Utdanning
Byråkratane får sitt eige akademi. Samarbeid med NHH og UiB om masterprogram
Departementsakademiet skal bli felles arena for utdanning og styrking av kompetanse.
Med sine 4500 medarbeidarar er den interne «marknaden» for vidareutdanning i dei 15 departementa betydeleg. Målet er at Departementsakademiet, som no er på trappene, skal ta hand om dette.
Tanken er at byråkratane skal vidareutdanne kvarandre, og nokre gonger hente inn eksterne.
— Akademiet skal vere ein paraply, der vi samlar lærekreftene. Dei finst allereie i stor grad i departementssystemet. Her jobbar for eksempel mange av landets beste juristar, økonomar og kommunefolk. Når ein begynner å jobbe i eit departement, skal ein vite at ein kan få godt fagleg påfyll vidare i yrkeskarrieren. Nokre tilbode vil vere på ein time eller ein dag, andre over lenger tid, nokon spisse, andre breie, seier Peter Skarheim, departementsråd i Kommunaldepartementet.
Master til 40
Eitt av topptilboda blir eit masterprogram i offentleg forvaltning. Her skal Departementsakademiet samarbeide med Noregs handelshøgskole (NHH) og Universitetet i Bergen.
Masteren skal etter planen starte opp neste haust, blir organisert i modular, og har plass til 40 kandidatar.
Ideen om eit felles utdanningstilbodet for og med byråkratane i departementa er ikkje ny. Med sine ulike fag- og politikkområde har ikkje departementa alltid klart å kome ut av siloane og utnytte ressursane effektivt på tvers. I regjeringas overordna strategi for departementsfellesskapet (2021—25) er kompetanseutvikling i departementsfellesskapet eitt av tyngdepunkta.
— Noko av ideen bak akademiet er å skape nettverk og gjere at folk blir mykje meir kjende med kvarandre på tvers av departementsgrensene. Vi ønskjer ein større grad av mobilitet mellom departementa, seier Skarheim.
Nokre av departementa har alt utvikla eigne ressursar for kompetanseutvikling.
— Utanriksdepartementet har sitt eige utdanningssenter. Mange av dei tilboda dei har kan gjerast tilgjengelege for resten av regjeringskvartalet.
Departementsakademiet er fortsatt i startfasen, og tanken er at tilboda skal utviklast gradvis i tida framover.
Kunnskap skal styre
Petter Skarheim er sjølv ein erfaren toppbyråkrat, mellom anna med fartstid som departementsråd i Kunnskapsdepartementet, før han kom til Kommunaldepartementet. Han har lenge engasjert seg for å styrke kunnskapen i departementa.
— Eg er personleg svært opptatt av dette. Eg jobba i mange år med kompetanseutvikling, og etter- og vidareutdanning. Generelt har eg forventninga til at arbeidslivet generelt skal satse på kompetanseutvikling. Departementa bør ha ambisjonar om å ligge i front. Det blir då også skrive stortingsmeldingar om at vi skal ha eit kunnskapsdrive arbeidsliv, seier han.
Ifølgje Skarheim kan det etter kvart bli aktuelt å opne kurs og tilbod for andre i statsforvaltninga, utanom departementa.
— Det er ikkje sikkert dette alltid er relevant, og så kjem det an på plassen. Men prinsipielt er det ingen grunn til at andre ikkje kan bli med, og då særleg direktorat og andre etatar som jobbar med mykje av det same som departementa.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut