensen (1992).

Allereie her skriv dei om korleis seksuell trakassering kort fortalt handlar om maktubalanse mellom den som utsett nokon for uønska seksuell merksemd og den som blir utsett for det. 

Desse rapportane kom for 25 år sidan. Og forskinga om temaet har ikkje tatt pause i åra etter det. Det er kilometer av forsking på «uønsket seksuell oppmerksomhet», som det heiter på fint, eller «griseri», som professor ved Universitetet i Stavanger, Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, med rette kallar det.

Les også: Nicolaysen tar oppgjør med «griseriet» blant mannlige akademikere

Og Universitetet i Stavanger har gitt seg sjølve munnkorg. Leiinga held kjeft og handsamar heile saka som «ei personalsak». Det er nok ein personalsak også, men ikkje berre det. Det burde likevel ikkje stenge for ein debatt om kva ein skal gjere med trakassering frå statstilsette professorar. Er plikta til å teie det viktigaste? Eller er det diskusjonen om kva ein skal gjere med eit problem? Ingen trur vel at dette er eit enkelttilfelle? Det er fleire som har rapportert om seksuell trakassering i akademia i fleire år. 

I strid med tradisjonelle oppfatningar er det like mange menn som kvinner som blir utsette for seksuelt krenkande utsegner og handlingar, meiner forskar Morten Birkelund Nielsen, som også ha funnet at kvinner i mykje større grad enn menn rapporterer at stadig trakassering skaper ei sterk grad av ubehag og stress. 

Gjesteforskar ved Universitetet i Oslo, Vibeke Ottesen, skreiv i Dagbladet i helga om at evolusjonspsykologien gir svar på kvifor uønska, seksualiserte meldingar oppleves støtande av kvinner og kvifor menn ikke forstår det.  

På heimesida til Komite for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kifinfo) heiter det at norsk forsking viser at kvar sjette arbeidstakar, av begge kjønn, har blitt utsette for handlingar som kan oppleves som seksuell trakassering på arbeidsplassen sin. Og at både kvinner og menn trakasserer. Og dei legg til:  «Det er ingen grunn til å tro at akademia er et unntak.»

Det har blitt forska mykje på seksuell trakassering i arbeidslivet generelt, men ikkje like mykje på seksuell trakassering i kunnskapssektoren, sjølv om ein her skulle vere oppteken av forskingsbasert kunnskap. Når det gjeld temaet så veit ein likevel mykje og meir til. Seinast i mai i år skreiv Universitas at ein av åtte studentar hadde opplevd seksuell trakassering, anten frå medstudentar eller lærarar.

Pogge-saka er heller ikkje ny lenger, og Morgenbladet skreiv ein lang artikkel i fjor haust der der intervjua ulike kvinner som hadde blitt seksuelt trakassert ved norske universitet.

Les også: Pogge fjerna frå styre etter sex-skuldingar

I ein av dei kjende dommane i universitetsnoreg om seksuell trakassering tok det ni år frå arbeidsgivaren, Universitetet i Bergen, kom med si første åtvaring, før professoren blei avskjediga for seksuell trakassering. Første munnlege åtvaring fekk han i 1988, skriftleg tilrettevisning i 1990 og avskjed i 1997. 

Historikaren, Trine Rogg Korsvik, publiserte i januar i år ein artikkel i Tidsskrift for kjønnsforskning der ho viser til at i intervju med 48 vitskaplege tilsette ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo er det fleire som på eige initiativ rapporterer til henne om uønska seksuell merksemd.

Rogg Korsvik si undersøking handla ikkje om dette, men ho meiner at det bør bli forska vidare på tema. Ho skriv at tilsette rapporterer uønska seksuell merksemd som eit problem, og då det kom fram blei leiinga ved fakultetet «lettere bestyrtet», men erklærte at dei ville følge opp saka. 

Trakassering burde ikkje vere ei privatsak. Troll bør fram i lyset. LO-trolla for 30 år sidan sprakk i lyset. Men sidan den gongen har det kome stadig fleire. Og den siste tidas debatt har fått fleire av dei fram i lyset. 

Det finst sjølvsagt andre måtar å gjere det på. Vi er fleire som har meldt trakassering til politiet og fått den som trakasserte dømd. Men mange har opplevd at så ikkje har skjedd, og at politiet ikkje har prioritert saka.

Så kan ein spørje seg midt i sommarens debatt: Kvar er «de fremste blant likemenn» i denne saka? Kvar er landets universitetsrektorar, dekanar, direktørar og styremedlemmar som sit med ansvaret, og har det som sin fordømde plikt, å gjere noko med situasjonen.

Dei fleste er vel på ferie, men vi ser at slett ikkje alle har tatt ferie frå sosiale medium. Så kvifor seier ikkje fleire som Curt Rice at seksuell trakassering aksepterer vi ikkje? Slik skal vi ikkje ha det. Tenker dei at det berre er eit lokalt problem i Stavanger, eller er dei kan hende «lettere bestyrtet» slik leiarane på jus i Oslo er? 

Snart to veker etter at Langelands-saka blei kjent tvitra rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen i helga, om NSO-leiar Mats Beldo sitt krav om ein sterkare lærinsgmiljølov for studentar: «Lover og regler er viktige og nødvendige. Samtidig må institusjonene være tydelig på hva som ikke er akseptabel adferd». 

Rektor ved Universitetet i Stavanger, Marit Boyesen, har også ifølge Rogalands Avis uttalt seg sist fredag: 

«Universitetet i Stavanger ser svært alvorlig på mobbing og seksuell trakassering av studenter, og vi gir studentene mange muligheter til å varsle om kritikkverdige forhold. Det er likevel betimelig å stille spørsmålet om det er enkelt nok for studenter å melde fra om mobbing og seksuell trakassering», seier rektoren ifølge avisa og understrekar at studentar skal vere trygge på at henvendelser skal bli handtert «på en skikkelig måte».

Vi les i Dagbladet at statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet meiner at «styret har ansvaret for at læringsmiljøet på institusjonen, herunder det fysiske og psykiske arbeidsmiljøet, er fullt forsvarlig ut fra en samlet vurdering av hensynet til studentenes helse, sikkerhet og velferd». Med dette meiner han at studentane har like stort vern mot trakassering som dei tilsette. Så då må også styrene ved landets høgare utdanningsinstitusjonar vakne og finne ut korleis det står til . 

Ingen - verken tilsette, stipendiatar, studentar eller andre skal oppleve trakassering. Det burde vere elementært. Har landets rektorar også gitt seg sjølve munnkrog når det gjeld seksuell trakassering? Eller vel dei den enklaste måten: Å sjå ein annan veg. Prøve å teie ihel eit problem? Er dei blitt så redde for omdømmet sitt at det har blitt slik psykolog Ståle Einarsen, som ifølge Kifino, seier, at «arbeidslivet er blitt mer opptatt av å øke trivselen for de mange enn av å se problemene til de få?»

Ei plikt til å teie og til å tenke på omdømmet, bør ikkje vere hovudbodskapen til verken studentar eller tilsette i slike saker som vi snakkar om her. Seksuell trakassering er forbode.  

Les også: Nulltoleranse for trakassering i akademia

Når no fleire kvinner står fram i 2017, like modige som dei eg skreiv om for snart 30 år sidan, så fortener dei merksemd.  Og støtte. Ikkje hets. Og eg må seie meg samd i forfattar og spaltist Erling Gjelsvik i Bergensavisen som skriv i helga at nokon av landets mest drevne polemikarar prøver å snu saka på hovudet: At det er dei forulempa her som er dei eigentlege overgriparane. 

Men eg veit ikkje om det hjelper. Og eg er slett ikkje sikker på at det har blitt mindre seksuell trakassering i LO dei siste 30 åra. Men eg trur at den gamle barneskulen min er blitt ein betre plass for ungane enn den var for 45 år sidan. Så er eg er heilt sikker på at trakassering framleis er eit stort samfunnsproblem. Også i dei høgare utdanningsinstitusjonane.

Så slik må vi berre halde fram. Og ta ein til. For (dame)laget. 

Ved å melde deg på vil du jevnlig få nyhetsbrev fra Khrono på epost.

Tips oss gjerne om aktuelle saker på tips@khrono.no.

Vennlig hilsen Tove Lie,
ansvarlig redaktør, Khrono

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Har du fått med deg?