seksuell trakassering

Asheim ønskjer ikkje felles metoo-nemnd

I 2019 var det semje om at ein skulle vurdera ei eiga nemnd som skulle kunne handsama saker som seksuell trakassering. — Ikkje departementet si oppgåve, seier sitjande forsking- og høgare utdanningsminister.

Dersom institusjonane ønskjer ei felles varslingsnemnd, må dei sjølve ta initiativ til det, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det small i 2017, først med Harvey Weinstein-saka i USA: Den kjende filmregissøren skal ha misbrukt kvinner seksuelt i årevis. I fjor vart han dømd til 23 år i fengsel.

Fakta

Seksuell trakassering

  • Seksuell trakassering er forbudt etter likestillingsloven § 8a.
  • Seksuell trakassering er uønsket seksuell oppmerksomhet som er plagsom for den som rammes.
  • Eksempler på seksuell trakassering:
    Fysisk: berøring, overgrep, voldtektsforsøk
    Verbalt: nærgående kommentarer om kropp, klær og privatliv, spøk med seksuelle undertoner
    Ikke verbal: plystring og kroppsbevegelser med seksuelle undertoner, nærgående blikk, blotting, visning av bilder eller gjenstander med seksuelle undertoner
  • Oppmerksomheten må være uønsket og plagsom.

Kilde: LDO, presentasjon på seminaret

Etter at Weinstein-saka vart kjend, kom emneknaggane for sosiale media, der mange delte sine historier om seksuell trakassering, og deretter oppropa - òg for akademia.

Men kva skjedde så?

Dei siste åra har det vore stille kring metoo-rørsla i akademia i Noreg. Men i Danmark har ein no eit stort opprop, og i Noreg har «nabobransjen» bokbransjen, nyleg offentleggjort funna frå ei undersøking, organisert av Den norske forleggerforening. Undersøkinga viser at 300 menneske seier at dei har har vorte utsette for seksuell trakassering i løpet av dei to siste åra. Dette skriv NRK.

Nybø støtta idé om nemnd

I den store undersøkinga, som etter ein heil del fram og attende vart gjennomført i akademia 2019, kom det fram at 18 tilsette i akademia hadde vorte utsett for eit seksuelt overgrep det siste året. 35 andre sa at dei var usikre på korleis dei skulle definera det dei hadde vore utsett for. Over 17 000 personar svara på undersøkinga.

— Dette er alvorlege tal. Slik kan me ikkje ha det i sektoren. Dette er handlingar som er i strid mot både normal folkeskikk og norsk lov. Mobbing og trakassering er forbode. Å tvinga seg til seksuell omgang med nokon er forbode og heilt uakseptabelt, sa dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø då resultata frå undersøkinga vart lagde fram.

Khrono-redaktør Tove Lie skreiv i ein kommentar at ei felles, nasjonal varslingsnemnd for slike saker er noko ein bør få på plass. Dette var ein idé også statsråden støtta.

— Eg har ikkje grunnlag for å ta stilling til ei felles nemnd er ein god idé, men vil sjølvsagt diskutera det og eventuelt andre tiltak med sektoren, sa Nybø til Khrono.

...men Asheim vil ikkje ha nemnd

Men snart halvtanna år etterpå har rett og slett ingenting skjedd. Noverande forskings- og høgare utdanningsminister, Henrik Asheim, seier til Khrono at han ønskjer ikkje ei slik nemnd.

— Sidan Kunnskapsdepartementet ikkje er dei som handterer varslingssaker, meiner eg det ikkje er rett at det er me som skal oppretta ei felles nemnd for dette, skriv Asheim i ein epost til Khrono.

— Dersom institusjonane ønskjer eit fellesskap kring dette, er det naturleg at dei sjølve vurderer å oppretta ei slik nemnd seg imellom.

Som Khrono skriv i dag, har NTNU allereie laga si eiga eksterne varslingsnemnd. Ho har vore i drift sidan hausten 2019.

Asheim viser til at alle studentar, både ved fagskular, universitet og høgskular, skal ha tilgang til studentombod, og at dette ombodet også skal gi råd og rettleiing i saker som gjeld seksuell trakassering. For tilsette har ein den nasjonale Diskrimineringsnemnda, som har fått i oppgåve å handsama klager om seksuell trakassering.

Statsråden har tidlegare sagt til Kifinfo at seksuell trakassering handlar om haldningar og kultur.

— Utdanningssektoren er ein stad der det i mange situasjonar er store skeivheiter i maktforholdet mellom studentar, stipendiatar, rettleiarar og førelesarar. Eg forventar at institusjonane jobbar systematisk med å førebygga, avdekka og handtera saker som handlar om seksuell trakassering, skriv Asheim til Khrono.

Hadde rekna med debatt

I tillegg til at debatten om nemnda forsvann, tok heller ikkje oppropet mot seksuell trakassering av. Oppropet i Noreg fekk berre vel 600 underskrifter - i Sverige var talet 9000. Dette skriv Morgenbladet.

Dei 661 kom med krav om mellom anna at institusjonane skulle kartlegga og kvalitetssikra rutinane for identifisering og handtering av uønska seksuell åtferd og trakassering, og syta for at rutinane for å identifisera og handtera trakassering er kjende for leiarar, tilsette og studentar.

— Det vart ingen stor debatt. Me hadde nok forventa at dette ville verta ei stor sak. Men akademia er så stort, med eit uttal fagtradisjonar. Og ein ser nok heller på seg sjølv som fagperson enn som kvinne, seier Marit Hovdal Moan.

Ho starta oppropet då ho var tilsett ved NTNU, saman med Sophia Efstathiou.

— Det er vanskeleg å snakka om metoo i akademia. Akademia er så stort og famnar så mykje, seier Anja Sletteland.

Ho er førsteamanuensis ved Institutt for grunnskole- og faglærerutdanning ved OsloMet, og i 2018 ga ho ut boka «Det jeg skulle sagt. Håndbok mot seksuell trakassering» saman med sosiolog Hanna Helseth.

Sletteland peikar på det ho kallar fagleg trakassering i akademia, som kan vera temmeleg usynleg, men koma fram i samband med både rettleiing, fagfellevurdering og til dømes deltaking på konferansar.

— Fagleg utryggheit, kombinert med svakt stillingsvern, kan gjera at noko vert meir utsette for seksuell trakassering, seier Sletteland.

Konkrete spørsmål

Men den debatten som fanst, allereie frå slutten av 2017, gjorde at Frank Reichert meinte at ei kartlegging var på sin plass. Reichert var då rektor ved Universitetet i Agder (UiA) og leia Universitets- og høgskulerådet si arbeidsgruppe mot mobbing og trakassering i UH-sektoren.

— Undersøkinga viste at problemet med seksuell trakassering og overgrep finst, sjølv om det ikkje var så mange som stod fram med sine historier, seier Reichert.

Før undersøkinga vart gjennomført, sa Reichert at han trur det finst mørketal, og at fleire er utsette for seksuell trakassering enn talet på saker som er rapportert inn fortel. Det same har fleire av dei andre leiarane i sektoren, og også studentleiarar, sagt. Men kva er årsaka til det?

Anja Sletteland trur det kan skuldast sjølve varslingsrutinane og spørsmålsformuleringa i spørreundersøkelser.

— Slik rutinane er no, legg ein alt ansvaret på den som er utsett. Dersom det er vanskeleg å seia ifrå til nokon om kva ein har opplevd, er det vanskeleg å gå vidare oppover i systemet.

Sletteland viser òg til forsking på undersøkingar om trakassering, som syner at ein får fleire «ja-svar» dersom ein stiller konkrete spørsmål.

Det er røynsla frå bokbransjen òg. Ingvild Herzog, som leier Norsk Forfattarsentrum, seier at langt fleire svara då dei fekk konkrete spørsmål om ein hadde vore utsett for spesielle hendingar.

— Fire prosent seier at dei har vore utsett for seksuell trakassering i løpet av dei siste to åra. Men då me spurte konkret om åtferd, mellom anna om dei har fått verbale kommentarar knytt til kropp eller livsstil eller om dei har vorte tekne på, gjennom klapp, klyp eller uønska omfamningar, er det langt fleire som svarar at dette er noko dei har opplevd, seier Herzog.

Heile tjue prosent av dei som har svara har opplevd uønska åtferd, og talet er tretti prosent dersom ein går lenger attende i tid enn to år.

Dåverande UiA-rektor Frank Reichert i samtale med dåverande forskings- og høgre utdanningsminister Iselin Nybø. Begge har uttalt seg tydeleg i saka om seksuell trakassering i akademia.

Stod ikkje ope fram

I Sverige hadde fekk ein ein ganske tøff metoo-debatt, som til dømes saka med den svenske journalisten Fredrik Virtanen, som offentleg vart skulda for valdtekt. Han vann saka om ærekrenking, som var oppe i retten. Den andre store saka handla om Svenska akademien, som mellom anna deler ut Nobelprisen i litteratur.

Det er lettare å få nokon til å snakka om korleis det er å kombinera små barn og karriere, seier professor Cathrine Holst.

Men i Noreg fekk ein ingen store saker, der nokon ope stod fram og fortalde kva dei hadde opplevd. Dei sakene som fekk mykje omtale, var i stor grad knytte til politiske parti og deira indre liv, til dømes Giske-saka i Arbeiderpartiet og saka med Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Riise.

— Tonning Riise-saka er den einaste der det har vorte litt offentleg oppvask. Elles trur eg det har vore i slik i Noreg at ein har hatt nokre personar ein har visst om at har hatt ein ugrei oppførsel, og så har kvinner åtvara kvarandre. Men det har ikkje vore noko sanksjonering, seier Herzog.

— Dynamikken har vore at noko har stått fram med si historie, og så har andre hengt seg på. Det har me ikkje sett i Noreg, seier Cathrine Holst.

Ho er professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo.

Holst peikar på at sjølv om saka i Svenska Akademien ikkje direkte handlar om akademia, var det mange akademikarar som òg vart involvert - fordi dette hende på deira vakt.

— Det er òg ein skilnad i feminismedebatten mellom Noreg og Sverige. I Sverige er feminismen meir radikal og konfliktorientert. Og i Noreg er ein nok flinkare til å debattera kvotering og arbeidsliv, seier Holst, og legg til:

— Det er nok lettare å få nokon til å fortelja om korleis det er å kombinera små barn og karriere enn det er å få nokon til å fortelja om seksuell trakassering.

Powered by Labrador CMS