Eirik Søvik er bekymra over at UiB-rektor Dag Rune Olsen roser forskningsfinansieringa opp i sky. Foto: OsloMet

Men Dag Rune, er det ikkje like sneversynt å late som alt er perfekt?

Forsking. Det er ikkje slik at forskingsfinansieringa går til dei beste, derimot er det meir truleg at det er finansiering som skapar dei som ender opp som dei beste.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Eg vert litt bekymra når Dag Rune Olsen nok ein gong roser status quo og snakkar om kor fantastisk den er utan å ofre ein tanke til at det kanskje finnes betre måtar å organisere norsk forsking på, utover det å nemne at vi treng ein sakleg og opplyst debatt. Eg lurar jo litt på om Olsen seriøst meiner det å hevde at alt er gull og grøne skogar i dag er eit sakleg innspel i debatten?

Det er uråd å vite kva som hadde vorte av den forskinga som ikkje vert finansiert. Det er meir truleg at same kven som hadde vorte finansiert hadde det vore mogeleg å vise til minst like gode resultat.

Eirik Søvik

Det er fint å nemne at vi endeleg har hatt nobelprisvinnarar i Noreg, men det er ikkje akkurat flust av moglege kandidatar i Noreg i dag? Kvifor ikkje? Ja, vi har eit par gode miljø rundt om i landet, men same kva rangering vi ser på, eller utmerkingar vi tel på, so ligg Sverige, Danmark og Finnland langt føre oss. Er ikkje årsakene til dette noko som vi burde sjå nærare på? Skal vi berre kvile på laurbæra våre og avslutte diskusjonen der?

Er finansieringsordninga verkeleg so fantastisk? Når det gjeld basisløyvinga er det store skeivskapar mellom ulike fagmiljø og institusjonar, som ikkje har noko med den forskinga som vert gjort der. Dette gjer at enkelte forskingsprosjekt har betre kår enn andre, berre fordi miljøa som driv dei ligg på den eine eller den andre institusjon, eller fordi utdanningane dei driv har hamna i den eine eller den andre kategorien. Ofte av årsakar som ikkje har noko med dagens verkelegheit å gjere. Dette er sjølvsagt ikkje ideelt. Men kanskje vi ikkje bør bekymra oss? Om ein ikkje har god nok støtte er det jo berre å søke FRIPRO (fri prosjektstøtte).

Dessverre er heller ikkje FRIPRO utan problem. Vi veit at det omtrent er uråd for dei som evaluerer forskingssøknadar å velje dei som er kvalitativt best (det er frykteleg mange gode søknadar som ikkje vert finansiert kvar einaste år, og det er frykteleg lite som skil dei frå dei som vert finansiert), vi veit at dei evalueringsmetodene som vert nytta har ein lei tendens til å unngå å finansiere nyskapande forsking. Fleire har argumentert for at ei tilfeldig tildeling er betre enn dagens system. Likevel vel ein universitetsrektor å seie at alt er vel?

Og korleis står det eigentleg an med den tverrfaglege forskinga? Er alt so rosenrødt som det hevdast? Å peike på at det er folk med ulik bakgrunn i nevrovitskapen er å sparke inn ikkje eksisterande dører. Fysikarar har drive med biologi i godt over 100 år no! Tverrfagleg forsking som enkelt høyrar heime i ein disiplin har alltid hatt gode kår. Den tverrfaglege forskinga som slit er den som søker å krysse disiplingrenser som framleis er harde. Det er naturvitaren som ser behovet for sosialvitskaplige metodar i forsking si som ikkje har det enkelt. Det er ikkje lett å få denne typen forsking finansiert. Ein kan jo sjølv tenke seg kva FRIMEDBIO eller FRIHUMSAM hadde sagt om dei fikk ein slik søknad (eg ser ingen slike prosjekt på tildelingslistene deira). Likeins er det omtrent umogeleg for nokon som ser at den bakgrunnen dei har er viktig for å kunne bidra til ein anna disiplin å få støtte til overgangen, sjølv om det trass alt er med innsikt utanfrå vi historisk sett har fått dei største forskings gevinstane (med då utanfor Noregs grenser).

Heile innlegget til Olsen minner meg om då Forskingsrådet prøvde å argumentere for at all deira tildeling vert gjort på best mogelege måte ved å vise til resultatet av den forskinga dei finansierer. Men, dette er sjølvsagt eit ufatteleg dårleg argument. Det er uråd å vite kva som hadde vorte av den forskinga som ikkje vert finansiert. Det er meir truleg at same kven som hadde vorte finansiert hadde det vore mogeleg å vise til minst like gode resultat. Det er nemleg ikkje slik at forskingsfinansieringa går til dei beste, derimot er det meir truleg at det er finansiering som skapar dei som ender opp som dei beste.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS